Dag og Tid nr. 45, laurdag 6. november 2004:
Kommentar
«Eit dritland med ein heil del kjekke folk»
Alle har vel høyrt meir enn ein gong tanken om at USA er «eit dritland der det tilfeldigvis bur ein heil del kjekke folk». Dette uttrykkjer den utbreidde undringa over at eit samfunn som oppviser så mange dysfunksjonelle trekk likevel evnar å ta vare på ei lang rekkje menneskelege eigenskapar som ein set pris på, ikkje minst som tilfeldig tilreisande. Og folk er jo spontant opne og vennlege, jamvel oppriktig interesserte i kvarandre, i ein grad reserverte nord-europearar både stussar over, kanskje misunner og jamvel mistrur. Det eg likevel undrast over, er om spenninga mellom drit og kjekt eigentleg rommar den motsetninga ho ser ut til. Kanskje det heller er slik at folk er nøydde til å vere, eller til å opptre som,
trivelege på grunn av den spesifikke og konkrete driten dei råkar ut for. Kvar aksjon framkallar ein likeverdig og motsett reaksjon. Slik sett kan den personlege vennlegheita fungere som kompensasjon for eit samfunnssystem som i sine grunnleggjande premissar byggjer på ein darwinistisk livskamp, og føreset uvennskapen som naturtilstand.
Slik gav eg meg iallfall til å reflektere for eit par veker sidan da eg tilbrakte eit par netter i ein kvekarbufellesskap i Boston. Kvekarane kallar seg elles nettopp «Vennesamfunnet», og fleirtalet av dette vennelaget i verda bur i USA. Viss ein går ut frå den asketiske puritanismen deira, og vektlegginga av individuelt ansvar, kan ein seie at dei ligg trygt innanfor eitt av dei dominerande straumdraga i amerikansk samfunnsliv. Det dei utleier av denne grunnhaldninga, fører likevel til heilt andre konklusjonar når det gjeld praktisk politikk enn det til dømes den nykonservative sørstatsprotestantismen gjer. Det finst jo politisk usemje også blant kvekarar, men eit hovudtrekk ved rørsla har vore ein følgjestreng pasifisme, og ei systematisk avvising av førestillinga om at eit kva som helst menneske kan tileigne seg retten til å sløkkje det indre lyset hos andre ved å ta dei av dage.
Det bur nitten personar i den bufellesskapen eg vitja, og dei bur i ei av Nord-Amerikas vakraste og dyraste gater på Beacon Hill sentralt i Boston. Huset var ei testamentarisk gåve, og det er rimeleg å bu der. Såleis skil medlemene i bufellesskapen seg ein del ut frå folk i stroket elles. Ein av dei nærmaste naboane, rett rundt hjørnet, er den ikkje ukjende John Kerry. Stroket er i det heile ei perfekt verna perle i engelsk 1700-talsarkitektur.
Vennene er jo vennlege, og slett ikkje seine til å snakke med ein som kom rekande inn frå Nordpolen. Men eg måtte stusse da ein av dei fortalde at han jobba med militæret.
Den det gjeld, er ein mann som heiter Bill Sweet, og han arbeider heller overfor enn med militæret, nærmare bestemt i ein organisasjon med det diffuse namnet American Friends Service Committee. AFSC driv med ulike former for fredsbyggjande arbeid, men Bill koordinerer forsøka på å motverke rekrutteringsarbeidet til militæret.
Det amerikanske militæret har eit problem, og det heiter Irak. Der held det seg for tida om lag 140 000 amerikanske soldatar. USA har ein yrkeshær, og både politikarane og militæret vil ha det slik. Tvangsutskrivinga av unge menn til krigsteneste i Vietnam vart politisk belastande og til slutt umogleg, og det ville truleg vere enda vanskelegare å sende ein folkehær til Irak. Mens gjennomsnittsalderen til soldatane i Vietnam var 20-21 år, er han vesentlegare høgare i Irak, rundt 26. Dette heng saman med at det er sendt så mange reservistar og nasjonalgardistar dit, folk med ein relativt sterk ideologisk identifikasjon med militæret. Iallfall fram til dei kjem til Irak. Det finst også eit praktisk problem. Grunntreninga tek no så lang tid at soldatane knapt er utlærde etter to år. Det er om å gjere å halde på dei.
Dei som har sett Fahrenheit 9/11, hugsar sikkert den burleske scena der to rekrutteringsoffiserar i flotte raude uniformer med blankpolerte messingknappar luskar rundt på ein parkeringsplass for å shanghaie forbipasserande ungdomar som anten ser svarte eller fattige nok ut til å kvalifisere for ein framstøyt. Denne metoden er i bruk, men er nokså usystematisk og dermed mindre føremålstenleg enn militæret sikkert kunne ønskje seg.
Men nokon har tenkt. Mellom anna har ein tenkt på skulen. Bushmennene si store skulepolitiske reform var nedfelt i den såkalla No Child Left Behind Act frå 2001. Denne lova inneheld mellom anna eit krav om at skulane skal gi militæret ope tilgjenge for rekrutteringsarbeid. Det ligg elles innebakt i prinsippet om ope tilgjenge at skulane også skal utlevere lister med namn, adresser og telefonnummer til elevane, saman med opplysningar om fagval og fritidsinteresser. Så veit rekrutteringsagentane kven dei snakkar med, og dei kjem oftast på besøk til skular med den rette sosiale profilen, jf. parkeringsplassen.
Skulane kan elles ikkje nekte. Da vert dei straffa økonomisk. Dei som vil lese meir om korleis rekrutteringa skjer, kan logge seg inn på heimesida til Military Support Battalion (www.usarec.army.mil/MSBn). Bataljonens mobile utstillingsbrigade disponerer for tida to eventyrbilar (sic), fire kinovogner med 40 sete kvar, seks utstillingsbilar, to bilar frå National Science Center, to bilar med fasilitetar for trening i skarpskyting, pluss fire mobile klatremurar, høgd tjuefire fot. Ein skryter elles av kor eineståande effektive klatremurane er til å tiltrekkje ungdom på skulebesøk. Eventyrbilane er heller ikkje borte vekk. Her kan ein «oppleve den spenninga som ligg i å flyge, eller å skyte med våpen frå eit helikopter». I tillegg til mykje, mykje anna kan ein prøve ut dugleiken i å styre eit Beam Hit Miniret Target System, og skyte frå
ein Abrams-panserbil. Fleirbruksutstillingsbilen (MEV) verkar også «særleg tiltrekkjande på ungdom». Kven ein skyt mot, vert derimot ikkje presisert.
Skal tru om dei var på besøk på Columbine High School?
Kva gjer så vennene med alt dette? Dei leiker katt-og-mus. Militæret er plikta til å informere om kva byar bilane skal til, men det er vanskeleg å få ut presis informasjon om kva skule dei skal til. Der dei slepp til, stiller AFSC med motutstillingar og brosjyrar, og dei snakkar med ungdomane.
Militæret bruker fire milliardar dollar i året på rekruttering. AFSC trykkjer nokre brosjyrar. Militæret får vise proffe videoar i skuletimane, fredsfolket stiller med ein triveleg kar som liknar på far din og skal prate deg til fornuft. Militæret slepp alltid til, fredsfolket somme tider, dersom skuleadministratoren viser velvilje. Og dei er ofte tidlegare militære, seier Bill.
Når krigen er blitt til eit videospel, gjeld det å bruke videospel i rekrutteringa.
I fjor var det to hundre tusen unge amerikanarar som verva seg.
Visst vert ein kjekk av å motarbeide alt dette. Men eg skulle ha håpa for min del at dei slapp.
Stephen Walton |