Dag og Tid nr. 47, laurdag 20. november 2004
Fiskeri:
Invasjon frå aust
Millionar av kongekrabbar myldrar langs norskekysten og gjennom Barentshavet. TV-bilete av grashoppeliknande mengder har skremt mange. Står vi framfor eit
økologisk samanbrot? Eller ei velsigning?
John Gustavsen
Juri Orlov er ein 72 år gamal mann som bur med kona si i eit husvære i utkanten av Moskva. Han er ein gløymd mann, men for 40 år sidan var han eit stort namn i russisk marinbiologi, høgakta for arbeidet med å omplassera levande fisk frå ein stad av det veldige Sovjet til ein annan. I dag ville han ha vorte stempla som miljøkriminell, men prosjektet hans gjekk ut på å skaffa folk i landet meir mat. I det populærvitskapelege tidsskiftet Ottar 4/2004 gjer ulike forskarar greie for kongekrabben, og Orlov for livsprosjektet, omplasseringa av denne Paralithodes camtschaticus, betre kjend som kamtsjatkakrabbe eller kongekrabbe.
Byrja med ni hokrabbar
Orlov kjende havområda både i det nordlege Stillehavet og Barentshavet. Styresmaktene meinte ingen dugde betre enn den iherdige forskaren. Han starta prosjektet med å fanga ni store hokrabbar i Peter den store-bukta i Det japanske havet på hausten 1960. Krabbane blei frakta over fem dagar med helikopter, fly, tog og bil opp til Murmanskfjorden, og dei overlevde. Fyrst plasserte han krabbane i eit akvarium på ein havbruksstasjon utanfor Murmansk. I april året etter fekk han fire hannkrabbar nordover, og straks vart alle sette ut i fjorden utanfor storbyen på Kola. Suksessen gjorde at Orlov fekk ansvar for eit større program. Målet var å setja ut 2000 ho- og 1000 hannkrabbar og 10.000 krabbeyngel i løpet av ti år. I 1969 var arbeidet fullført. Orlov hevda at om 30-40 år ville ein ha store mengder av arten i Barentshavet. Kva skjedde?
Det fyrste svaret
Svaret fekk ein i 1974 då ein krabbe blei fanga i Barentshavet. Orlov fortel om Francis Drake, engelskmannen som hadde omplanta poteten frå Sør-Amerika til Europa for å hamla opp med svolten. Målet hans var det same. Han var overtydd om at krabben ville klara seg bra, og ville kunne krypa langt sørover og heilt inn i Middelhavet.
Utpå 70-talet gjekk det rykte i Finnmark om eit monster av ein krabbe som var teken. I januar 1977 kunne så bladet Fiskaren nr. 4 fortelja at ein kjempekrabbe vart fanga i Varangerfjorden. Russarane var no sikre på at kongekrabben hadde etablert seg, og etter kvart opplevde fiskarar i Aust-Finnmark kva for nabo dette var. Stadig fleire fekk krabben på garn og line, og mange vart fortvilte. Krabben anten åt agnet på lina eller heile fisken. Garn vart øydelagde, og dessutan var det ikkje lov å landa arten. Våren 1992 fekk varangerfiskarane ekstra mykje kongekrabbe. Ein av fiskarane fortel om korleis dei stod makteslause då krabben vandra innover og øydela bruk og åt opp fisk. Når dei så fekk kvote, måtte dei lempa ut den produktive hokrabben så han kunne forplanta seg vidare.
Kongekrabben er ein vandrar som held til frå lågvatn ned til 500 meter. Krabben er registrert frå -1,6 til +18 grader Celsius. Forskarane i Ottar fortel at krabbane kjem opp på grunne område i april for å para seg. Hokrabbane kan ha frå 100.000 til 500.000 egg. Det tek 100 døger frå utklekking til larvane slår seg ned på botn på grunt vatn, og her er krabbane det fyrste året før dei tek ut på vandring. Det er fanga krabber ved Bjørnøya, og det siste er at to er fanga ved Svalbard. Dei har samstundes vandra innover dei store fjordane i Finnmark og nedover mot Lofoten. 5-6-åringane er klåre for gyting. Levealderen kan verta 20 år, slik at ein hokrabbe i løpet av livet kan produsera minst fem millionar egg.
Dietten
Dietten til kongekrabben er granska nøye, og varierer frå haust til vår. Han et mest børstemark, men også ein god del ulike fiskeartar, og dessutan muslingar, kråkebollar, krepsdyr og andre artar. Dei største krabbane kan verta 8-10 kg tunge og med skjold og føter målt over ein meter. Fiskarane som har kvote, vil helst ha dei store, dei små slepp dei ut, slik regelen er. Det seljande kjøtet sit i føtene og klørne, og utgjer meir enn halve vekta. Med dei store mengdene som finst utanfor Finnmark, kan dei få opptil 200 krabbar i kvar tein. Krabbar som er skadde og til dømes vantar ein fot eller ei klo, må over bord. Elles vert dei ulønsame. Likeins vert det for dei som har for lite kjøt. Hokrabbane må også ut, og slik held forplantninga fram i raskt tempo. Norske fiskarar kunne for 2003 fanga 200.000, i år 270.000.
I åra 1994-2001 vart det gjennomført ein avgrensa forskingsfangst av kongekrabbe etter at Noreg og Russland var vortne samde om ei fordeling av totalkvoten. Hausten 2000 vart landa samde om å gå inn for kommersiell fangst frå 2002/2003 av. Noreg nytta i 2003 4,7 statlege millionar kroner på forsking. No står ein framfor spørsmålet om (1) korleis auka kvotane, (2) få semje om fangst på hokrabbar og (3) verta samde om forbod mot utkast av bifangst. Ein fiskar som har ein kvote på 1000 krabbar, må i dag kanskje senda 5000 i retur. Fiskarane tek sjølvsagt dei største krabatane for å styrkja lønsemda.
Inntekta
Kongekrabben har vorte ein ettertrakta art på mange restaurantar. Går du på fiskebutikkane, vil du sjå at prisen kan liggja på både 300 og 400 kroner. Fiskarane har sidan dei tok til å fanga, fått frå 30 til 115 kroner. Ultimo oktober fekk dei kring 70 kroner kiloen, noko som vil seia at ein vaksen krabbe kan gje ei inntekt på 500 kr. Ved starten i 1994 deltok berre fire båtar, i 2003 var det 127. Førstehandsverdien av fangsten var 30 millionar i 2001 og 2002 medan eksportverdien låg på 50 millionar årleg. I 2002 vart kring 60 prosent av produsert kongekrabbe seld til Japan, 30 prosent til USA og 10 prosent til Europa, Noreg medrekna. Noreg sel berre éin prosent av all fanga kongekrabbe,
og har von om stor auke i åra framover.
Alaska er den største eksportøren, men den norske krabben er meir lovande og held t.d. ei gjennomsnittleg vekt på 4,1 kg mot 3 kg for alaskakrabben. Noreg fangar krabben langs kysten og bringar han kjapt i hamn slik at kvaliteten vert betre enn hjå konkurrenten i vest. For 2004 kan ein rekna med at fangstverdien kjem på over 100 millionar kroner. For norske fiskarar har krabben etter kvart vorte ei viktig biinntekt, og i gjennomsnitt har kvart farty med kvote dei siste åra omsett for ca. ein kvart million kroner kvar. Samstundes har brukstapa på line og garn vore store. Når garna står stinne av store og små krabbar og fisken er oppeten, kan ein forstå fortvilinga hjå fiskarane. Dei kan bruka dagar på å greia garna.
Før kongekrabben hamnar på matbordet i restaurantane, har verdien av det kvite kjøtet kanskje auka til 1000 kroner pr. kilo. Vi står m.a.o. framfor eit fiske som kan verta riktig lukrativt, ein milliardbutikk om få år. Russarane har vore strenge på at krabben skal verta ein tungvektar på marknaden, og gje stor innkome.
Ubalansen
Men kongekrabben et til dømes mykje verdifull lodderogn, kråkebollar og sjøstjerner og skapar slik farleg ubalanse i økologien. Fiskarar vi har snakka med, hevdar at krabben frå aust er i ferd med å øydeleggja tradisjonelt fiske. Når til dømes lodda forsvinn, vert torsken borte frå fjordane. Rognkjeksfiskarar har fått øydelagt fangst og bruk på fjordane, og berre hausta utlegg.
Mange fiskarar er opp gjennom åra påførde store tap av di vi ikkje har hatt kontroll med voksteren i mengda av kongekrabbe, hevdar fiskar og tidlegare fylkesordførar Arne Pedersen (A) frå Vestre Jakobselv. Pedersen kan sjølv fanga vel 1100 krabbar for inneverande sesong.
Den norsk-russiske fiskerikommisjonen tek på seg ei tung bør. TV-program har synt korleis kongekrabbane kravlar over havbotnen som kaninen gjorde i Australia eller grashoppene over dei nordamerikanske kornåkrane, og gjorde stor skade. Det finst dei som fryktar ein økologisk katastrofe ettersom kjempa innvaderer Lofoten og går vidare. I NOU 2003:39, Mot nord!, les vi (s. 66) at det finst meir enn 15 millionar krabbar i Barentshavet og ei tilsvarande spreiing frå den norsk-russiske grensa til Vest-Finnmark og Bjørnøya. Av dei totale mengdene er 75 prosent på russisk område, og det inneber at naboane våre i aust vil ha eit tungt ord med i laget under forhandlingane. Mange vil seia at vi kan hausta til velsigning
om vi utnyttar ressursen høveleg, andre at vi står framfor ein økologisk katastrofe om vi berre lét kongekrabben spreia seg. |