Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004


Klok på bok
Med strisekk over hovudet

Ari Behn?
Fleire hadde tippa på den moterette prinsessegemalen, men nei og nei! Det var ikkje Ari Behn og heller ikkje Axel Jensen som landa uskadd, men på rett flyplass – i Agadir – i Klok på bok nummer 688. Det var ein svenske!

«Eg sender eit svar frå tropane om ørkenen langt der vest i Afrika. Dette er vår svenske ven Svend Lindqvist og hans ‘Öken-dykarna’ frå 1990. Den norske utgåva ‘Ørkendykkerne’ kom i år. Det er vanskeleg å seia kvifor det tok fjorten år å omsetja boka, men så er det heldigvis ikkje så vanskeleg å lesa svensk. Mannen som i tekstutdraget landar i Agadir, dreg på biltur gjennom Sahara i ein gamal Renault på jakt etter spor av dei store ørkenforfattarane, som den franske flygaren Antoine Saint-Exupéry. Sven Lindqvist er langt frå den einaste nordiske forfattaren som har interessert seg for landskapet i Marokko. I norsk samanheng er det nok å nemna Henrik Ibsen med ‘Peer Gynt’, Axel Jensen med ‘Ikaros’ og Ari Behn. Helten i siste bok frå sistnemnde, ‘Bakgård’, er også i Marokko for å leita etter litterære spor. Men elles er det vel framleis Paul Bowles som vert rekna for den største ørkenforfattaren.

Svend Lindqvist har skrive reisebøker frå fleire kontinent, òg frå verdsdelen der eg bur no. ‘Ökendykarna’ er andre bok i hans Sahara-serie som òg inkluderer ‘Bänkpress’ og ‘Utrota varenda jävel’»
, skriv Tom Knappskog – og legg ved solfylte helsingar frå det varme Colombo på Sri Lanka.

Betre og meir konsist kan det neppe seiast!
Rett svar kom det både frå Tor Eirik Bleie, Olav Molven og Ann-Mari Hagen.
Prisen går denne veka til Røneidsvegen i Gaupne, for der bur ho Ellen Borch Veum.
Eg legg til at Lindqvists bok vert omtalt som ein refleksjon over den klassiske ørkenlitteraturen frå slike som Antoine de Saint-Exupéry, Isabelle Eberhardt, Pierre Loti, Eugéne Fromentin, Michel Vieuchange, André Gide, men også frå den mindre vidgjetne svensken Thorsten Orre som gav ut Skisser från öknen.

Det er om hausten – i slaktetida – at eg kjenner dragninga mot ørkenen sterkast her i smalebingen. Aller sterkast er ørkensuget den dagen når me får klipt ulla av kroppen. Den dagen er ein skrekkeleg kald dag, og då tenkjer me alltid intenst på den heite ørkenen.

Som alle veit, tyder Sahara «tomheit» eller «ingenting», og det seier alt om den kalde kjensla som kryp inn i kvar nyklipt sau om hausten.

Klok på bok 690
«Pottitferien» gikk inn med regn og ut med regn, og guttene kjedet seg og var grinete. Ingen ting kunne de finne på å gjøre, og ikke noe av det som Mor og Thea foreslo, fant nåde for deres øyne.

«Dere burde riktig skamme dere», sa Thea. «På landet, der må barna gå i pottitåkeren og ta opp poteter enten det regner eller er godvær. Dere gjør ikke så mye som hjelper til og rydder opp i haven her, dere.»

Det var sant òg. På alle jordene rundt omkring den lille byen gikk store og små bøyd over de vassblaute fòrene i potet-åkrene, med strisekker over hodet mot silregnet.
 
Denne boka vart først skriven for amerikanske barn – av ein nordmann, men det er lenge sidan. Først fem år seinare kom boka ut på norsk.

Kanskje er det verdt å plukka henne fram på nytt?
Send svar til klok@dagogtid.no, eller til Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22.41.42.10.
Denne helga skal eg storma inn på eit stort julelotteri. Der skal eg jafsa i meg smultringar.
I fjor greidde eg 29, men eg kjenner meg i betre form i år.
God bakst!
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |