Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:
Helgheim
Å kome over fortida
Var norske frontkjemparar med på å drepe jødar? Spørsmålet dukka opp etter utgjevinga av ei bok om nazisten og frontkjemparen Per Imerslund. Ein dansk historikar hevdar at nordiske frontkjemparar heilt sikkert var med på mordarferdene på austfronten, og dermed også norske. Eit forsøk på å ta opp emnet i debattprogrammet RedaksjonEN denne veka, stranda då dei programansvarlege hadde invitert ein tidlegare frontkjempar som ikkje berre nekta for at nordmenn hadde drepe jødar, men som like godt fornekta heile Holocaust. Der ein skulle diskutere eit viktig moment innanfor ei historieforsking som trass i alt har kome litt lenger, fekk vi eit munnhoggeri mellom frontkjemparen og Hans Wilhelm Steinfeld. Egil Ulateig, som har skrive bøker om frontkjemparar, hamna i ein håplaus skvis, og då journalist Bjørn Westlie prøvde å skjere gjennom, hadde debatten forlist.
Westlie avslørde i si tid korleis gode nordmenn rana til seg eigedommane til drepne jødar. Han peika på at det norske politiet si skammelege rolle under deporteringa av dei norske jødane er eit mørkt kapittel. At det mellom norske soldatar på tysk side også var folk som drap jødar, er ingen urimeleg tanke. Men diskusjonen stranda etter ein håplaus, kunnskapslaus og historielaus regi, så typisk for det tabloide debattregimet som herskar i slike medium. Vi skuldar å leggje til at saka hadde vore dekt betre enn dette, også i NRK. Men kva er den historiske kjernen i striden?
Soga om dei norske frontkjemparane er enno ikkje skriven. Forskingsprosjektet Å overkomme fortiden blir neste år avslutta med Stein Ugelvik Larsens De norske frontkjemperne. Det er den femte boka i serien. Ein flik av korleis frontkjemparane vart dømde under rettsoppgjeret er skildra i eit kapittel av den nyleg utkomne Et rettferdig oppgjør?. Med sine fem bøker er serien kanskje ikkje mellom dei banebrytande verka, men opplysande lesnad for historisk interesserte. Lars-Erik Vaale si bok om den norske dødsstraffa etter krigen, ikkje minst om korleis dei politiske frontane stod i saka, er sterk. Til verket høyrer også Berit Nøklebys bok om krigsbrotsverk i Noreg under okkupasjonen, brotsverk utførde av den tyske okkupasjonsmakta og dei norske medløparane. Kva frontkjemparane gjorde under felttoget i aust, kjem inn under krigsbrotsverk utførde av nordmenn i utlandet, og det er eit blankt kapittel. I
rettsoppgjeret vart frontkjemparane dømde som landssvikarar. Ein politimann og frontkjempar som vart dømd til døden etter krigen, fekk den strenge straffa for tortur han hadde utført i Norge, ikkje for tida som frontkjempar. Det er eitt av tilfella Eirik Brazier omtalar i artikkelen Tjeneste for fienden med våpen i hånd i boka om rettsoppgjeret. Kan vedkommande også ha vore med på dreping av jødar på austfronten? Kvifor ikkje? Det er for lengst dokumentert at ikkje berre SS-avdelingar, men også dei vanlege tyske Wehrmacht-styrkane medverka i omfattande massedrap.
Krigsbrotsverk utførde av nordmenn utanlands var ikkje tema under rettsoppgjeret, men sovjetiske og jugoslaviske krigsfangar i Norge fekk røyne at mellom 300 og 400 norske SS-vakter ikkje stod attende for dei tyske. 13.000 av rundt 100.000 sovjetiske krigsfangar vart drepne i leirane i Norge, 2837 eller rundt 70 prosent av dei 4200 jugoslavane strauk med. I 1942-1943, då jugoslavane altså var underlagde tyske og norske SS-vakter, var dødstala for jugoslavane så høge at det er snakk om utryddingsleirar. Det var fleire drepne og omkomne blant dei utanlandske krigsfangane på norsk jord enn dei samla tapa av både norske og tyske menneskeliv i krigshandlingar i Norge.
Heller ikkje dette har fått den plassen det skulle ha i ei autorisert norsk krigshistorie. Opp til vår tid har ho vore underlagd det ein historikar har kalla nasjonal konsensus, sentrert rundt det Odd-Bjørn Fure omtalar som dei nasjonalt minneverdige hendingane under okkupasjonen. Når dette biletet byrjar å rakne, er det ikkje berre på grunn av framveksten av ein ny historikargenerasjon, men også takk vere historisk interesserte skribentar som på eiga hand har grave i den historiske komposten. Når handsaminga av dei norske jødane no for alvor har kome i rampelyset, er det grunn til å minne om at dette var eit offentleg ikkje-tema til langt opp på åttitalet, då Per Ole Johansen gav ut boka Oss selv nærmest. Nils Johan Ringdal skreiv seinare om statspolitiet, Lars Borgersrud har ført ein årelang kamp med eit etablert historielaug for å avsløre det norske offiserskorpset sitt
svik under krigen. Det var ein journalist (Kåre Olsen) som på nittitalet skreiv eit verk om krigsbarna, som er ei grunnbok for nye granskarar, også deltakarane i eit pågåande offisielt forskingsprosjekt om krigsbarna. Bjørn Westlie gjorde det norske jøderanet til ei offentleg sak, og enno er det mørke kapittel att i den heltedominerte norske krigshistoria.
Eit kapittel i boka Et rettferdig oppgjør? handlar om det økonomiske oppgjeret, for skadar Nasjonal Samling påførde samfunnet. Men kvar er verket om heile økonomien i Norge under okkupasjonen, kva han hadde å seie for den tyske økonomien, og for den norske økonomien etterpå? Ein tysk historikar (Robert Bohn) har skrive noko om det på tysk. Vi kan få glimt av det i sogene om norske hjørnesteinsverksemder, som i det komande verket om Norsk Hydro.
Vitsen her er ikkje å krevje fleire «oppgjer». Fortida byrjar å bli lang når det gjeld krigen i Norge. Men vi kjem ikkje over henne før vi blir medvitne om dei avgrunnane i mennesket som alle kan bli offer for.
Roald Helgheim |