Dag og Tid nr. 47, laurdag 20. november 2004
Musikk:
Når alt skal vere stort
U2 er i ferd med å kollapse under vekta av sitt eige ego.
U2:
How to Dismantle an Atomic Bomb
Universal
Med How to Dismantle an Atomic Bomb har U2 kome med sitt hittil mest tydeleg skreddarsydde og straumlineforma produkt. Målet er utan tvil at alle (og det er mange) skal få nett det dei vil ha. Og det kan vere at mange får det, men det er mykje denne lyttaren sit att og saknar. Plata har vorte det perfekte nisjeproduktet: ho er logisk oppbygd med sine slakke kurver, stigningar og obligatoriske løft. Resultatet er ei plate som ikkje overraskar ein einaste gong, korkje i komposisjon, utføring, eller, kva skal ein kalle det, innpakking finst det spor av risiko. Tittelen får ei ironisk og uintendert tyding sidan ei etterlengta eksplosiv kraft uteblir. Det vert tidleg klart at det ikkje er grunn til å slå alarm, bomba er demontert, ingen kjem til å verte skaka. Bandet som brukte å få lydarar til å klamre seg til spelaren, lèt no til å ha vorte eit effektivt og godt poporkester med jamt over gode songar men ikkje meir.
Teikna har vore tydelege lenge. All That You Cant Leave Behind, som kom ut og vart meld her i avisa hausten 2000, delte seg i to mellom det inspirert smektande og det brutalt forgløymelege, mellom smittande energi og uforløysande seigpop. På How to Dismantle an Atomic Bomb er det beste litt dårlegare og det dårlegaste litt betre enn det var på den plata.
Fødselssmerter
På Achtung Baby (1991) blanda Bono ironi og surrealisme med den truverdige intensiteten som hadde prega alt U2 gjorde tidlegare. Det sikrar ho status som sentralverk den dag i dag. No er sirkelen slutta, og U2 er attende der dei starta: dei prøver ivrig å lage knyttnevepop med politisk brodd, og sper på med stadionballadar, men der ei plate som til dømes War (1983) er konfronterande og insisterande, verkar årets plate maniert sjølvhøgtideleg. «Love and Peace or Else», om Midtaustens mange problem, forsvinn for lyttaren før songen er ferdigspelt. «Crumbs From Your Table» er like eins plaga av skulestil-aktige klisjéar («Would you deny for others what you demand for
yourself», «Where you live should not decide whether you live or whether you die») og manglar på alle måtar substans.
Diverre fører ikkje edle hensikter automatisk med seg edle rocketekstar. Den tungt bibelske «Yahweh», forma som ei bøn, byr nok ein gong på ein nytestamentleg og forsonande Bono på kne, som like godt hentar fram John Winthrops «city upon a hill»-frase og uelegant kombinerer denne puritansk-amerikanske metaforikken som jamleg vert trimma av nye og gamle konservative med ein banal (gjen-)fødingsmetaforikk. Byen skin også blendande i den episke «City of Blinding Lights», ein song som forsøksvis følgjer opp «Where the Streets Have No Name» og miksar lett med «New Years Day», og som heilt klart er eit av høgdepunkta på plata, skjønt ikkje på nivå med dei gamle songane han minner så sterkt om.
Å summe i bakgrunnen
Bono har alltid vore på sitt beste og sitt verste når han gir seg hen og lèt seg overmanne av eigne kjensler. Det vert ofte for enkelt og tidvis platt når ein i løpet av ein knapp time tek mål av seg ikkje berre å skildre, men òg å spreie visdom om mellommenneskelege relasjonar, storpolitiske konfliktar, og religiøse spørsmål. Ambisjonane er høge, og alt er stort, ikkje berre tankane og kjenslene, men òg faktene. Det skal ein sterk rygg til for å bere alt saman, og U2 er i 2004 farleg nært å kollapse under vekta av sitt eige ego.
«A woman needs a man like a fish needs a bicycle», song Bono i 1991, og kommenterte muntert kjærleikens mysterium. I dag formulerer han gravalvorleg meir opplagde verseliner: «I could never understand the mysterious distance between a man and a woman».
Det skal vere sagt at The Edge spelar flott på gitaren sin på denne plata, sjølv om han i stor grad siterer tidlegare soli. Dei finaste augneblikka på How to Dismantle an Atomic Bomb kan vi takke han for. Bono har framleis ei flott stemme som kan løfte eit refreng fleire hakk. Ordet «Yahweh» har, slik det ligg i Bono sin munn, ein fin klangbotn: «your way» høyrest det ut som han syng, og det høver godt. Produksjonen til Steve Lilly-white er transparent, bassen er drivande, og U2 har framleis ein sabla god og undervurdert trommis. Likevel: How to Dismantle an Atomic Bomb etterlèt lydaren utan tvil om at U2, som periodevis har vore førande som rockeband dei siste to tiåra, ikkje er det lenger. Ein nynnar med, tenkjer at ein kanskje skulle spasere seg ein tur, eller lese avisa, eller koke spaghetti, og kjem distré på at U2 summar i bakgrunnen. Eg ventar meg meir.
Øyvind Vågnes
|