Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:


Kommentar
Og sekstiåttarane dei ganga så synduge

No og då lurer eg på kva som hadde skjedd om sekstiåttegenerasjonen ikkje fanst. Ikkje så at dei på eit tidpunkt tagna, slutta skriva og diskutera, organisera og protestera, men at dei berre aldri vart til. Eg ser for meg alle dei offentlege debattane utan skremmande innhald, eg ser for meg tomrommet i kronikkane, eg ser for meg dei arbeidslause overvakarane bla gjennom tomme saksmapper og samfunnsmedvitne politikarar stå utan ord. Tenk dykk berre denne grufulle situasjonen og forvirringa over heile Noreg om landet plutseleg skulle bli utan denne universelle syndebukken for alt det gale som har skjedd, skjer og kjem til å skje.

For berre sjå! Karin Yrvin, nestleiar i Oslo Arbeiderparti, skreiv i Dagbladet 23. juni i år at sekstiåttegenerasjonen ikkje har funne gode løysingar på område som narkotikamisbruk, prostitusjon, kriminalitet og borns oppvekstvilkår, dei nyt godt av at dei klarte å avbetale studie- og bustadlån før marknadsrenta kom, og ventar no berre på gullkanta pensjonar på bok, og dei er dei fremste motstandarane av ei meir rettvis fordeling. Det minste ein kan venta av dei, er at dei gjer opp for 1970-talets ideologidebattar, seier orsak til kvarandre og rettar blikket mot reelle problem i dagens samfunn.

Knut Michelsen skriv i nr. 3/2004 av Norsklæraren at alt det vonde i skulen kjem av reformpedagogikken, som truleg botnar i dei vestlege universitetsmiljøa på 60- og 70-talet, med blanding av politisk einfald, totalitær tenking, romantisk dyrking av barnet, seksuell og rusmessig frislepp, narsissisme og ein hang til karrierejag med ein nesten sjukleg sjølvrealisasjonstrong.

Alt det galne ml-arane åleine er skuldige i, nyttar det ikkje å referere: Det er så mykje, men mest av alt har dei øydelagt norsk moral og rettskjensle, og dei har ført norsk utanrikspolitikk med tette kontaktar med dei mest avskyelege diktatorar.

At Noreg i det heile finst i dag, kan berre koma av at det norske folket er eit hardført folk som har overlevd både kulda, katolisisme, pietisme, unionane, dei harde trettiåra og okkupasjonen, og har vore kroppsleg og åndeleg rusta til å møta 68-generasjonen. Eller er det kanskje av di ein ikkje måtte gå mange meter bort frå Dovregubbens hall i Storgata eller Chateau Neuf på Majorstua i Oslo for å vera mellom menneske som ikkje ein gong visste at det finst noko i verda som heiter Studentersamfundet?

Det er sjeldan eg les ein så ahistorisk og kunnskapslaus debatt som denne om 68-generasjonen, med så lite innsikt i kva for faktorar som formar samfunnsutviklinga. Ein burde kanskje byrja med å spørja kva det var som skjedde på 1960-talet. Lista er lang, sjølv om ein ikkje tek med økonomien og alle hendingar i politikken på landsbasis, for på sekstitalet skjer det mykje, alt frå utdanningseksplosjonen, innføringa av TV i Noreg via kvinners innmarsj i arbeidslivet til pressestøtta. Den som vil lesa meir, får sjå det korte oversynet som Jostein Gripsrud gjev i forordet til festskriftet til Helge Rønning (Mellom mediene, Oslo 2003), og vil ein djupare ned i tida, finst det godt om større historieverk. Det held å lesa eit eller anna større oversyn over utdanningshistorie, til dømes Bondevik og Tønnesen: Norsk utdanningshistorie for å sjå at skulereformene i Norden vart uttenkte av sosialdemokratane i tida kring andre verdskrigen. Og dei har vore like mykje tufta på liberalistisk ideologi med individet i sentrum og fri personleg utvikling. Sverige har hatt liknande utvikling som Noreg, men i dei vanlege svenske utdanningshistoriene, t.d. Richardsson: Svensk utbildningshistoria, nemner forfattarane ikkje 68-generasjonen.

Ein kan heller ikkje setja likskapsteikn mellom sekstiåttarar og ml-rørsla, for denne generasjonen er særs samansett, og dei to politisk mest profilerte gruppene, ml-arane og sf-arane, har ikkje akkurat levd i lukkeleg semje. Dessutan har dei fleste frå denne generasjonen vore korkje politisk aktive eller samfunnsengasjerte. Og kva har så sekstiåttarane hatt å seia for samfunnsutviklinga? Det har vore 3000 til 3500 ml-arar (sjå til dømes Jon Ivar Elstad sin artikkel om dei i Samtiden 3/2004), altså under ein promille av den norske folkesetnaden, og sf-arar var det ikkje så mange fleire av i Noregs land. Det har alltid vore lettare å finna folk som aldri har møtt ein ml-ar enn folk som har treft dei. Så dei må då ha vore utruleg dyktige og tilhøyrt ein hemmeleg maktelite om dei har kunna styra samfunnsutviklinga (mest den i galne retninga) så mykje som dei vert skulda for. Det kan ein sjå i dag òg, for det finst ikkje mindre enn 15-20 gamle ml-arar og sf-arar som sit i samfunnsrelevante posisjonar. Det er mykje det. Eller sit dei der kanskje fordi dei verkeleg er flinkare enn andre (avundsjuke) kandidatar, kva ein så måtte meina om deira politiske syn då og no. Eg kan vanskeleg tenkja meg at Mork eller Heger eller Chaffey sit der dei sit fordi dei har vore politisk aktive på venstresida.

Vår generasjon kan skuldast for eit og anna, men knapt for det vi vert skulda for. Det Dag Solstad hadde og har å seia, påverkar korkje den norske opinionen (kanskje med unnatak av det han seier om fotball) eller dei som tek avgjerder om dei store utviklingslinene i samfunnet. For meg ligg problemet heller i det at 68-generasjonen hadde så lite å seia i norsk samfunnsliv. Vår generasjon har i det minste hatt nokre visjonar om ei betre verd, ikkje som dagens politikarar om større forbruk.

Tenk på om foreldra til sekstiåttarar fann på noko anna å gjera i denne lagnadstunge stunda då dei vart omsette frå ein syndig tanke til noko levande. Noreg utan fanden på veggen! Det måtte ein ny Jørgen Moe til for å samle brotstykkja til dette nye Draumkvedet om tunga som talar og sanninga som svarar på domedag om dei synduge sekstiåttesjæline.
Ljubisa Rajic

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |