Dag og Tid nr. 48, laurdag 27. november 2004
Bokmelding:
Les Peter Serck!
Les Peter Serck, kva som helst han har skrive, og denne hausten gjerne De andres rom. Denne forfattaren høyrer til mellom dei ypparste i norsk samtidslitteratur, meiner Dag og Tid-meldaren.
ROMAN
Peter Serck:
De andres rom
Cappelen
Kvar bokhaust er det strålande bøker som forsvinn ut av medie-bildet fordi dei dumme bøkene skal ha sin plass og sine oppslag, det vere seg heilt meiningslause og unødvendige sjølvbiografiar av folk i 30-åra, det vere seg alskens kjendisbaserte reisebøker og ditto kokebøker, det vere seg det eine verre enn det andre.
Ei slik strålande bok, eller ei bok som stråler, er Peter Sercks De andres rom. Den er knapt omtalt, knapt registrert, knapt annonsert, men det er å håpe at det finst eit litterært krinsløp bortanfor sensasjonspressa der denne romanen finn sin plass som ein av haustens betydelege publikasjonar, trass i dei vel 100 sidene.
Det er ei bok heilt typisk for Peter Serck og hans livskjensle, hans tenkjemåte og måten å uttrykkje desse tankane på i ein samanhengande monolog framført av ein aldrande mann som ligg i feberfantasiar, kanskje døyande, og tek eit oppgjer med sitt eige liv. Sjølv har han hatt eit liv som biletkunstnar i hovudstaden, han har hatt omgang med sentrale kunstnarmiljø i byen, og han har budd saman med Ane, ein kjend musikar. Samtidig har han hatt eit livslangt venskap med Sivert, og no, når begge er borte, får han det for seg at han sjølv har levd eit ueigentleg liv i skuggen av Sivert og Ane. Dei har invadert livet hans, frå kvar sin kant slik at han sjølv har enda i ei sjølvutslettande togn.
Interiør
Det er dette som gneg han, togna, det at han aldri tok til motmæle, men lét seg forme av dei andre og at han blei dregen inn i deira oppfatning av tilværet: Sivert med dei suggererande forteljingane om opplevinga til faren som tysk soldat ved Stalingrad, gong på gong denne monomane historia om standretten, råskapen, frosten og det uutslettelege inntrykket faren har planta i Sivert og som Sivert fører over på forteljaren. Ane som prøver å reise eit vern mot dette fortidige og tilbakelagde, dette som aldri kan endrast og heller ikkje fører nokon veg, anna enn inn i ein djup misantropi, noko som ligg latent i forteljaren.
De andres rom er ein roman som tek opp grunnleggjande eksistensielle spørsmål, og han reiser spørsmål kring kva det er som formar ein identitet. Har vi ein eigen identitet, eller er vi interiør i romma til andre? Finst det ein kjerne som er absolutt vår eigen? Alt dette ligg i teksten, og den fascinasjonskrafta som Serck skaper, er det få som gjer han etter. Intensiteten, den suggererande og repeterande stilen, tankekrafta og det kompromisslause i høve til det som skal seiast, alt dette er essensen i Peter Serck sitt litterære univers, som heile vegen krinsar kring det same: vesenet til kunsten og vesenet til krigen.
Peter Sercks posisjon i det intellektuelle Noreg er betydeleg. Han skriv smalt, vil somme seie, han er eit ekko av Thomas Bernhard, vil andre seie, men gløym alt dette, les Peter Serck, kva som helst han har skrive, og denne hausten gjerne De andres rom, som er den tolvte boka hans. Han held ein standard og ein kvalitet som høyrer til det ypparste i norsk samtidslitteratur.
Oddmund Hagen
|