Dag og Tid nr. 48, laurdag 27. november 2004

Bokmelding:
Som songar frå Oblidor
Lyrisk science fiction frå Øyvind Rimbereid.

DIKT
Øyvind Rimbereid:
Solaris korrigert
Gyldendal

Gjennom dei to diktsamlingane Seine topografiar og Trådreiser har Øyvind Rimbereid gjort studien av det geografiske feltet til sitt poetiske prosjekt. Eller kanskje ikkje det geografiske området. For snarare handlar det vel om korleis omgjevnadene fløkjer seg inn i opplevingane våre og blir til ein uløyseleg del av måten me er, tenkjer og føler på. Og han har fått vel fortent ros for dei på ein gong kresne og lett tilgjengelege dikta sine, som elles er særmerkte ved at forfattaren skriv på stavangerdialekt. Igjen altså noko som både har med geografi og med personleg meiningsskaping å gjera.

I samlinga av året har han gått eit steg eller to vidare. Solaris korrigert opnar med eit 37 sider langt dikt der ein mann frå framtida, frå år 2480, fører ordet. Og for eit ord det er han fører. Eg har ikkje lyst til å gå for mykje i detalj, sidan det vil øydeleggja sjølve gleda ved å lesa boka. Men eg må i alle fall kunna konstatera at han som fører ordet, lever i nærleiken av Stavgersand, som vel er resultatet av samansmeltinga av nabobyane Stavanger og Sandnes. Og at det som kjem fram om denne regionen ligg såpass i flukt med det som i dag er særmerkjande for dette området at ein kan oppfatta diktet som ein dystopi, altså som ei skildring der negative tendensar i samtida er trekte ut til sin ytste konsekvens.

Men dette tyder ikkje at diktet er flat indignasjonspoesi. For Rimbereid evnar, som Axel Jensen i romanane Epp og Lul, å gjera kjenslelivet til den som fører ordet til hovudsaka. Samfunnskritikken kjem fram meir indirekte, gjennom det bakteppet som dei akselererte tendensane utgjer for opplevingane til hovudpersonen.
Og så er det dette med språket, då. For det har òg utvikla seg:
SOMTIIMS ven aig ne svefndrauma kan, aig draumen ein simpl, silly draum.

Dette er jo galskap. Dette er jo mest som å gjera dikt av den vitsen mange sikkert har mottatt som kjedebrev via e-post, der ein gradvis let det norske språket gå meir og meir opp i engelske stavemåtar. Men det merkelege er at dette skjøre språket på merkeleg vis får liv etter kvart som ein les. Ein kjem inn i rytmen, ein kjem inn i den språklege tenkinga i dette nye språket, og opplever på merkeleg vis at det byrjar å syngja i desse radene. Ikkje med ein gong. Men etter ei stund merkar ein at ein sit og vrid seg til rytmen medan ein les. Og noko fælen må ein konstatera overfor seg sjølv at det gjennom dette nærmast dehumaniserte språket har oppstått lyrikk, av høg klasse.

Ikkje berre dystert
Det er klart at ein dystopi inneheld mange påstandar, meir og mindre skjulte, om samtida. Men samstundes reiser Solaris korrigert òg eit spørsmål. For det første fordi det oppløyste språket, og måten det er oppløyst i usikre stavemåtar og lån frå andre språk på, peikar mot måten ein skreiv på i mellomalderen, slik at peikinga mot framtida samstundes blir ei peiking bakover i tid. Og for det andre ved at det er ei påfallande opphoping av referansar til den høgmodernistiske litteraturen frå midten av 1900-talet her. Frå mitt noko avgrensa perspektiv kjenner eg i alle fall att høgmodernistar som Olav H. Hauge, Harry Martinson og Axel Jensen.

Ein kan i forlenginga av dette sjå peikinga bakover i tid som ei konstatering av at den oppløysinga av språk og røyndom me ser no, eigentleg er ei tilbakevending til eit kaos som berre var vekke i ein kort parentes i historia. Og ein kan sjå referansane til dei dystopiske skildringane hos Martinson og Jensen, altså forfattarar som høyrer til innanfor denne parentesen, som ei konstatering av at den heilskapen me nå ser forsvinna, er ein heilskap som aldri har eksistert. Sjølv i midten av parentesen, sjølv på den tida me føresteller oss at det var heilskap, såg forfattarane det forfallet me reknar som skilet mellom vår tid og deira.

Rimbereids dikt samlar seg såleis mot ei forståing av ei ikkje-oppløyst tid, som samstundes syner seg å vera like oppløyst som alle andre tider. Og ut ifrå ei slik forståing blir spørsmålet om diktet ikkje knyter kontakt mellom vår tid og andre tider, og konstaterer at det me opplever som forfall og oppløysing ikkje er anna enn transhistoriske livsvilkår.

Personleg trur eg det er slik. Eg oppfattar Solaris korrigert som eit høgmodernistisk kjempedikt av same type som Paal Brekkes Roerne fra Ithaka, men med innrømmingar til ei meir dekonstruerande forståing av meining. Eller, som den namnkunnige truleg ville uttrykt det: som ein tankevekkjande kombinasjon av tradisjons- og sam-tidstenkinga til T.S. Eliot på den eine sida, og den paradoksale interessa for det nærverande sitt fråvær som me kjenner frå Maurice Blanchot sine essay på den andre.

Men alt dette hadde sjølvsagt vore uinteressant viss ikkje diktet hadde fungert som dikt, viss ikkje språket og den episke lina hadde fungert så ettertrykkjeleg som det gjer her. Om ambisjon er det same som å prøva seg på noko som kan tryna fullstendig, og om suksess er det same som å lykkast med slike ambisjonar, så må dette vera den største litterære suksessen i Noreg på lenge.
Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |