Dag og Tid nr. 49, laurdag 4. desember 2004


Bokmelding
Mordarhund og besteven

Forteljinga om hunden Glefs er spenstig og humoristisk og passeleg farleg, meiner Synnøve Skjong.


BILETBOK
Henrik Hovland og Tone K. Lileng:
Glefs – verdens farligste golden retriever
Cappelen

Det mangetydige ved denne boka møter oss allereie på framsida. Der «smiler» eit stort hundehovud lesaren i møte over tittelen på boka: Glefs – verdens farligste golden retriever. Det peikar på den spennande ambivalensen i denne biletboka, men det veit ikkje lesaren før boka er lesen.
Brot med konvensjonen
Denne biletboka utnyttar den velkjende barnelitterære sjangerkonvensjonen om at dyra skal ha menneskelege eigenskapar, samtidig som ho ettertrykkjeleg bryt med den konvensjonelle måten å framstille dette på. For menneskets beste ven, Glefs, som fortel, verkar som alt anna enn ein snill og trufast ven. Glefs har heilt tilfeldig hamna hos fru Abrahamsen då han var på veg nordover for å bli lærling hos ein flokk drapsulvar i Sibir. Fru Abrahamsen veit ingenting om dette; ho gir han eit rosa teppe, kallar han Doffen og tar han med på konditori. Og Doffen, alias Glefs, finn seg i alt dette fordi han har sitt eige prosjekt. Derfor kan han fortelje oss at når han passar på at Fru Abrahamsen alltid har på seg tjukk vinterkåpe når dei går ut, er det av omtanke for den maten ho representerer, ikkje fordi ho ikkje skal fryse. Og når han får knust krumkake og ein skinkebit av serveringsdama på konditoriet, er det fordi ho ikkje kan noko anna: «Hun er bonde, og nå skattlegger jeg bøndene, tenkte Glefs og knasket i seg krumkaken.»  
Ei slik omsnuing av maktperspektivet mellom dyr og menneske er heller ikkje heilt ukjend i barnelitteraturen, bortsett frå at denne hunden er råare. Han har tankar om feite, saftige barn og drøymer om å knuse leggbeina til fru Abrahamsen. Men dette blir berre tankar og draumar i boka, på handlingsplanet går Doffen, alias Glefs, pent tur i band, og han reddar til og med eit lite barn som fell i vatnet.      
Passe farleg
Forteljinga er spenstig og humoristisk og passeleg farleg. Øvde lesarar får også naudsynte signal om at det ikkje er heilt sikkert at Doffen er Glefs: «Det er ikke jeg som logrer, tenkte Glefs. Det er halen som logrer. Jeg er en livsfarlig morderhund, og morderhunder logrer alltid.» Glefs er altså ein upåliteleg forteljar. Men at lesaren ikkje heilt skal stole på sjølvframstillinga hans, er det bileta som viser, tydeleg nok i ei bok for barn. For bileta laga av Tone K. Lileng har ikkje den minste snev av Glefs i seg, dei dementerer ettertrykkjeleg ønsket hans om å vere verdas farlegaste golden retriever. Dei lèt oss møte Doffen, den mjuke vakre kvelpen som elskar å bli klappa, og som søv fredeleg på det rosa teppet sitt.
Det spennande og originale med boka som heilskap er dette samspelet og motspelet mellom bilete og tekst. Det gjer det mogleg å oppleve hunden som både Glefs og Doffen, nettopp ved å halde fram eit slikt komplekst og samansett bilete av tilhøvet mellom menneske og hund, den tamde slektningen av ulven. Dei er så vakre, dei har så mjuk pels, som skapt for ei menneskehand å stryke over, eller for å gni seg inntil, snuse nedi. Men dei har kvasse tenner, hundane. Og dei er ikkje menneske.
Komplekst
Men kva med barnelesaren, og meir presist det barnet som er redd hundar? Kanskje vil denne forteljinga kunne styrkje trua på at hundar ikkje er farlege, dei berre leikar at dei er det? Eller kanskje er det heller slik at forteljinga formidlar ei innsikt i at vi ikkje til fulle kan forstå hundar eller dyr? Slik kan denne biletboka gi ei forståing av at verda er ein kompleks og mangfaldig stad der ikkje alt er slik vi trur det er. Nokre barn vil kanskje også kjenne seg att i dette å bli tatt for eller definert som noko dei ikkje er.  
Små barn vil nok ikkje få med seg signala på at Glefs/Doffen er ein upåliteleg forteljar. Dei vil heller ikkje forstå maktpolitiske relasjonar som skattlegging av bønder eller sledehundstematikken. Men for litt større barn er dette ei bok som vil stimulere leselyst og interesse, nettopp fordi ho har ein snev av dette forlokkande farlege som ei god forteljing alltid har.
Synnøve Skjong

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |