Dag og Tid nr. 45, laurdag 6. november 2004:
Helgheim
Etter homo floresiensis
Etter eit amerikansk presidentval er det tid for å tenkje over kvar menneskeætta kjem frå. Magasinet Time, som denne veka gjekk i trykken for tidleg til å få med presidentvalet, har eit hovudoppslag om korleis du kan bli hundre år gammal. Bladet har tråla verdsdelane og funne nokre prakteksemplar av folk over hundre. Dei er menneske som har levd eit vanleg sunt liv, lenge før den hysteriske helse- og livsstiljournalistikken byrja å skremme livet av folk. Den eldste levande av arten homo sapiens er Hendrikje van Andel-Schipper, fødd i landsbyen Snilde i Nederland i 1890, altså for 114 år sidan. På spørsmål om korleis ho har blitt så gammal, er svaret at ho aldri har røykt, eller drukke «for mykje alkohol», at ho et godt og held fram med å puste, som ho uttrykkjer det. Det høyrer med at ho i oppveksten var så sjukleg at foreldra heldt henne borte frå skulen, og
underviste henne sjølve. Det må ha vore rundt det førre hundreårsskiftet. Men ho kvikna til, og 100 år gammal overlevde ho ein kur mot brystkreft. Ho har stor tru på styrken i å tenkje positivt, seier leiaren for eldreheimen ho bur på.
Dei vitskaplege funderingane om alder skal vi ikkje følgje vidare. I staden vender vi oss mot eit funn avisa så vidt har nemnt på notisplass. Det heiter homo floresiensis, og er ein dvergliknande menneskeart frå Indonesia som viser at det moderne mennesket har levd side om side med andre menneskeartar mykje lenger enn vi har trudd. Den rundt ein meter høge skapningen har sjølvsagt fått kallenemninga hobbit, og kan i prinsippet ha levd i holene på øya Flores, 55 mil vest for Bali, heilt til nyare tid. Legenda seier at dei ikkje vart borte før på 1500-talet, då hollandske handelsmenn kom til øya. Hjernen var liten, men dei menneskelege eigenskapane er oppsiktsvekkjande både når det gjeld evna til å kommunisere, lage reiskapar og kanskje til og med flytande farkostar som ein gong førde dei til øya. Arten som denne veka valde ny amerikansk president, heiter homo sapiens, og
er rundt 150.000 år gammal. Homo neandertalensis, som har vore rekna som den seigaste konkurrenten vår så langt, vart borte for rundt 30.000 år sidan. Men så kjem homo floresiensis, der det yngste nye funnet er 13.000 år gammalt. Det er eit funn som opnar for svimlande vyar.
Oppdagarane meiner at floresianesarane, til skilnad frå neandertalarane, ikkje er ein nær evolusjonær slektning, men har røter i homo erectus, som oppstod for eit par millionar år sidan. Det var spor etter denne arten den arkeologiske ekspedisjonen leita etter. Og mens den generelle trenden i den menneskelege utviklinga, som starta med den første hominiden for rundt sju millionar år sidan, har utvikla større kroppar og større hjernar, har floresianesarane våre gått den andre vegen. Funnet vart først omtalt i Nature. Redaktøren seier til Time at tanken på at ein art med hjerne som sjimpansane har utvikla seg på ei øy blant moderne menneskeskapningar, er forbløffande.
Den arkeologiske ekspedisjonen trudde dei hadde funne eit barn, då skjelettet berre var ein meter, på storleik med ein treåring. Dei fann delar av seks skapningar der den eldste hadde levd for 95.000 år sidan, den yngste for 13.000 år sidan. Det var snakk om «moderne» menneskelege vesen. I storleik likna det på tre millionar år gamle «Lucy», men skallen er heilt ulik. Men oppdaginga svarar til teorien kalla the island rule, om eit øyregime som kan oppstå når ein art blir isolert på små øyar utan på vere truga av større arter. Trass i den vesle hjernen, har hobbiten vår gjort opp eld, laga sofistikerte reiskapar og gått på jakt. Spørsmålet som står att er korleis dei ein gong kom til ei øy som etter det ein veit ikkje har vore forbunde med noko fastland. Det er for langt å symje til næraste øy, men ein teori er at dei vesle
smartingane har bygd Kon Tiki-liknande små bambusfarty. Noko slikt var homo erectus aldri i nærleiken av. Og sidan dei har overlevd til for 13.000 år sidan, kvifor ikkje lenger? Det gir liv til ymse lokale segner om små skapningar opp til nyare tid.
Vi har tidlegare vore opptekne av det menneskelege opphavet i denne spalta. Sahelanthropus tshadensis er den til no eldste hominid, funnen for eit par år sidan i det Sahelbeltet sør for Sahara som ligg i Tchad. Det er eit anna område i Afrika enn det beltet frå Etiopia til Tanzania som tidlegare har levert dei mest fossile varene. Det grunnleggjande spørsmålet om kvifor skapningen ein gong reiste seg for å gå på to, og ikkje fire bein, står vitskapen førebels utan svar på. Ein antropolog meinte i Time at det hadde noko med sex å gjere, fordi dei tobeinte hadde seg lettare enn dei på fire.
Slik vender tankane attende til den moderne tida, og vi ser den demokratiske visepresidentkandidaten John Edwards seie meiningslause ord som trillar or han som erter frå ein sekk. Vi skal slåst for kvar einaste stemme, seier han, dagen etter at veljarane faktisk har stemt. Kor mange har ombestemt seg når dei såg denne mannen? Kerry snakka trass i alt som eit intelligent vesen, og innsåg at slaget var tapt.
Det har vore nok valkommentarar, men eit nyhende som drukna i innspurten, var det britiske medisinske tidsskriftet Lancet si offentleggjering av ein studie som viser at 100.000 sivile kan ha omkome i krigen i Irak. Det er det mangedobbelte av dei høgaste tala som har figurert til no. Homo sapiens «det vise mennesket» strevar framleis så godt det kan for å gjere ende på seg sjølv. Når oppstår det ein art som også gjer slutt på det menneskeskapte elendet?
Roald Helgheim |