Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004


Kommentar
Gjer di plikt, krev din rett

Tittelen er henta frå den innstillinga som Arbeidarpartiet si innvandrings- og integreringspolitiske arbeidsgruppe leverte i august. I tråd med mykje nyare innvandringspolitisk tenking både her og der er det lagt større fokus på pliktene enn rettane til innvandrarane, såleis også når det gjeld språk. «Alle skal lære norsk», heiter fjerde kapitlet i innstillinga, strengt.
Her slår ein fast at «det er avgjørende for en vellykket integrering at alle kan snakke norsk. Språkbeherskelse er nøkkelen til inkludering og deltakelse.» Norskopplæring skal vere obligatorisk, og gjennomførast straks etter at ein har kome til Noreg. Det skal vere rett og plikt til slik opplæring, og jamvel samfunnskunnskap også for familiegjenforeinte innvandrarar som elles hadde sloppe unna det obligatoriske introduksjonsprogrammet.

«Språkopplæringen bærer ofte preg av manglende kontinuitet, lav gjennomføringsgrad og noen deltar ikke i språkopplæring overhodet.» For å rette på dette gjer ein framlegg om å innføre «sanksjonsmuligheter». Her tenkjer ein på å gjere permanent opphalds-løyve og statsborgarskap avhengige av mellom anna språkleg dugleik. Dei som «uten gyldig grunn ikke møter opp til den obligatoriske språkundervisningen, må betale et gebyr for manglende oppmøte. Det må ha direkte konsekvenser for den enkelte» å utebli. Dette grunngir ein med at det norske samfunnet bruker store ressursar på språkopplæringa. Dermed vil ein at herbuande ektefelle på førehand må stå som kausjonist for kursgebyret, i tilfelle utlendingen altså ikkje møter opp.

Så langt pliktene, og det var jo for så vidt langt. Rettane vert det sagt mindre om, men vi kan lese at opplæringstilbodet skal vere tilpassa den enkelte, vere intensivt, og ta sikte på å oppnå eit målbart nivå. Også dei som har budd lang tid i landet, og ikkje fått somla seg til å lære språket, må få eit tilbod, men her talar ein ikkje om tvang og sanksjonar. Kva skulle ein da ha gjort, kan ein undrast på, internert folk? Men ein kan jamen slutte seg hugheilt til konklusjonen om at «langt opphold i landet innebærer ikke automatisk at en har god språkbeherskelse og samfunnsforståelse». Så sant, så sant. Eg synest elles å observere at dette også i høgaste grad gjeld den bleike lokalbefolkninga, men den vert det ikkje sagt noko skilleg om her.

Dette at det no er blitt legitimt inntil det moteriktige å snakke om stadig meir oppfinnsame måtar å utøve tvang overfor innvandrarar på, ligg som sagt i tida. Dette med språk er no berre eitt eksempel. At alle som bur i Noreg, burde ha fullgod kjennskap til norsk mål i tale og skrift, er jo sjølvsagt, og det er like sjølvsagt at samfunnet må diskutere korleis ein skal få dette til. Det interessante her er den måten språk og tvang blir kopla saman på i dette tilfellet.
Det har elles kome særleg mange kreative framlegg om språktvang i det siste på anna hald, m.a. frå kulturministeren i Baden-Württemberg, Annette Schavan, som har kravd at tyske imamar burde tvingast til å halde preikene sine på tysk, slik at etterretninga, dei såkalla V[erfassungs-schutz]-Leute, betre kan halde styr på kva dei seier. Framlegget sjølvdøydde da ein tok til å spørje om det også skulle bli forbod mot latinspråklege messer og hebraisktalande rabbinarar.  

Ja, ting tek seg stundom annleis ut når ein snur og vender på dei. Såleis Ap sine førebelse tankar om språket sin plass i integreringa.

Kva om ein til dømes brukte nøyaktig dei same formuleringane som Ap si arbeidsgruppe bruker, og nytta dei på alle som bur i dette langstrekte landet, og gjorde dei gjeldande for kjennskap til dei to norske skriftmåla?

Er det til dømes ikkje rimeleg at alle skal lære å skrive både nynorsk og bokmål? Er det ikkje nettopp avgjerande for ei vellykka integrering i den norske kulturtotaliteten at alle kan båe målformer? Er ikkje herredøme over båe målformer eit vilkår for inkludering og deltaking? Bør ikkje opplæring i båe målformer vere obligatorisk, og bli gjennomført straks etter landing i skulesystemet? Det er i årevis blitt klaga over manglande kontinuitet, låg gjennomføringsgrad og jamvel fråfall frå sidemålsopplæringa. Bør ikkje ungdomen, og eventuelt deira føresette, minnast om at samfunnet bruker store ressursar på dette pedagogiske tilbodet, og at det dermed er deira forbanna plikt å møte opp på det? Har nokon ymta om å innføre sanksjonar for brot på denne plikta, så som utestenging frå skulen, eller bøter? Iallfall gebyr for manglande oppmøte? Bør det ikkje få direkte konsekvensar for den enkelte at han eller ho ikkje møter opp? Kva med kommunar, som til dømes Oslo, som med fullt overlegg inviterer elevar ved halvparten av skulane i kommunen til å utebli frå slik opplæring? Bør ikkje politikarane straffast?  

Nei, og vi veit da også at langt opphald i landet slett ikkje alltid inneber god skriftspråkleg dugleik, og iallfall ikkje skikkeleg samfunnsforståing. Iallfall ikkje dét. Bør ikkje slike som har hamna i ei slik vanstode, få eit fullgodt tilbod til å lære seg dei to skriftlege variantane av språket i dette toskriftspråklege landet?

Nei du, det er pussig, dette. Ein argumenterer slett ikkje slik i sidemåls- og nynorsksamanheng overfor lokalbefolkninga. Korfor? Fordi det noverande marknadstotalitære regimet har altfor lenge fått lov å pakke ordskiftet omkring språket inn i valfridomens ulne retorikk. Der skal ein kunne velje fritt, slik vi vel fritt mellom Blenda og Omo. Og når mange har valt lenge nok, skal vi kunne velje bort, og få fritak, på same måten som vi blir fritekne frå andre sure plikter. Fordi det etniske fleirtalet ikkje skal utsetjast for plikter. Som Zygmunt Bauman har påpeika, skal dei fastbuande under postmoderniteten tilgodesjåast med stadig fleire rettar, mens nomadane får ta til takke med å rette seg etter stadig fleire plikter. Ordskiftet om språket i Noreg er faktisk blitt til eit paradeeksempel på dette fenomenet.

Underleg nok er denne nye og svært urovekkjande fasen i norsk språkdebatt i påfallande liten grad blitt tematisert. Er integreringa på sikt tent med at denne debatten blir rasialisert, at det oppstår to så vesensulike diskursar? Innvandrarane skal gjere si plikt, mens dei etniske nordmennene skal krevje sin rett.
Og da hjelper det lite å kome og innvende at dei som i alle år har fått «fritak» frå sidemålet, er nettopp dei framandspråklege elevane. Dette er rett, og det har vore ein alvorleg feil. Alle språk byr på spesielle problem. Engelsk har ein uryddig stavemåte, tysk har kasus, slaviske språk har verbalaspekt, norsk har to skriftvariantar. Ferdig med dét. Kan du berre den eine, så kan du ikkje norsk. Dette har ein tilslørt for framandspråklege elevar ved å gi dei «fritak» frå nynorsk. Og dét har mange av dei gjennomskoda. Det er derfor Holmlia-elevane gjekk hardt ut mot Oslo-forsøket med bortfall av obligatorisk sidemål. Det er også derfor det er dei skulane i forsøket med flest framandspråklege elevar som også er dei skulane der flest elevar har valt å halde på sidemålet.
Stephen Walton

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |