Dag og Tid nr. 45, laurdag 6. november 2004:
USA
Det todelte USA
WASHINGTON: Halve USA ønskjer ikkje å ha George Bush i Det kvite huset i fire år til. Usemja om Bush handlar om mykje meir enn ein krig i Midtausten. Det handlar om den amerikanske sjela.
Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
«Vote or die». Med hiphoparen P. Diddy i spissen har organisasjonen Citizen Change bombardert amerikanske byar med plakatar med den dramatiske bodskapen stem eller døy. Og x amerikanarar tok P. Diddy på ordet og leverte inn stemmesetelen sin 2. november. Majoriteten lét president George Bush behalde nøkkelen til Det kvite hus.
Dag og Tid tok turen til Washington, DC, for å finne ut kvifor amerikanarar har stemt for harde livet. Og ikkje minst kvifor dei har stemt for fire nye år med Bush. Medan presidenten dreiv valkamp i den eine usikre staten etter den andre, var eg heime åleine med veljarane i Washington, byen der 90 prosent av veljarane stemmer på demokratane, 60 prosent av befolkninga er afroamerikansk og folk er hysterisk opptekne av politikk.
Pro-liv
Midt i det demokratiske hjartet trefte eg ein heilhjarta republikanar, Najja Bracey, (30), som skulle stemme på Bush. Bracey har teke dei rette karrierestega så langt. Ho tok ein master i økonomi på det velrenommerte universitetet Johns Hopkins, no jobbar ho for ein organisasjon som driv med bistand. Samtidig har ho nett starta opp sitt eige selskap. Ein skulle tru at ei urban, reisevand, høgt utdanna afroamerikansk kvinne som jobbar med bistand skulle vere eit lett byte for John Kerry. Men ting har ikkje vore enkle og logiske i dette presidentvalet. Bracey, som alltid har stemt demokratisk, har i løpet av dei fire siste åra blitt ein klar Bush-støttespelar.
Bush har alle kvalitetane ein god leiar bør ha. Med det meiner eg at han har visse verdiar han trur på og han står ved dei, også overfor folk som ikkje deler same oppfatning. Han bøyer ikkje ryggen for å tilfredsstille alle, seier Bracey.
Ho har snike seg ut frå jobben midt mellom to møte. Eg treffer henne på ein kinesisk restaurant rett over gata. Bracey er ei av dei mange som har stemt på Bush hovudsakleg av sosiale årsaker, slike som religion og motstand mot homofilt ekteskap, abort og stamcelleforsking.
Eg er pro-liv og trur på ein «culture of life» livskultur. Det omfattar både abort, stamcelleforsking og kloning. Dersom ein seier at abort er ok, blir kloning også ok. Når ein tillèt éin ting, kan ein ikkje stoppe det neste. Abort er eit tema i valkampen fordi det heng saman med så mange andre tema, seier Bracey.
Liv må ofrast
Men Braceys «livskultur» omfattar ikkje alle slags liv. Når ho snakkar om krigen i Irak, kjem det fram at det ufødde livet blir vurdert annleis enn det fødde livet.
Av og til er krig nødvendig, og ja, av og til vil mange uskuldige liv gå tapt, men det er dessverre realiteten i krig. Irak er eit vanskeleg tema, men eg trur at Bush har den rette ideen om Irak, det er ein kamp mellom godt og vondt. Og eg vil heller ha ein mann som Bush i leiinga til å avgjere om vi skal gå til krig enn Kerry. Eg lit ikkje på Kerrys utanrikspolitikk i det heile, seier Bracey.
Ho vinkar farvel og spring inn for å jobbe med bistand igjen.
Sleipe Halliburton
Ein annan stad i byen, i det hippe og kule og internasjonale Adams Morgan-området går pensjonisten Grace Malakoff rundt med skilt som seier «Vote for Kerry» Stem på Kerry. Ho er medlem i League of Women Voters of DC og plantar skilt i hagane til folk. Kerry er hennar mann, ikkje tvil om det. Den pensjonerte bestemora med ei utdanning i statsvitskap er bekymra for krigen i Irak.
Krigen i Irak plagar meg. Og president Bush er ikkje gjennomtenkt nok til å kunne leie ein slik krig, seier Malakoff.
Når ho høyrer at eg er frå Noreg, smilar ho og fortel om ein tur til det norske Vestlandet. Ho lét seg imponere av fjell og fjordar. I desse dagar les ho ei bok om Halliburton, selskapet visepresident Dick Cheney tidlegare var direktør for. Det gjer ho rasande at militærkontraktar i Irak blir delte ut til Halliburton og andre Texas-selskap som støttar opp om Bush og Cheney.
Irak vil heimsøkje oss i mange år framover, seier Malakoff, før ho går vidare med Kerry-skilta sine.
Stemme til sanninga
Frå det trendy Adams Morgan går turen austover i byen. Washington er ein delt by, i den forstand at rike og hovudsakleg kvite bur i vest, medan fattige, svarte og latinamerikanarar bur i aust. Då eg budde i byen i 2002, gjekk grensa for kor langt aust eg kunne gå på 16. gate. Gjekk ein aust for 16. gate, kunne det verste skje, særleg på 80-talet, då Washington var ein av dei mest kriminelle byane i USA. Raseopptøyar fann stad fleire stader i byen. Men ting har endra seg no. På få år har prisane på hus og husvære mangedobla seg, og mange meiner grensa no går på 12. gate. Eg tek turen endå lenger aust, til 6. gate, for å vere med på «homecoming» heimkomst for nye
og gamle studentar på Howard University, eit av dei største afroamerikanske universiteta i USA. P. Diddy hadde konsert her i går. På ein gigantisk storskjerm spelar heimelaget Howard amerikansk fotball.
Sanninga er den viktigaste årsaka til at eg stemmer, og Bush er den største løgnaren der ute, seier Roger.
Han og kompisane Kevin og Julian er alle tre samde om at John Kerry er den minst vonde av dei to.
USA bør trekkje seg ut av Irak og Bush bør fortelje sanninga om krigen. USA skal ikkje vere verdas politimann, vi må ta vare på oss sjølve. Kvifor skal vi bruke milliardar på infrastruktur i Irak når det er hol i vegen framfor huset mitt, spør Roger.
John Kerry fekk stemma til dei tre tidlegare Howard-studentane.
Indisk støtte til Bush
I eit heilt anna og mykje rikare nabolag, West Falls Church, Virginia, bur indiskfødde Ranjit Kohli (35) med kona si og ein liten son. Virginia blir rekna som ein av sørstatane, og i år, som så mange år før, gjekk staten til republikanarane. Kohli bur i eit gigantisk hus med tre garasjeportar, SUV, 60-tommars TV-skjerm og hushjelp.
Fri handel og støtte til outsourcing er dei viktigaste grunnane til at eg mest sannsynleg stemmer på Bush, seier Kohli, som meiner at Bush omgir seg med dyktige folk som forstår seg på næringslivet.
Med både indisk og amerikansk statsborgarskap og som direktør for IT- og telekommunikasjonsselskapet Thunderbird Industries har Kohli ein viktig posisjon i det amerikanske samfunnet. Han stemte også for Bush i 2000, men det som gjer han usikker i år, er at han er usamd med Bush i saker som abort, religion, menneskerettar og utanrikspolitikk.
Den typiske Bush-supporteren har lite utdanning, er rånete og rasistisk, seier Kohli, som ikkje ser på seg sjølv som ein typisk Bush-supporter.
Denne dagen har han litt feber og vil ikkje la seg fotografere. Samtalen vår blir stadig vekk forstyrra av utkledde naboungar som ringjer på døra og ropar «trick or treat», og gladeleg tek imot Halloween-snopet Kohli gir dei.
Emigranten
Blir Bush attvald som president, flyttar eg ut av landet.
Den fortvilte utsegna kjem frå newyorkaren og filmskaparen Charlene Hill (35). I år stemmer ho på den tredje presidentkandidaten Ralph Nader. Eg treffer ho medan ho sel t-skjorter med teksten «uppity nigger» snobbete neger, eit forsøk på å ta tilbake eit gammalt skjellsord.
Då Bush blei vald i 2000, prøvde Hill å emigrere til Canada, men ho blei send tilbake etter 30 dagar. Denne gongen har ho spart opp pengar og vil endå lenger vekk enn den canadiske grensa. I denne valkampen har ho vore mest oppteken av kvinnesak, abort, ekteskap mellom homofile, sivile rettar og ytringsfridom.
Eg reiser rundt i verda, eg snakkar tre språk, eg forstår kvifor 11. september skjedde. USA har gjort urett mot så mange menneske. Det var dømt til å skje.
Bush-historia held fram
WASHINGTON: USA er verdas militære supermakt, men har neglisjert behovet for «soft power» demokratiske institusjonar i Irak, seier Francis Fukuyama.
Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
Den nykonservative professoren i internasjonal politisk økonomi og forfattaren av The End of History and the Last Man er svært skeptisk til måten Bush-administrasjonen har handtert krigen og gjenoppbygginga i Irak.
Bush har inga orsaking for ikkje å ha vore førebudd til å gjenoppbyggje Irak. Forsvarsminister Donald Rumsfeld ville bli kvitt masseøydeleggingsvåpena, men administrasjonen hadde ikkje ein infrastruktur på plass for å lette overgangen til demokrati i Irak, seier Fukuyama på eit møte med Washingtonseminaret på Johns Hopkins-universitetet, arrangert av Dinamo og BI.
Kritikk mot Bush
Eg hadde håpa at Bush og rådgjevarane hans ville innrømme at dei har gjort ein del feil. Det ser det ikkje ut til at dei har tenkt å gjere. Men så er ikkje Bush van med å høyre kritikk heller. Då Kerry i den første presidentdebatten sa at krigen i Irak var eit kolossalt feilsteg, trur eg Bush fekk sjokk. Eg er sikker på at han ikkje har høyrt det før, han les jo ikkje aviser, seier ein flirande Fukuyama.
Han har nyleg skrive ei bok om nasjonsbygging i utviklingsland, State-Building: Governance and World Order in the 21st Century, og han insisterer på at utvikling har meir å gjere med institusjonar enn bistand.
Ein må starte med å byggje opp institusjonar i utviklingsland for å hindre korrupsjon, seier Fukuyama.
Val i Irak
Han forklarar at grunnen til at mange amerikanarar, mellom andre Donald Rumsfeld og Condoleezza Rice, er så skeptiske til FN, er at halvparten av medlemslanda ikkje er demokratiske. Og sjølv om FN er nyttig på ein del område, er organisasjonen lite effektiv og nyttelaus i tryggleikssamanheng, seier Fukuyama.
Sjølv kan han knapt trur at det er mogleg å arrangere val i Irak i januar, og han trur at februar-mars neste år vil vere tidspunktet for Bush til å ta viktige avgjerder om USAs engasjement i Irak.
|