Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:
Bokmeldingar
Den vanskelege heimkoma
Jonny Halberg vil mykje i den Brage-nominerte romanen Gå til fjellet, kanskje for mykje.
ROMAN
Jonny Halberg:
Gå til fjellet
Kolon
«Ble han forandret? Han visste ikke. Han hadde fått en skygge gående ved siden av seg. Hver gang han snudde seg mot den, var den borte». Johannes Ewald Renton er på veg heim etter fleire år som FN-soldat. Han har svært blanda kjensler da han sit på toget: «Toget tar oss hjem. Slik har det alltid vært», men kva er det toget fører Johannes heim til?
Gå til fjellet er eit laust framhald av romanane Flommen og Trass. Vi blir tekne med til dei fiktive innlandsplassane Enevarg og Melhus. Denne gongen er det familien Renton som står i sentrum, men vi møter òg att fleire av dei sentrale personane frå tidlegare i meir perifere roller. Familiehistoria til «the Rentons» er klassisk lagnadstung. «Syndene til fedrane» pregar sønene. Dei er på kvar sin måte merkte av barndomane sine, det problematiske forholdet til fami-liehistoria, kvarandre og heimplassen. Halberg forankrar forteljingane sine, enten dei er utforma som romanar, noveller eller filmmanus, i ei form for bygdedeterminisme. Staden ein kjem frå, er like bestemmande som gena for kven du er og kva du har moglegheit til å bli. Enevarg har sett seg i blodet på personane.
Utbrytarar
På kvar sin måte prøver personane å bryte ut ifrå dette mønsteret: Johannes verva seg, søster hans vel fiksjonen (ho er skodespelar) og dopet, gamlekjærasten til faren blir einebuar i skogen, mora knaskar piller, medan faren klår på jentene og dyrkar Mammon som leiar i inkassobyrået Hybris. Alle forsøka på å «bryte ut» blir henta inn att av bygda. Men bygda er like fullt tvitydig. Ho slukar ein, men lèt samstundes dei ulike personlegdomane få utfalde seg i alle sine sære og tragikomiske nyansar. Det er såleis ikkje det hypermoderne bygdedyret som brøler frå skogkanten. Naturen er i, og rundt menneska og har ei avgjerande rolle i teksten. I kva grad kan ein
gå til fjellet? Og kva har det å seie?
I Enevarg drakk folk seg fulle, krangla i generasjonar og slost, men levde rimeleg fredeleg saman på det jamne. Men kva skjer når bygda har endra seg? Den bygda Johannes kjem heim til, er ikkje til å kjenne att. «Lottobygda» er det nye namnet, og dei tradisjonelle sjøslaga og slåstkampane på romjulsfestane er erstatta med høfleg konversasjon med dyr vin og påklistra hòlt samhald. Heimkomen blir Johannes meir heimlaus enn ute i teneste.
Johannes er merkt av det han opplevde i Bosnia, og sjølv om han helst ikkje vil vise at han er det, skiplar minna han. Johannes er ein mjuk tøffing som er vorten knytt til dei menneska han møtte og landet han var i. Han er stolt over jobben han har gjort, men samstundes er han sterkt kritisk til den måten politikarane styrer og bestemmer på. Dei er «medløparar», som sviktar dei heimkomne soldatane. Ein medalje kan ikkje bøte på det og sekvensen der Johannes skal få Edel Dåd-medaljen, er eit parodisk høgdepunkt i romanen. Det er særleg i møta med gamle soldatkompisar, som alle er meir eller mindre skadde og skakkørde, at den politiske kritikken kjem fram. Han er fundert i vonbrot og sinne, men artikulert blir han meir butt, enn spissa.
Romantikar
Jonny Halbergs prosa er som alltid full av litterære og kulturhistoriske referansar. Noko av handlinga går føre seg i «Knausgårdsgate», «Ture Eriks trio» spelar opp til dans på samfunnshuset, og «Kurt Nilsen» har fått ei fornøyeleg rolle som valdsdømd nasjonalistisk kranglefant! Hovudpersonen låner namnet til den danske romantiske 1700-talsdiktaren Johannes Ewald. Johannes er eit enkelt og godt menneske. Han vil gjerne gjere alle til lags og vere godt likt, men det går ikkje. Han lengtar etter det reine i menneska, i naturen og i relasjonane mellom menneska. Han lengtar etter det reine i sanningane, og blir dermed ein uboteleg moderne romantikar i utakt med tida, samfunnet, dei andre og seg sjølv. Eller er han ei moglegheit?
Dialogen er alltid viktig i Halbergs prosa, men i denne romanen manglar noko av den kjappe snerten som kjenneteiknar dei tidlegare bøkene hans. På ein måte forsterkar dette inntrykket seg av det desillusjonerte og resignerte ved tilværet til hovudpersonen. På ein annan måte er det med på å gjere Gå til fjellet mindre fokusert og heilskapleg. Forteljinga flyt på ein måte utover. Eg blir sitjande å lure på om historia har for mange element i seg. Dei mange møta med folk (frå for- og samtid), og dei mange ulike situasjonane ein blir førd inn i (konkret og i minnet), er med på å sette Johannes inn i eit meir reelt rom (sosialt, psykologisk, politisk, historisk osb.), men samstundes gjer det at intensiteten i teksten svinn noko. For all del, romanen er god, fornøyeleg og kritisk, satirisk og alvorleg, ironisk, trist og viktig, men eg trur kanskje Halberg vil for mykje samtidig denne
gongen.
Nora Simonhjell
|