Dag og Tid nr. 47, laurdag 20. november 2004
Leiar:
Drepande husarbeid
Er det husarbeidet eller mangelen på drapsinstinkt som har skulda for at det er så få kvinner i næringslivet? Denne veka la Likestillingssenteret fram sitt årlege Likestillingsbarometer, og nok ein gong får vi høyre den gamle leksa: Næringslivet er verstingen i likestillingssamanheng. Berre 23 prosent av toppleiarane i privat sektor er kvinner. Berre 12 prosent av styreleiarane i alle føretak er kvinner. Ifølgje barometeret har menn sikra seg 82 prosent av alle posisjonane i næringslivet. Rett nok har tala betra seg litt dei siste fem åra, men dette er pinleg for det norske næringslivet.
Kva er så årsaka til at kvinner står og stangar opp mot glastaket? Mangelen på drapsinstinkt, som hovudjeger Elin Ørjaseter hevdar? Fråverande invitasjonar til herremiddagar, som i Bergen? Det ekstremt kjønnsdelte utdanningsmønsteret, med 90 prosent jenter i helse- og omsorgsfag og 90 prosent gutar på maskin- og mekanikkfag? Eller kjem fråveret av kvinner i næringslivet av at dei driv med husarbeid?
For første gong er husarbeid med i Likestillingsbarometeret. Er det så rart at mange kvinner i næringslivet dett saman som våte filler når dei brukar dobbelt så mykje tid til husarbeid og aktiv barneomsorg som menn? Hege Kitterød, forskar i Statistisk sentralbyrå, seier at sjølv om fleire kvinner jobbar heiltid enn før, kompenserer ikkje mennene med meir vasking heime. Og det er heller ikkje dei innleigde hushjelpene som tek over. Berre fem prosent har privat reingjeringshjelp.
Når mor må svinge kosten og filla og syngje godnattsongar, i tillegg til 9-5-jobben, korleis skal ho ha tid til å gå i styremøte? Medan støvkaninane veks seg store og hårete, rykkjer 1. juli 2005 stadig nærare. Det er datoen for iverksetjing av lova om 40 prosent kvinnerepresentasjon i styra i norske allmennaksjeselskap så sant bedriftene ikkje i siste liten får inn nok kvinner sjølv. Sjølvsagt kjem styreleiarar og adm. dir.-ar med harmdirrande protestar, dei vil ikkje ha statleg innblanding i styresamansetjinga. Men norsk likestillingshistorie fortel at juridisk pisk er det som skal til, dersom ein ikkje vil vente til neste hundreår med å sjå resultata.
Bente Kalsnes
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|