Dag og Tid nr. 45, laurdag 6. november 2004:


Bokmeldingar
Praksisteori
Med romanen Teori og praksis utfordrar Nikolaj Frobenius forholdet mellom det personlege og fiktive.

ROMAN
Nikolaj Frobenius:
Teori og praksis
Gyldendal

Teori og praksis er Nikolaj Frobenius’ forteljing om den private drabantbydriten til familien sin. «Drabantbyen er en perfekt verden for voksne og barn», seier Magnus, arkitektfaren som har vore med å teikna drabantbyen Rykkinn og oppkalla dei tre sønene sine etter russiske keisarar. Arkitektens paradisiske førestellingar om korleis livet i drabantbyen skulle bli, slår over i det negative, for som så ofte elles kjem også her røynda trampande inn i ideala. Mot slutten av romananen heiter det «Rykkinn er ikke sosial boligbygging [men] et økonomisk ghettosystem» som i tillegg er «menneskekonsumerende».

Den boka det er noko ved, leikar seg med lesaren, seier den tyske filosofen Adorno ein eller annan stad. Eg vart liggjande vaken og tenkje på dette sitatet etter at eg hadde lese ferdig denne romanen. Det er noko med teori og praksis som uroar, eller kanskje rettare, det er noko mellom teori og praksis som uroar. Den enklaste løysinga er kanskje å stille spørsmål ved forholdet mellom liv og dikting? Kor byrjar romanen og kor sluttar sjølvbiografien?

Liv og dikting
Dei siste åra har det vorte vanleg at norske forfattarar krabbar opp på huska mellom eige privat liv og den fiktive forteljinga dei skapar. Felles for desse bøkene er at forfattarane tek utgangspunkt i sin eigen barndom og ungdom og skriv med utgangspunkt i dei. Solstad gjorde det i 16.07.41 og nyleg kom Haavardsholms Gutten på passbildet. Frobenius kallar Teori og praksis ein roman, men set ein fotnote til sjangernemninga. Fotnotane har ein forklarande funksjon i teksten, noko Frobenius understrekar ved å kalle fotnoten ei «bruksanvisning til teksten». I noten reflekterer han over det hybride i forteljinga: Kva er liv, kva er dikting? Eg spør: Kva skjer med teksten og forfattaren (og lesaren) når ein så ope drar inn sitt eige liv?

Minnet kan vere ein upåliteleg ven. For kan ein avgjere som vaksen, kva det eigentleg var som skjedde i sin eigen barndom? Var det slik eller slik? Sa tante verkeleg det? Alle har vel erfart at det ein har opplevd, endrar seg når ein skal fortelje om det som har hendt. Ein kan ikkje vere objektiv til si eiga historie eller til sin eigen barndom. Minnet er ei subjektiv søster. I ein fotnote til Teori og praksis skriv Frobenius: «Poenget er at jeg ikke lenger vet hva som har hendt og hva som bare hender i romanen. Hvis jeg skal gjøre et overslag vil jeg si at 50 prosent, muligens så mye som 60 prosent av det som er nedskrevet, faktisk har hendt og er objektivt verifiserbart.»  

Solstad-referansar
Dag Solstads forfattarskap dannar også ei anna viktig referanseramme i Teori og praksis. Rammeforteljinga i romanen er lagt to månader fram i tid. I desember 2004 er forfattaren Nikolaj Frobenius invitert til sin gamle ungdomsskule for å snakke til elevane om drabantbyar. Han har ikkje vore attende i Rykkinn etter at han flytta derifrå under dramatiske omstende i 1982. Som liten gut flytta han dit med foreldra og broren i 1971 da drabantbyen var heilt ny, og han levde såleis dei sentrale barneåra sine i drabantbyen. For den framtidige foredragshaldaren blir gjensynet vanskeleg. Han kastar seg ut i eit forsinka tiradeoppgjer med staden. Motspørsmåla elevane stiller han, får han til å breste i gråt, og når han får auge på ei pocketbok av Solstad sine to romanar Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land og Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige, stiller det ikkje akkurat gråten.

Teori og praksis
er nett eit forsøk på å beskrive det ugjennomtrengjelege ved ein oppvekst i Rykkinn. Solstad sin roman «rommer en hemmelighetsfull kritikk av drabantbyens kritikere, fordi kritikken av det sosialdemokratiske dannelsesprosjektet i denne romanen overgår alt annet som er skrevet og sagt i forbindelse med drabantbyene», skriv den vaksne samfunns- og litteraturkritiske forfattaren Nikolaj Frobenius i ein tidleg forklarande fotnote til romanteksten. I hovudteksten er kritikken eksplisitt og mest hjarteskjerande privat. Lesaren får innblikk i familiens gleder og sorger: det særeigne forholdet mellom far og son, korleis mora blir drepen i ei bilulukke når hovudpersonen er ti-elleve år og kva dramatiske konsekvensar dette får. Sorga er stor, men mest utan stemme. Ho omformar seg til negative handlingar, eksperimentering med rus, skulking, pønk og til slutt innlegging på ungdomspsykiatrisk avdeling, eller «Institutt for virkelighetstilkjempelse», som er det meir poetiske namnet den skriveglade ungguten gir staden.

Modig forsøk
Frobenius debuterte i 1986 med prosatekstsamlinga Viril. Teori og praksis er den sjuande romanen hans. Romanen leikar med lesaren og fører han inn i eit landskap som han både vil vidare inn i og ut av. Eg vart liggjande att mørbanka av spørsmål. Romanen fortel mykje eg ikkje vil vite om personen NF, men fascinerer sterkt som tekst og forteljing. Eigentleg vil eg gjerne setje ein stor parentes kring personen og stupe uvitande inn i fiksjonen. Men kan ein det når ein møter ein roman som så aktivt gjer ein merksam på at dette er mitt liv og min tekst? Kva konsekvensar har dette for lesinga og forståinga av teksten og har dette konsekvensar for den vidare skrivinga?

Praksisteori er eit sentralt omgrep i didaktikken. Ein må på bakgrunn av generelle teoriar reflektere over korleis ein handlar sjølv i praktiske situasjonar. Teori og praksis inneheld ei mengd refleksjonar over det vanskelege forholdet mellom teori og praksis. Kanskje kan ein overføre dette omgrepet til det litterære. Kva kan litteraturen vere? Kva kan litteraturen gjere? Har den historisk-biografiske metoden greidd å lure seg inn bakdøra likevel? Er han i ferd med å spenne kråkfot på den moderne litteraturteoriens meir språkorienterte lesemåtar?

Teori og praksis
er eit modig forsøk på å utforske det minefeltet den subjektive forteljinga er. Ho er ikkje sjølvbiografi. Ho er ikkje roman. Ho er noko anna, hybrid. Eg har alltid sagt at ein må ha nærleik til det ein skriv om, dersom det ein skriv skal kunne bli levande. Men kor nært kan ein gå? Eg veit ikkje. Frobenius fintar raskt og utfordrar.
Nora Simonhjell

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |