Dag og Tid nr. 47, laurdag 20. november 2004

Roald Helgheim:
Svart utan tilgjeving
Bokselegenda i det 20. hundreåret heiter Muhammad Ali, men Jack Johnson var først. Hundreårets boksekamp var i Kinshasa, Zaire, den 30. oktober 1974, mellom Muhammad Ali og George Foreman. Ringside sat forfattaren Norman Mailer, som i 1975 skreiv boka The Fight om matchen. Det er ein klassikar i bokselitteraturen. Jack Johnson utkjempa sitt livs kamp i desember 1908 i Australia, mot den kvite motstandaren Tommy Burns. Ringside sat Jack London, som dekte kampen for The New Herald. Han var skremd på vegner av den kvite mannen. Visst var Johnson den beste i ringen, men dette var ingen boksekamp. Det var ein «armensk massakre», eit «håplaust slakt» der ein speleglad «gigantisk etiopiar» (!) hadde leika seg med Burns som om han var ein «uskikkeleg unge». London var sjokkert, ikkje av meisterens siger, men måten han fryda seg på etter å ha tvinga viljen sin på den kvite mannen.

Mohammad Ali skulle bli ein frontfigur i den svarte borgarrettskampen. I Jack Johnsons levetid (1878-1946) var det eit ukjent omgrep. Han døydde då Ali var fire år gammal. Svarte idrettsutøvarar hadde ingen rettar. Hemnen til Johnson var å audmjuke motstandaren, representanten for den kvite undertrykkjaren. For det vart han ein helt, også for Miles Davis, fødd i 1926, som i 1971 gav ut albumet A Tribute to Jack Johnson. Miles skreiv sjølv ein legendarisk tekst til omslaget. «Johnson viste fridom – det ringde like høgt som klokka som kåra han til meister. Han levde livet fort; han likte kvinner, dei fleste var kvite. Han hadde snertne bilar fordi det var tingen hans... Han røykte sigarar og drakk berre den beste champagnen...», skreiv Miles. Å sjå til var Jack Johnson – som Miles – ein svart dandy. Men Miles Davis visste prisen. Difor hylla han så hemningslaust boksaren som sette den kvite mannen på plass, også med å ta kvinnene frå han. «Jack Johnson døydde som han hadde levd – i ein rask bil». Då var han 68 år gammal. Miles Davis sin tributt til bokselegenda er den definitive overgangen hans til rock. Innspelingane gjekk over 16 veker. Musikken vart redigert ned til ein lp med to 25 minutts spor. I fjor kom «The Complete Jack Johnson Sessions», som fyller fem fulle cd-ar.

Grunnane til å minnast Johnson er fleire. Kampen, Norman Mailer sin klassikar om oppgjeret i Zaire, kom først på norsk i 1976, og har kome på ny i revidert omsetjing. I haust kom Mike Marqusee si bok Muhammad Ali og frigjøringskampen på sekstitallet. Men den store Johnson-biografien av året heiter Unforgivable Blackness: The Rise and Fall of Jack Johnson, skriven av Geoffrey C. Ward. Kva ligg i orda «unforgivable blackness»? Det er etter ein tekst av W. E. B. Du Bois, der han ironisk skriv at: «Boksinga har kome i miskreditt... Grunnen er klar, Jack Johnson har slått ein ire». Han gjorde det litt brutalt, men fair, og slo ikkje motstandaren helselaus. Kvifor då denne nasjonale avskyen? Fordi Johnson er svart. Sjølvsagt prøver somme å vise til Johnsons «karakter», skriv Du Bois, men vi har til gode å oppleve at privat trøbbel har diskvalifisert kvite priskjemparar, ballspelarar eller for den saks skuld statsmenn. «Når alt kjem til alt, kokar det ned til den utilgjevelege svartleiken».

Foreldra til Johnson var tidlegare slavar. Vi er i eit tid då ei avis som Detroit Free Press etter Johnsons siger i Australia kunne spørje: «Har kaukasiaren utspela si rolle?» («kaukasiar» er ein frå Kaukasus, men og eit gammal-antropologisk uttrykk for dei kvite). «Må vi dra ei fargegrense (color line) gjennom alt vi er, for å unngå å bli vippa av pinnen både individuelt og kollektivt?», spør avisa. Eg fortenkjer ikkje den som kjenner seg att i eit anna trugsmål, frå ein annan kant, som no blir måla med brei penn også av gode liberalarar. Men Johnson levde i ei tid då han i røynda fekk eit års fengsel for å omgåast kvite kvinner, som han også gifta seg med tre gonger. Han levde i ei tid med Jim Crow-lover som gav kvite idrettsmenn rett til å setje svarte til side, og ein kvit jockey kunne ta lisensen frå ein svart. Boksing var ope for svarte, men berre så lenge dei kjempa mot kvarandre. Johnson måtte jage Burns halve kloden rundt før han endeleg fekk ein kamp mot han.

Forfattaren Joyce Carol Oates har i New York Review of Books skrive ein omfattande omtale av Johnson-biografien, som med undertittelen «The Rise and Fall» deler seg skarpt i to. Fallet starta etter Johnsons største siger mot Jim Jeffries i 1910. Han tapte mot Jess Willard på Cuba i 1915, og heldt det sidan gåande som omvandrande entertainer, også som sparring partner, alltid like elegant i tyet. Muhammad Ali var tidleg ute med å framheve Jack Johnson som idol. I ringen hadde dei store likskapar når det gjaldt å la motstandaren mase seg ut før han fekk nådestøyten. Begge likte merksemda rundt seg. Begge forstod at boksing også var teater. «Eg byrja å like Johnsons image. Eg ville bli røff, tøff, arrogant, den negeren kvite ikkje likte», sa Ali. Han nekta å bli soldat i Vietnam fordi «I ain’t got no quarrell with them Vietcong». I 1911 sa Johnson i eit intervju: «Slåst for Amerika? Well, eg trur ikkje det. Kva har Amerika nokon gong gjort for meg, eller rasen min?»

Likevel, mens Muhammad Ali «ser ut til å ha unngått kvite kvinner fullstendig» (Oates), gjorde Johnson eit nummer av dei kvite damene sine. Og mens Ali utkjempa sine store slag mot menn av same farge, gjorde Jack Johnson mest for å unngå å møte svarte likemenn i ringen. Men den «utilgjeveleg svarte» var seg sjølv til det siste. Han døydde i full fart.  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |