Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:


Bokmeldingar
Normalitetens forferdande variant

Rettspsykiateren Leon N. Goldensohn fekk i 1946 i oppdrag å røkta den psykiske helsa til nazi-leiararene under Nürnberg-rettargangen, og noterte samvitsfullt det dei fortalde. Å lesa notata i bokform er som å følgja ein Dante i forgarden til helvetet, skriv professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet.

SAKPROSA
Leon N. Goldensohn:
Nürnberg-intervjuene. En psykiaters møte med Hitlers betrodde menn
Damm, 622 sider

Dei laug. Dei sa dei ikkje visste. Eller at dei visste, men var under ordre frå høgare hald. Eller at dei visste, men ikkje kunne gjera noko. Eller at andre gjorde det. Eller at ansvaret stogga ved plattforma utanfor Auschwitz II. Eller at den som skulle takast var Hitler. Han bar hovudansvaret. Alle trådane kom saman hjå han. Ein god politikk, men dårleg utførd. Og dette: Eg redda jødar i det skjulte. Nokre av mine beste vener var jødar. Eg er annleis enn dei andre som står føre aktor her.

Slik kom alle orsakingane, heile den kjende rekkja. Den amerikanske rettspsykiateren Leon N. Goldensohn (1911-61) fekk i 1946 i oppdrag å ta seg av den psykiske og kroppslege helsa til nazi-leiararenes  under Nürnberg-rettargangen. Systematisk intervjua han dei mest notoriske naziforbrytarane, frå Hess, Göring og Frank til Speer, Streicher og Kaltenbrunner (19 tiltala, 14 vitne). Samvitsfullt skreiv han ned det han høyrde (intervjua gjekk til dels via tolk). Men fordi Goldensohn døydde alt i 1961, vart materialet liggjande i familien si varetekt inntil historikaren Robert Gellately – kjend mellom anna for studien Backing Hitler, om angiveri og Gestapo si overvaking av opposisjonelle – fekk i oppdrag å gjera intervjua tilgjengelege for ålmenta.

Deformerte sinn
Resultatet er som å følgja ein Dante i forgarden til helvetet. Her sat han, Goldensohn, sjølv jøde, krampaktig rett framfor dei verste menneskerettsforaktarane i det 20. hundreåret, i deira eigne celler. Det som skjer – nærast klaustrofobisk – er at nazistane gjev oss eit innblikk i si eiga sjølvforståing. Dei driv med sjølvrepresentasjon. Det vi ser, er deformerte sinn, små menn som aldri tek eit sjølvopprør, som ein Knut Hamsun, hadde eg nær sagt – som aldri ser botnen i sitt eige brotsverk. Som knapt skjønar kva dei har vore med på og tyr til dei mest tarvelege utvegar.

Rolla til psykiateren var uklår. Det gjer sanningsgehalten til desse samtalane vanskeleg å døma om. Dreidde det seg om eit pasient-lækjar-tilhøve? Kunne dei tiltala risikera å sjå utsegnene sine att i bevisførsla til aktoratet? Dei fleste kjempa for livet. Det er openbert at dei parfymerte det dei sa. Det galdt å framstilla seg sjølve i best mogleg ljos. Difor også alle freistnadene på å orsaka seg. Difor også skepsisen til Speer. Han ville ikkje bli intervjua (men tok det att sjølv i ei rekkje bøker som alle hadde eit nokså fritt tilhøve til sanninga, jfr. Gina Sereny sin framifrå studie Albert Speer: His Battle with Truth, 1995). Her kjem Speer berre med ei stutt fråsegn, men ho inneheld det vi kjenner fra før. Han seier rettssaka var naudsynt, at han er mindre skuldig enn dei andre, men at den som tok imot ei stilling i regjeringa under nazistyret var skuldig. «At Hitler-regjeringa var kriminell, er eit faktum».

At nazi-koryfeane driv med skjønnmåling, hindrar ikkje at dei står fram i all sin forferdande normalitet: Göring som slepper ut av seg at han syntest det var «usportsleg» å drepa små born. Dessutan «beundra» han kvinner, som han sa. Det var det som uroa han mest når han vart spurd om folkemordet på jødane. Tåkefyrsten Rosenberg, nazi-ideologen, iretteset Goldensohn når han får mistanke om at psykiateren ikkje får med seg alle detaljane i forsvarstalen. Ribbentrop som seier at han aldri høyrde om utryddingane, og at Hitler vart meir og meir «ustyrleg» i jødespørsmålet etter kvart som krigen meir og meir syntest tapt («han mista alle proporsjonar»).

Hovudpoenget var ikkje utryddinga av jødane, seier den tidlegare champagnehandlaren, men at Tyskland var undertrykt og ikkje fekk ein sjanse til å bli ei stormakt att. Auschwitz-kommandanten Rudolf Höss som, når han får spørsmål om ikkje talet 2,5 millionar drepne menn, kvinner og born under kommandoen hans i leiren gjer han uroleg, svara: «Eg trudde eg gjorde det rette, og eg lydde ordre. No skjøner eg naturlegvis at det eg gjorde var unødvendig og gale. Men eg skjøner ikkje kva du meiner når du spør meg om eg er uroleg når eg høyrer dette, fordi eg har aldri personleg myrda nokon. Eg var berre leiar for utryddingsprogrammet i Auschwitz. Det var Hitler som gav ordren gjennom Himmler, og det var Eichmann som gav meg ordren med omsyn til transportane». Goldensohn spør så om han av og til tenkjer på gassinga, brenninga av lik – noko som plagar deg? «Nei, eg har ingen slike fantasiar», svarar Höss. Han var ein mann som hadde eit uproblematisk familieliv og slappa av med Schumann-konsertar berre eit steinkast frå omnane. Höss var mannen som aldri hadde mareritt og som ikkje diskuterte yrket sitt med kona. «Ho hadde for mykje å gjera heime med oppsedinga av borna». Eichmann avslørde same skott-inndeling i sinnet: ordre ovanfrå, ikkje noko å seia når det galdt dei konkrete drapa. Det var det dei andre som stod for. Og knapt nokon anger.

Sadistar?
Ein kollega av Goldensohn i Nürnberg, G. M. Gilbert, har alt gjeve ut observasjonane og testresultata sine frå Nürnberg, Nuremberg Diary  (1947). Hovudinntrykket av den boka er at Gilbert meiner nazistane ikkje var sinnssjuke. Han gav dei mellom anna visuelle Rorschach-testar og fann at dei nok var meir nasjonalistiske enn gjennomsnittet, at dei nok kunne ha eit meir underdanig tilhøve til autoritet, men at alle desse karaktertrekka låg innanfor det ein kunne kalla ‘normale’ mentale personlegdomsdrag. Så også med Goldensohn. Han refererer til IQ-prøver. Med unntak av den fanatiske antisemitten og Stürmer-redaktøren Julius Streicher, låg alle dei tiltalte på godt gjennomsnitt med omsyn til intellektuelle gåver (Speer endåtil langt over). Dei hadde ikkje seksuelle avvik, kunne ikkje kallast patologiske typar. Dei var forferdande normale, mest opptekne av karriereomsyn, plikttruskap, offervilje, patriotisme, beundring for Føraren.

Her er Goldensohn verkeleg interessant, for ein kan hevda at dei fleste av desse sosiopatiske, kalde monstra – for det må dei kallast – visste at dei skulle døy. Var dei då ikkje interesserte i å framstilla seg sjølve som moralske kjenslevare og angerfulle menneske som innsåg kva dei hadde vore med på, hadde evna til sjølvinnsikt, for på det viset å få eit betre ettermæle enn patetiske moralske dvergar? Men nei, dei var til margen avslørande ærlege i all si smålåtne karakterløyse og ja, banalitet. Arendt sitt omgrep kjem umeldt etter lesinga.

Juridifiseringsfella
Når politiske konflikta-r kjem opp for domstolar, skjer det underlege ting. Då kjem ei juridifisering som ofte gløymer eller ikkje får med seg meir kompliserte sakstilhøve. Nürnberg er ikkje noko unntak. Den patetiske nazi-ideologen Alfred Rosenberg vart hengd, medan mannen som verkeleg har skulda for at Hitler blei overgjeven makta i 1933, Franz v. Papen, vart frikjend (men seinare dømd til tvangsarbeid). Papen vart med tida ambassadør i Wien og i Ankara, men deltok ikkje i myrderi. Det indirekte ansvaret for myrderia er sjølvsagt stort for Papen. Han la aldri for dagen noka sjølvinnsikt. Memoarane kan lesast som den reinaste uskuldsdeklarasjonen. Papen legg også her for dagen ein botnlaus naivitet i synet på nazismen – her er det ei line frå lagnadsåret 1933 til Nürnberg.

At denne boka kjem ut på norsk, er bra. Heider til Damm. Men omsetjaren har hatt det for travelt. Mykje småfeil, og det manglar register. Forlaget må strekkja seg betre neste gong på det tekniske.
Bernt Hagtvet

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |