Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004
Media
Fattige kommunar sel seg til reklamen
Meir reklame i gatene er prisen 21 norske kommunar betalar for å sleppe vedlikehaldsutgifter. Oslo er overbelasta med reklame, seier Peter Buten-schøn, som sjølv var med på å innføre ordninga.
Tekst: Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
I haust har dei vore dekte av nakne Ikea- og La Mote-rumper, reklamemontra frå Clear Channel og JCDecaux. 21 kommunar har inngått avtalar på oppimot 20 år med dei to selskapa. Prisen betaler alle som brukar gatene i form av stadig fleire reklameplakatar, medan kommunane slepp unna oppgåver dei knapt nok har prøvd å vedlikehalde, slik som offentlege toalett og busskur. Den vanskelege økonomien har tvinga mange kommunar til å tenkje kreativt på inntektssida.
Dei siste sju åra har vore veldig magre. Då må kommunane sjå seg om etter uvanlege løysingar for å oppretthalde tilbodet, seier informasjonssjefen i Kommunenes Sentralforbund, Jørn Ivar Baade, når Dag og Tid spør kvifor kommunane inngår slike kontraktar.
Reklamen er like lite uventa som at ein del tilbod blir kutta i mange kommunar, og at SFO-prisane aukar. Dette måtte kome, det har KS sagt i tre-fire år, seier Baade.
Når vi spør om Kommunaldepartementet har nokon synspunkt på at 21 kommunar sikrar seg busskur i byte mot meir reklame, får vi dette til svar:
Det er ikkje noko tvil om at statsråden vår synest at konkurranseutsetjing og konkurranse er bra. Men den konkrete saka veit eg ikkje om vi kjenner til, seier Erling Hansen, informasjonssjef i Kommunaldepartementet.
Han kan også love at departementet ikkje har planar om å gripe inn mot praksisen.
Oslo seint ute
I norsk samanheng er reklamefinansierte gatemøblar som bysyklar, busskur og benker eit nytt fenomen, men lenger sør i Europa har det blitt norma. Ifølgje Peter Butenschøn, rektor på Kunsthøgskolen i Oslo, tidlegare leiar av Norsk Form, har meir enn 1000 europeiske byar denne ordninga.
Oslo er omtrent den siste byen i Europa som har fått det. Ein må ikkje late som om dette er noko nytt, dette er det ordinære. Det er slik byar blir drivne. København, Gøteborg, Helsinki, Stockholm, Århus, Ålborg og Malmø har hatt dette i årevis, og alle dei andre storbyane. Det som er spesielt, er at det har teke så forferdeleg lang tid å få det til i Oslo, seier Buten-schøn.
På slutten av 90-talet var han og Norsk Form blant initiativtakarane til å få ordninga til Noreg. Årsaka var Oslo kommunes manglande evne til å ta vare på byrommet. Men Butenschøn er nedslått over resultatet.
Her har ein gjort ein kardinalfeil, slik eg ser det, seier han.
Det normale er at ein gjer tre ting. Det første er at ein lagar ein plan for kor reklamen skal utplasserast. Det andre er at ein avgrensar annan reklame slik at summen blir mindre. Det skulle ha vore mindre reklame i Oslo no, ikkje meir, som ei følgje av dette. Det tredje er at ein ikkje lagar meir enn éin avtale. Ein kan ikkje både lage avtale på leskur og bysyklar og nedstigingstårn samtidig, då blir det for mykje. Dei færraste byar toler ei slik overbelastning som Oslo no blir utsett for, hevdar Butenschøn, som meiner at ingen av dei tre punkta er følgde opp i Oslo.
Grådig bystyre
Oslo kommune har inngått kontrakt med Clear Channel om drift av 1200 bysyklar. For det får selskapet setje opp 60 frittståande reklamemontrar i byen. JCDecaux skal levere 300 busskur og ni toalett. Det siste er at nedstigingstårna til Hafslund Energi skal bli erstatta av 70 reklametårn på fire meter, drifta av JCDeaux.
Dei gigantiske reklametårna får Butenschøn til å rase.
Det er heilt umogleg at dei kan bli godtekne. Eg har aldri høyrt om ein by som har tredobla programmet sitt på ein gong. Her viser byrådet ei grådigheit som er heilt utidig i høve til det som er vanleg i slike reklamefinansieringsopplegg, seier Butenschøn.
Angrar
I desse dagar er Bergen og Drammen kommune i ferd med å bestemme seg for om dei skal signere kontrakt eller ikkje med reklameselskapa. Ivar Johansen, bystyremedlem i Oslo for SV, har eit klart råd å gje politikarane i Bergen og Drammen:
Ein må alvorleg vurdere om ein skal seie ja i det heile tatt. Dersom ein skal seie ja, må ein setje grenser på volumet på reklamen, og på kor reklamen skal stå, seier Johansen.
I dag angrar han på at han var med på å godkjenne avtalen med JCDecaux og Clear Channel.
Fordi vi behandla ei og ei sak, og fordi det var litt uklart kor stort volumet dette ville få, såg eg det ikkje så tydeleg den gongen. Vi var nok for merksame på dei gode føremåla: bysyklar og leskur, og ikkje på summen av avtalane. Vi fekk gode leskur ut av det, sjølv om det er reklame på dei. Men bysyklane, toaletta og all reklamen det førte til, og særleg desse nedstigingstårna, har vore av ein heilt annan karakter, seier Johansen. No jobbar han med å hindre at 70 nedstigingstårn blir gjord om til reklametårn.
Målet til JCDecaux
JCDecaux starta norsk avdeling i 1998. Ambisjonen den gongen var å få bykommunar i Noreg med meir enn 30.000 innbyggjarar til å innføre reklamekonseptet. Den ambisjonen er no nådd. Med unnatak av Lillehammer (som sa nei) og Ålesund (som først sa nei, ombestemte seg, men likevel ikkje fekk tilbodet) er alle dei store bykommunane med. Administrerande direktør Øyvind Markussen forklarar konseptet til JCDecaux som at «vi tilbyr oss å gjere overta kommunale oppgåvar eller gjere oppgåver kommunen ideelt sett burde ha gjort, men ikkje har sett seg råd til å gjere. Prisen dei betaler, er at dei gir oss høve til å drive reklameverksemd på produkta vi set ut».
Så langt har ikkje selskapet tent ei krone i Noreg etter seks års drift, men Markussen reknar med å tene pengar frå neste år.
Ingen andre norske bykommunar har vore i nærleiken av dei problema ein har hatt i Oslo, ifølgje Markussen.
Folk snakkar om at no er det nok reklame i Oslo. Men når ein byrjar å sjå på kva som utløyser dette, så er det ikkje dei reklamefinansierte busskura. Det byrja å gå gale då ein sette opp reine reklameinstallasjonar på fortaua som skulle finansiere bysykkelen (eigd av Clear Channel, red. merkn.), seier Markussen.
Han peikar på at kommunen ikkje har sett seg i førarsetet for prosjektet, noko som har resultert i fleire klønete plasseringar.
Kommunen har late det vere opp til operatørane å planleggje utplassering, så skal planetaten godkjenne eller ikkje, seier Markussen, som fortel at JCDecaux jobbar med å utvide busskur-avtalen for heile Oslo, ikkje berre aust i byen.
Og for å setje ting i perspektiv: Så langt er det sett ut 130 reklamebusskur i Oslo. I stor-Stockholm er det minst 1200.
Reklame i byte mot leskur
20 reklamemontrar i bysentrum var prisen Moss kommune betalte for leskur, bossbøtter, benker og eit offentleg toalett. Den skrinne kommunekassa har fått kommersiell hjelp frå JCDecaux.
Tekst: Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
«Toalettskålen blir automatisk rengjort, desinfisert og lufttørret etter bruk. Gulvet blir automatisk vasket etter hvert besøk.»
Ein skal ikkje vere redd for å etterlate seg spor i det reklame-sponsa toalettet i Moss.
For fem kroner kan ein oppleve eit dobesøk i noko som liknar ei tidsmaskin. Den metalliske døra svisjar igjen bak meg når eg trykkjer på den grøne knappen. Men brukar ein lengre tid enn 20 minutt, glir døra opp, åtvarar skiltet på veggen. Og ein må ikkje finne på å drikke vatnet frå springen, som ikkje er drikkevatn.
Eg skundar meg ut før eg blir automatisk lufttørka og spylt.
Reklame i 15 år
Til liks med 20 andre kommunar har Moss kommune inngått ein langvarig avtale om såkalla reklamefinansierte utemøblar med det franske reklameselskapet JCDecaux. Mot 20 reklamemontrar plasserte rundt omkring i byen, får Moss eit offentleg toalett, 20 leskur, 20 benker, 20 søppelbøtter, og ei reklamesøyle. Reklame er prisen å betale for å ha eit leskur å gøyme seg under når hauststormane rullar forbi. Kommunestyret i Moss skreiv under for 15 år då dei signerte kontrakten med JCDecaux i 2002. Moss er ein av dei minste byane som har fått kontrakt med selskapet, som har ei nedre grense på rundt 30.000 innbyggjarar for kommunane dei inngår kontrakt med.
No kan vi bruke meir pengar på snøbrøyting, sommarblomster og asfaltlapping, seier overingeniør i Moss kommune, Per Halvorsen.
Han var med på å utarbeide avtalen med det franske selskapet i 2002, og seier at pengane kommunen sparer på å late vere å drifte og vedlikehalde det offentlege toalettet, benker og leskur, kjem godt med.
På ROBEK-lista
Til liks med så mange andre norske kommunar, slit Moss med ein stram økonomi. I 2003 blei kommunen registrert på Kommunaldepartementets ROBEK-liste «Registeret om betinget godkjenning og kontroll» med andre ord kommunar med økonomiske problem som styresmaktene kontrollerer ekstra nøye.
Men Halvorsen innrømmer at det ikkje var kommunen sin idé å skaffe seg reklamefinansierte gatemøblar.
Nei, det datt ikkje inn av seg sjølv. Vi blei kontakta av tre ulike selskap, og då byrja vi å tenkje i den retninga, seier Halvorsen, som er godt nøgd med ordninga.
Leskura ser fine ut og benkene blir reparerte. Vi hadde visse innkøyringsproblem med toalettet, men det har betra seg no.
Halvorsen fortel at kommunen fekk ein del negative reaksjonar på reklamen i byrjinga, og ein reklamemonter blei flytta på.
Men no er det nesten ingen som legg merke til det lenger, hevdar Halvorsen.
Ikkje tenkt over det
Eg tek han på ordet og ruslar ein tur gjennom gågata i Moss.
Knut Engebretsen (26) lèt seg ikkje forstyrre av reklamen.
Det er så mykje reklame, så litt reklame i gågata er berre eit tillegg til resten av støyen.
Eg har ikkje tenkt så mykje over det, seier Engebretsen.
Lenger borti gata treffer eg Cecilie Solbakken, innehavar av Laban og Labolina-butikken, som ikkje har fått med seg nokon diskusjon om reklamefinansierte gatemøblar.
Dersom offentlege toalett og leskur blir haldne betre i orden av kommersielle selskap enn det kommunen klarer, så gjer det ikkje noko. Det er så mykje hærverk og tull, kommunen rekk ikkje over det, seier Solbakken.
Utanfor det reklamefinansierte toalettet treffer eg studenten Anne Lise Kristiansen (26), som ikkje hadde aning om at toalettet er reklamefinansiert.
Reklamefinansierte leskur og toalett er greitt, fleire kommu-nar burde nytte seg av det. Men reklame i skulebøker, det er noko heilt anna, seier Kristiansen.
|