Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:
Leiar
Meiningslaust kutt i støtta til lærebøker
Regjeringa vil ta vekk den økonomiske stønaden til utvikling av lærebøker for høgre utdanning. Ordninga skal stø utgjeving av lærebøker som fyller eit dokumentert mangelområde, lærebøker med låge opplag, i tillegg til lærebøker på nynorsk og samisk. 20-30-40 000 i støtte til kvar bok. Små pengar som gjev gode resultat. 104 lærebøker fekk støtte i 2003. Totalsummen var i 2003 på 7,5 millionar kroner.
For dei store faga som ex.phil, jus, bedriftsøkonomi, statsvitskap, historie, sjukepleie, allmennlærarutdanninga og ingeniørfaga er ikkje dette noko problem. Marknaden er stor, konkurransen deretter og problemet er snarare at det vert kasta bort for mykje pengar på å utvikla stadig nye lærebøker. Forlaga byr over kvarandre i royalty til forfattarane. Det er ikkje få som har tent gode pengar på å skriva lærebøker som har kome inn på pensum.
Dette er langt frå situasjonen på dei små fagområda som mange av språkfaga, religionsfaga og dei estetiske faga. For desse faga er det ingen marknadsmekanismar som fungerer. Lærebøkene sel ikkje nok til å løna seg. Utan støtteordningar kjem dei ikkje ut. Enkelt og greitt. Alternativet er simple kompendium, artikkelsamlingar eller lærebøker på engelsk. I staden for ei lærebok i religionssosiologi med norske døme og norske referansar, vert studentane tilbodne amerikanske læreverk skrivne for amerikanske studentar.
Dette er endå eit døme på manglande forståing og vilje til å leggje tilhøva til rette for å styrkja norsk språk og fagterminologi. Regjeringa burde gjort det motsette og auka løyvingane til lærebokstøtta. Dette er ei svært lita investering som vi må sjå oss råd til. Saka viser også at aegjeringa ikkje er samstemt. Samstundes som undervisingsminister Kristin Clemet tek bort lærebokstøtta, vil kulturminister Valgerd Svarstad Haugland styrkja Språkrådet sitt arbeid for å hindra domenetap i norsk terminologi.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|