Dag og Tid nr. 48, laurdag 27. november 2004

Helgheim:
Kor djupt skal vi grave?

På midten av 1800-talet fekk eit firma eller eit selskap status som ein person, i juridisk forstand. Ein person tenkjer mest på seg og sitt, og den industrielle utviklinga og framveksten av dei multinasjonale selskapa dei 150 åra etterpå, har til fulle vist kva denne eineståande statusen skulle få å seie. Arundhati Roy, den militante indiske forfattaren av Guden for de små ting, ser det slik frå sitt heimlege utsyn i New Delhi, skildra i den siste artikkelen i den nye boka Til alle murmeldyr og markmus her i verden..:

«India AS er i ferd med å bli eid av noen få store firma og multinasjonale selskaper. Toppsjefene i disse selskapene vil komme til å kontrollere dets infrastruktur og ressurser, dets media og journalister, men vil ikke ha noen troskap til folket i landet. De er helt uten ansvar – juridisk, sosialt, moralsk, politisk. De som hevder at enkelte av disse toppsjefene har større makt i India enn statsministeren, vet nøyaktig hva de snakker om.»

I røynda er dette The Corporation sett frå India. Ei enno namnlaus rørsle har sprunge ut av ein av verdas beste dokumentarfilmar, The Corporation, som denne veka vart vist under Oslo Filmfestival. Somme fekk med seg dokumentaren då han gjekk som serie i NRK/Fjernsynet i sommar, men mykje har hendt sidan då. På heimesida www.thecorporation.com kan du bli oppdatert om emnet. Då dokumentaren vart vist under Oslo-festivalen, følgde produsenten Bart Simpson med på reise frå fleire land med filmen i bagasjen. Det er eit unikt søkjelys på dei multinasjonale selskapa, der direktørane og ideologane bak snakkar på lik fot med folk som Noam Chomsky, Michael Moore, Naomi Klein og menneske på grasrota som har opplevd globaliseringa sine ulike velsigningar. Dokumentaren rullar opp konsekvensane av eit juridisk prokuratorknep, som i første omgang snytte det svarte USA for den oppreisinga som landet gjennom borgarkrigen kjempa for å gje dei.

Men dersom eit selskap er for ein person å rekne, må det også kunne gjennomgå ein normal personlegdomstest. I filmen blir testen analysert av ekspertar, etter kriteria for helseorganisasjonen WHO. Og med alle dei utslaga av mangel på medkjensle, manglande evne til å inngå varige forhold, den konsekvent manglande omtanken for andre sin tryggleik, manglande evne til skuldkjensle og manglande evne til å innordne seg sosiale normer, lyste diagnosen psykopat i neonskrift etterpå. Den institusjonelle kroppsleggjeringa som eit multinasjonalt selskap er av laissez-faire-kapitalismen, har alle dei psykopatiske kjenneteikna.

Etter denne demonstrasjonen framstår dei tilsynelatande «streite» laissez-faire-profetane og direktørane i filmen i eit anna lys, ikkje som personlege psykopatar, men heller som forvaltarar av eit sjukt system dei meiner er friskt og sunt. Den som har sett det verkelege lyset, er berar av dokumentarens sterkaste vitneprov. Han er ein gründer som i tide har sett kanten av det stupet han var med på å styre planeten utfor. I mellomtida har det sinnssjuke systemet gjennom nye lover kara til seg den private retten til å patententere forskingsresultat på levande liv.

Dette er nokre av høgdepunkta i ein dokumentar, The Corporation, som uavhengig av fag skulle vere pensum i all utdanning. I utgangspunktet skulle eg fortelje om Arundhati Roy, denne iltre røysta som frå ein annan kant av verda enn vi er vane med, først kom som ein vind med den Booker-prisa boka si. Så kom ho som ein storm frå aust rett etter at krigen hadde starta mot Irak, med ein kommentar i The Guardian som fekk tapetet til å flakne, med tittelen «A Strange Kind of Freedom». Også den er med i den nye boka, under tittelen «Vanlige menneskers guide til imperiet», og vi tek opp att ein klassisk godbit om mediestyrt dobbeltmoral:

«Per juli i fjor (2000) hadde duoen Bush/Blair blokkert forsyninger til Irak til en verdi av 5,4 milliarder dollar. Det sto lite om det i nyhetene. Men nå, under den kjærlige overvåkingen av direktesendt fjernsyn, blir 450 tonn med humanitære hjelpesendinger – en liten brøkdel av det som faktisk behøves (kall det fjernsynsrekvisita) – skipet inn med det britiske skipet «Sir Galahad». Skipets ankomst til havnen Umm Qasr ble viet en hel dags direkteoverførte fjernsynssendinger. Var det noen som ba om en spypose?»

Det er ikkje berre den vestlege imperialismen som gjer henne kvalm. Også India har fått ei lov mot terrorisme, POTA – Prevention of Terrorism Act, brukt av eit korrupt regime slik:

«I mars i fjor (2002), i delstaten Gujarat, ble to tusen muslimer slaktet i en statssponset pogrom. Muslimske kvinner var spesielt utsatt. De ble kledd nakne og gjengvoldtatt før de ble brent levende. Ildspåsettere brente og plyndret butikker, hjem, tekstilfabrikker og moskeer. Mer enn 150.000 muslimer er drevet fra hjemmene sine. Det økonomiske grunnlaget for det muslimske samfunnet er lagt i grus. Mens Gujarat sto i brann, opptrådte statsministeren på MTV for å selge diktene sine.»

Kor djupt skal vi grave? Det er tittelen på den siste artikkelen i boka til den indiske forfattaren, som etter menneskelege, ikkje psykopatiske mål, sikkert er ein fredspris verdig. I år skal Oprah Winfrey og Tom Cruise kaste Hollywood-glans over det glatte, overflatiske showet som nobelkonserten har blitt. Det hadde gjort seg med eit stormkast frå aust på scena. Tom Cruise er korporasjonens fange i The Firm, «Firmaets mann». Men det er på film. Arundhati Roy grev djupare. Ho veit kva psykopatane gjer med verda.
Roald Helgheim  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |