Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:
Klok på bok
Varsel om hakka møk
Slett ikkje få hadde snust, leita, søkt eller grave seg seg fram til den rette løysinga.
«Kpb 685 var ukjend lesnad, men når ein er uvitande, er bokkatalogen grei å ty til. Den 98-debutanten eg tykte passa best, var Trond Davidsen med Triggerhappy: Urbant, hensynsløst, subjektivt og fandenivoldsk fortalt av en unge kvinne. Dei kan få sagt det! Det einaste som vanta var hylende morsom. Davidsen har seinare gjeve ut Erkki Murole, Vann og Holger Hansens historie, fortel ho Elen Marie Todal.
Og slår til fulle fast kor viktig det er å ta vare på dei vesle bokkatalogane som kjem kvar haust. Det er rett og slett trivelegare å leita i dei enn på internettet. Synest no eg då.
Jon Eivind Vatne frå Rådal har også rett løysing, og litt å leggja til. Han fortel at Trond Davidsen også har snust på forfattarbransjen på anna vis enn som forfattar. Hovudoppgåva hans var «Redaktørens rolle: en kvalitativ studie av redaktørleddet i norske forlag», som han gjorde seg ferdig med i 2001.
Jon Eivind Vatne får prisen denne gongen.
For ordens skuld har eg grave fram det gamle intervjuet som Dag og Tid gjorde med Trond Davidsen i samband med debutromanen. Slike rett-frå-levra-typar er det ikkje for mange av, og difor har eg teke vare på intervjuet.
« Denne boka kjem til å selja som hakka møk! Triggerhappy kjem til å verta lesen av dei fleste. Eg har teke opp eit aktuelt tema. Mange har prøvd seg tidlegare, men dei har ikkje fått det til. Eg har fått det svært godt til, sa den Trond Davidsen utan å lea på eit einaste ironisk augelok.
I boka skildrar han den vakre, men nedkøyrde Thea. Ho er vestkantjente og jusstudent i byrjinga av 20-åra, men hangen til raudvin og dop er større enn hangen til paragrafar. Som oftast har ho ei flaske «Sophia» i handa. I romanen fell restaurantnamna hyppigare enn familienamna i ein generasjonsroman, skreiv Dag og Tid den gongen.
Rette svar elles kom denne gongen frå superløysaren Truls Johannessen, Fredrikstad; Mette Vaag, Steinkjer; Bente Kleiveland, Rådal; Brita Lundeland, Aurland; Ranveig Lundquist, Orkanger; Johannes Bleie og Olav Molven, Bergen.
Eg skjønar ikkje korleis superløysarane greier å koma fram til rett løysing gong etter gong kvar gong?
Det grunnar eg på!
Klok på bok 687
Maken har jeg aldri sett: foran øynene har han to små runde glasskiver innfattet i ståltråd. Er han blind? Jeg kunne forstått det om det var for å skjule blinde øyne. Men han er ikke blind. Glassene er mørke, utenfra virker de ugjennomsiktige, men han kan se gjennom dem. Han forteller meg at det er en ny oppfinnelse. «De skåner øynene for det skarpe sollyset», sier han. «De er gode å ha her ute i ørkenen. Man slipper å gå rundt og myse bestandig. Og man får ikke så lett hodepine. Se.»
Boka kom ut på norsk i 1983, og ho var eit gjennombrot både nasjonalt og internasjonalt for forfattaren. Han har fått mange prisar og vert rekna som ein av dei store.
Send løysinga til klok@dagogtid.no, eller til Dag og Tid, Postboks 7044 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22414210.
Denne helga satsar eg på ei god rotbløyte. Vestlandet!
Barrabas
|