Dag og Tid nr. 48, laurdag 27. november 2004

Klok på bok:
Før månen bøyer kvelden

Det gjer godt å stikka av!
Å pakka sekken, lukka døra, gå lukkeleg nedover vegen, ta toget opp til den kvitaste vidda, kjenne den trolske krafta frå dei blåe fjell, vandra innover viddene og nyta den friskaste lufta i verda, sjå på den blankaste månen på kvelven, ha i seg den beste cognacen som Frankrike har sendt frå seg, kjenna at verda er langt meir enn eit smalefjøs...

Heldigvis finst det slike intense augneblinkar for den som oppsøkjer dei, småe stunder som gjer at ein finn det verdt å ta toget ned att til den mørke smalefloren langt der nede i tronge dalen.

Heldigvis var det ikkje så tomt som då eg fór. Her er mange løysingar. Fleirtalet hadde heilt rett, men det fanst dei som kom med framlegg om Umberto Eco og Salman Rushdie også.

«Denne husker jeg godt. Alt er der, uhyggen, spenninga, verdigheta og det tynne håpet født av motstand, sanka litt her og litt der. Det vokser. Forfatteren er sør-afrikaneren J. M. Coetzee som fekk Nobelprisen i 2003»
, skriv Jan Sparstad som bur på Vennislandet i Vang i Valdres.

Men han har ikkje med tittelen på boka, og kan dermed ikkje få prisen.
J. M. Coetzee er fødd i Cape Town i 1940. I fjor flytta han til Adelaide i Australia. Så langt har han gjeve ut ti bøker på norsk. Den siste, Elizabeth Costello. Åtte leksjoner, kom tidlegare i haust.

«Merkelig sammentreff. Ble akkurat ferdig med samme forfatters strålende bok ‘Elisabeth Costello’ i går kveld»
, skriv Stein Erik Finne frå Klokkarvik. Han veit at tittelen på boka i oppgåva er Før barbarene kommer, og difor får han prisen.

Namnet på boka har forfattaren henta frå eit dikt av den greske poeten Constantine P. Cavafy, fortel Tor Eirik Bleie.

Liv Andresen frå Sandefjord veit godt at mannen med dei mørke brillene som er nemnd i tekstutdraget, er den farlege oberst Joll.

Handlinga i boka er lagd til ein grenseby i «Imperiet», der livet er nokolunde udramatisk. Men med oberst Jolls vert alt endra. Boka gjev eit fælsleg bilete av dei nedbrytande mekanismane som følgjer med makta. Boka er skriven i apartheidtida, men ho nemner verken namn på stader eller personar.

Alt tyder på at Coetzee er ein forfattar som vert lesen også i Noreg.
«Det er ikkje lenge sidan eg las ‘Vanære’ av Coetzee», skriv Brita Lundeland.
Ho Ingrid i Naddvik minner om at sør-afrikanaren har fått Bookerprisen to gonger, og det er han visstnok åleine om.

Olav Molven minner om at dei viktigaste romantemaa hjå Coetzee er generasjonskonfliktar, kunsten sine rettar andsynes alt politisk og djup eksistensiell skuldproblematikk.

Generasjonskonfliktar har me jammen her i smalegarden også. Gamle vêrar mot unge gimrar, unge vêrlam mot yppige søyer. Det er slett ikkje lett alltid, og difor satsar eg på ei stemning som denne:

Klok på bok 689

Kunne hun bare se meg
før månen bøyer kvelden
mot mørket og skyver alt vekk
men hun er gjemt bak tusen bølger
tusen fallende slør
og ser meg ikke

Månen drar ut sin skarpe egg:
så går hun trygt på veiene
        i kveld.

Poeten er fødd langt nord i landet for om lag seksti år sidan. Han har gjeve ut meir enn 20 diktbøker, pluss gjendiktingar.
Send svar til klok@dagogtid.no, eller til Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs Plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22414210.
Det er fersk torsk som er julemat!
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |