Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004


Bokmelding
Humorfylt alvor, alvorstung humor

Arnfinn Koleruds nyaste roman opnar med ein dramatisk situasjon.


UNGDOMSBOK
Arnfinn Kolerud:
Den som ikkje har gøymt seg no
Samlaget

Ein sjukebil skal hente ei død gammal kvinne, som er funnen av nokre barn som spelar ball. Ein av gutane påstår at han har skylda for at kvinna er død. Sonen til den døde kvinna går amok og knuser frontruta i sjukebilen med ein stor stein. Så kjem lensmannen og startar avhøyra sine.

Sentrale personar i barneflokken er 14-åringane Odd og Per Tore. Det er Per Tore som trur han er skyldig i dødsfallet; Odd er bestevennen hans. I hovudsak er det Odds tankar, kjensler og opplevingar vi blir kjende med.

Handlinga er lagd til ei bygd i Romsdalen ein gong tidleg på 1980-talet. Forfattaren har lagt inn ein ironisk, generaliserande karakteristikk av vestlendingar frå ulike område. Om mor til Per Tore heiter det: «Ho var sunnmøring og grudde seg ikkje for å snakke høgt framfor flokkar av folk.» Slik stikk ho seg ut frå romsdalingen, som Per Tores mor meiner «er så sky av seg at han gjer kva som helst for ikkje å stikke seg fram. Ein romsdaling kan ikkje sitje midt i ein folkehop og rope BINGO, sjølv om stemma er aldri så unnskyldande. Det får han seg ikkje til. Om ein vanleg romsdaling oppdagar at han har bingo, blir han ikkje først og fremst glad. Han blir heller engsteleg, dels fordi han må rope ut i ei folkemengd, og dels fordi det kan vere at han ikkje har bingo – han kan ha kryssa av feil på kupongen.»

Å skilje seg ut i ei slik bygd er sjølvsagt ikkje lett. Per Tore skil seg ut fordi han er knytt til det brå dødsfallet til den gamle kvinna, Johanna. Odd skil seg ut fordi han er ein uvanleg tankefull gut – som samstundes kan stå for tilsynelatande tankelause handlingar.
Mangetydig
Det viser seg etter kvart at ting ikkje er så eintydige som dei kan verke. Eitt eksempel er ettermælet til Johanna. I gravferda hennar blir det sagt mange vakre ord om kor omsorgsfull ho var. Ho blir karakterisert som ein hjelpar i forholdet til andre menneske: «Ho var seks år gammal. Ho stod og song godnattsongar for sauene våre, same dagen som ein bjørn hadde stått og sett på dei frå skogkanten. (...) Seinare, som vaksen, hjelpte ho til på alle gardane. Når ho høyrte ei slåmaskin starte langt borte, greip ho riva og la i veg. Og ho gjekk med kaker til alle som ikkje bakte sjølve. På glatte vegkantar, i kol-svart mørke. Ho hjelpte til med å rydde og vaske i hus og trapper. Ho gjekk på besøk. (...) Ho likte farger. Når ho besøkte folk, tok ho augemål av hovuda deira, hendene og føtene, og til vinteren kom ho på døra med heimestrikka luer og vottar og strømper, alle i sterke fargar. Dei likna små, afrikanske flagg.»

Det er ei barndomsvenninne av Johanna som fortel dette. Når Odd snakkar med den eldste sonen hennar, som er heimkomen til gravferda, får han sjå ei heilt anna side av den døde. Ho hadde si eiga oppfatning av Bibelen og forteljingane der, og av måten ein skulle oppdra barn på. Forteljinga om Adam og Eva og eplet tok ho så bokstaveleg at ho fann det oppdragande å nekte sønene sine å ete eple frå dei mange epletrea ho hadde planta i hagen. For å forsterke verknaden bakte ho ein gong ei eplekake som ho etterpå delte opp i småbitar og kasta i søpla – og snytte gutane for denne delikatessa som dei hadde gledd seg til å nyte.
Odd og vatnet
Odd tykkjer så synd på mannen som aldri har fått eit eple av mor si, at han ein sein kveld fyller brønnen hos grannen med eple for at det skal kome eplesaft ut av vasskrana hans, i staden for det vatnet han alltid fekk som barn.

Slike handlingar forstår sjølvsagt ikkje dei vaksne, som tek til å undrast over kva slags forhold Odd har til vatn. Det finst ei anna vass-soge om Odd, der han på utspekulert vis får lokka ein ufordrageleg klassekamerat til å vasse ut i ei fossande elv for å hente fødselsdagspresangen sin. Følgjene blir alvorlege, men ikkje katastrofale, og klassekameraten overlever si strabasiøse ferd nedetter den strie elva.

Foreldra til Odd finn ut at dei må prøve å bryte det merkelege og uhellsvangre bandet Odd har til vatn. Guten får ikkje lenger lov til å vere med på symjeundervisninga i symjehallen. Han får ikkje bruke vassklosettet, men må bruke ein utedo far hans set opp til han. Foreldra ser gjennom skolebøkene hans, der dei ottefulle finn Obstfelders vakre dikt om regndropane som dryp på tak, og eit reknestykke om «kor mange gonger Mjøsa kunne få plass i Bajkalsjøen».

Arnfinn Kolerud har skrive ei djupt alvorleg og humoristisk bok om eit alvorleg tema som oppvekst. Her er vare skildringar av draumar og von, av venskap og forelsking, av vonbrot. Her er spekulasjonar over kva som er normalt, om det er greitt å «spegla seg på baksida av ei spiseskei». Her er funderingar over kvifor ikkje ungguten kan delta i munter samtale i familiesamkomer, og utlevering av tomt vaksenpreik om likesæle emne. Her er ei veslesøster som ennå ikkje meistrar morsmålet sitt, men blandar omgrep som sau og saus, og her er nyoppfunne ord som lommeventar og lyrespringar. (Den som har slått langball på Nordvestlandet, vil vonleg kunne sjå kva som ligg i desse uttrykka.)

Arnfinn Kolerud har skrive om gåtefulle Odd tidlegare: I 1996 kom den prislønte barneboka Berre ikkje brøyteplogen kjem... Bøkene kan lesast kvar for seg; dei vender seg til ulike aldersgrupper.

Arnfinn Kolerud er romsdaling. For det lesande publikumet er det godt at han ikkje held seg til dei normene som sunnmøringen i fiksjonen tillegg romsdalingen, men at han vågar å stille seg ut slik ein gjer gjennom å skrive ein roman.
Randi Brenden

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |