Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004


Leiar
Fikenblad til forskinga

Universitetet i Bergen har fått i oppdrag frå regjeringa å dela ut Holbergprisen for framståande forsking innanfor humaniora og samfunnsfag. Prisen vart i går delt ut til den franske lingvisten Julia Kristeva. Om ho fortener prisen eller ikkje, skal eg ikkje ta stilling til.

Men kva er vitsen med prisen? Har Noreg noko å skryta av når det gjeld forsking? Er prisen eit resultat av ei medviten satsing over mange år? Nei. Vi startar i den andre enden. Vi kjøper oss merksemd før vi har noko å visa til. Som kva som helst anna oljeland brukar vi det einaste vi har – pengar. Ein stor pengepremie, 4,5 millionar, i kombinasjon med ein kjend prisvinnar skal gje presseoppslag. Kva trur du ein Holberg-pris på 30.000 kr til ein ukjend tsjekkisk religionsforskar ville ha gjeve av oppslag?

Men høge pengepremiar hjelper likevel lite. – Eg trur det vert stor merksemd i Frankrike rundt tildelinga av Holbergprisen til Julia Kristeva, seier den norske ambassadøren i Frankrike. Vel, vel. Eg trur eg skal ta sjansen på å betale fleire kroner per spaltemillimeter som franske aviser måtte skriva om saka ut over notisformatet.

Prisen har ingen verdi fordi landet som står bak, er utan tillit i slike spørsmål. Noreg har ikkje ry på seg for å vera eit forskingsland. Universitetet i Bergen, som står som vert for prisen, er eit døme på det. Universitetet er ikkje mellom dei 200 beste universiteta i verda, etter rangeringa til The Times. Og korleis skulle universitetet ha makta det utan ei aktiv satsing frå Stortinget si side?

Det er så mange prisar der ute at ein ny pris har minimal interesse. Det einaste vi oppnår, er at Kristeva får meir pengar på kontoen. Ho er mangemillionær frå før og merkar vel knapt at det rører seg på kontoen. Men eitt står att: Ludvig Holberg får meir merksemd enn han elles ville fått. Og det er bra, for det er knapt nokon som veit kven han er utanfor Noreg og Danmark. Heller ikkje Kristeva – då ho vart informert om kva pris ho hadde fått.
Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |