Dag og Tid nr. 47, laurdag 20. november 2004
Klok på bok:
Klappetur til Sahara
Barrabas er ein underleg type. Nett no, når alle sauer skulle vere glade for å vere nede frå fjellet, når rasa rasar i alle lier, så stryk han motsett veg. Barrabas fauk til fjells, han sa det var ei kjensle av sommar han hadde gløymt der oppe, det var noko han måtte finne att, sa han. Barrabas sprang motstraums, og her sit eg med posten hans. Der ligg mellom anna eit brev frå Gunnar Bæra:
«Då eg las oppgåva denne gongen, fekk eg med ein gong assosiasjonen so rodde dei fjordan. No var det ikkje det diktet, men forfattaren var rett: Aslaug Vaa (18891965) har skrive diktet Rondo som er henta frå samlinga Fotefár (1947). Ho debuterte så seint som i 1934 med diktsamlinga Nord i leite, men då kom og samlingane på rekkje og rad: Skuggen og strendan (1935), Villarkonn (1936) og På vegakanten (1939). Dei to siste samlingane Skjenkarsveinens visur og Bustader kom i 1954 og 1963. Aslaug Vaa er òg kjend som kritikar, omsetjar og dramatikar, men mest vil ho nok bli hugsa som lyrikar for sin språkbruk, prega av dialekta og naturen, og den djupe ettertanken i undringa over livet og kjærleiken.»
Bæra fer ikkje med tull og fanteri. Bæra snakkar sanning, nett som Ingrid Lomholt, som tenkjer ting som ikkje kan seiast på kva tastatur som helst:
«Barrabas, eg hadde tenkt å skrive frå eit dikt av Karin Boye Ja visst gør det ont. Men det finst ingen tast for svensk ø på denne PC-en, (eg har i alle fall ikkje kunna finne han), og difor ville eg ikkje skrive det. Så skreiv eg i staden frå diktet på neste sida Å eige (frå boka Ønskediktet) av Aslaug Vaa. Men det var eigentleg feil dikt!
Så vart det godt for noko likevel. For det er Aslaug Vaa som har skrive diktet Rondo, som er kpb 686 diktet. Selvfølgeleg fekk dette meg til å tenkje på Rondo amoroso av Harald Sæverud. No skal eg gå inn og spele stykket for deg», skriv Lomholt.
Og sjølv om tonane hennar eigentleg var tiltenkte Barrabas, så blir eg øm om hjarta, og det går kaldt og varmt nedover ein nyklipt rygg, og eg kan ikkje anna enn sende premien til Ingrid Lomholt denne veka. Og ja, omvegar fører lengst. Gunder Runde tek ein sveip langs nokre andre vegar, langs sine eigne lange reiser i bøkene, og dei turane er alltid verdt å vere med på:
«Blant dei finaste verselinene eg kjenner til, er desse av Aslaug Vaa:
I stutte blenk / drikk eg mitt jordelivs tilmålte drykk / som fullgjæra skjenk.
Det er mange dikt av denne store lyrikaren som kunne ha vore dregne fram. Det første eg fall for var nok Så rodde dei fjordan, seinare møtte eg også andre sider av Vaa, til dømes kjærleiksdiktaren i dikt som Nykelen, Å eiga (lese i utallige bryllaup) og Ventetimen. Ikkje mindre interessant er Aslaug Vaa som mystikar, særleg i dei to siste samlingane Skjenkarsveinens visur og Bustader. Ein stor forfattar, som dessverre er komen litt i gløymeboka dei siste åra. Aslaug Vaa debuterte seint ho var 45 år gamal men vart ein svært viktig lyrikar i den norske bokheimen, med sine sju diktsamlingar frå 1935 til 1963. Ho gav også ut fire skodespel, der kanskje Honningfuglen og leoparden, med emne frå Afrika, er best kjent. Diktet som kpb 686 viser utdrag frå, heiter Rondo, og står i samlinga
Fotefar, som kom i 1947.«
Fleire kloke? Javisst! Olaug Hokstad, Ellen Borch Veum, Birgitte Berge, Stein Erik Finne og Olav Molven visste kva og kven dei snakka om. Slike folk får meg til å kjenne meg dum som den sauen eg er.
Klok på bok 688
Jeg vekkes fra drømmen av den karakteristiske charterapplausen, fylt av dyp lettelse over at flyet, som ved et mirakel, har landet uskadd og på riktig flyplass: Agadir.
Buss til Hotell Almohades. Jeg leier rom bare for natten, men bil for en måned.
Det er ikke svømmebassenget som lokker meg, men ørkenen.
Kven er denne farande fanten, tru? Han kjem ikkje frå Sahara, i alle fall. Men han kjem til Sahara, han er frå Norden, og han køyrer ein fransk bil. Treng eg seie meir? Litt til? OK: Det er ei slags dagbok, dette, eller essayistikk, eller ei reiseskildring, eller alt det. Da får det halde!
Send svar til klok@dagogtid.no, eller Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10. Ikkje vent. Da kan det hende at du gløymer det, og kastar bort tida på å sjå realityfjernsyn i staden.
Bror til Barrabas
|