Dag og Tid nr. 44, laurdag 30. oktober 2004:
Saudi-Arabia
Noregsvener med blodige hender
Somme diktatur er likare enn andre. Saudi-Arabia må vere yndlingsdiktaturet til norske styresmakter.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Dei er alltid så blide på pressebileta: Den eine norske oljeministeren etter den andre, springande i sanddynene i Saudi-Arabia saman med den saudiarabiske kollegaen sin, Ali al-Naimi. Eller det er bilete av al-Naimi på noregsvisitt, på tur i snøen med energiministeren, eller i munter passiar med utanriksminister Petersen eller statsminister Bondevik.
Ingen som ser bileta, kan vere i tvil om det gode, varme forholdet mellom oljestormaktene Noreg og Saudi-Arabia. Men kva slag regime er det den blide al-Naimi representerer? Jau, eit regime som nyttar halshogging, pisking, steining og amputasjon av lemmer som straffemetodar. Eit regime som held all opposisjon knallhardt nede, som flittig brukar tortur, sensurerer alle medium, forbyr fagforeiningar, har dødsstraff for homofili og undertrykkjer kvinnene nesten like nådelaust som Taliban gjorde i Afghanistan. Dette landet er Noregs næraste ven i den arabiske verda.
«En sann norgesvenn»
Det er sjølvsagt berre éin viktig grunn til det tette samkvemmet mellom Noreg og den brutale Saud-klanen: Saudi-Arabia er den største oljeeksportøren i verda, Noreg er tredje størst. Utvinningstempo og oljepris er vitale variablar for båe land, og det er mykje å tene på eit samarbeid, anten det er gjennom norsk kontakt med Opec eller gjennom direkte møte på statsrådsnivå. Men om denne kontakten skal haldast open og gemyttleg, må Noreg tone ned ambisjonane om å vere verdssamvit og humanitær stormakt. I kontakten med Saudi-Arabia er Noreg ei oljestormakt, punktum.
«Dette er en reise som har til formål å forsterke det gode forholdet mellom våre to land, og det har vært viktig å bli bedre kjent både med landet og min saudiarabiske kollega, al-Naimi», sa til dømes olje- og energiminister Einar Steensnæs til Klassekampen i samband med besøket sitt i Saudi-Arabia i 2002. Han kunne elles fortelje at han hadde teke opp menneskerettsspørsmål under fire auge med al-Naimi.
«Vi hadde en god samtale, som foregikk med anerkjennelse av våre ulike kulturelle bakgrunner og i respekt for forskjellighetene i våre to land», sa Steensnæs, som ikkje ville fortelje meir om kva som vart sagt.
«Men jeg kan forsikre om at al-Naimi er godt kjent med de norske synspunktene. Han er dessuten en sann norgesvenn», opplyste Einar Steensnæs. Tortur og halshogging stod neppe på dagsordenen under besøket. Det gjorde derimot forretningsinteressene til Statoil og Hydro, som båe var representerte på reisa til Steensnæs. Statoil var elles representert under denne Steensnæs-reisa ved Richard J. Hubbard, herostratisk kjend for rolla si i korrupsjonsskandalen til Statoil i Iran. Selskapet opna kontor i hovudstaden Riyadh i 2001.
Også Marit Arnstad skal ha teke opp menneskerettsspørsmål, på oppfordring frå Amnesty International, då ho besøkte Saudi-Arabia som olje- og energiminister i januar 2000. Heller ikkje her vart det offentleg kjent kva som vart sagt i samtalane. Men timar etter at Marit Arnstad hadde vitja eit sentrumstorg i Riyadh, vart ein mann halshoggen på det same torget, fortalde NTB. Ein representant for informasjonsdepartementet kunne forsikre NTB-journalisten om at dei tiltalte vart dømde av velskolerte dommarar, og at befolkninga forsvarte denne avrettingsmetoden.
Tortur og rettsløyse
Det går føre seg framleis svært grove brot på menneskerettane i Saudi-Arabia, seier Susanne Krømer, landansvarleg for Saudi-Arabia i norske Amnesty Internasjonal.
Situasjonen har ikkje blitt betre etter at styresmaktene innleidde antiterrorstrategien sin i kjølvatnet av 11. september. Denne strategien tek svært lite omsyn til internasjonale menneskerettar. I tillegg er rettssystemet strengt hemmeleg og vilkårleg, og det er forbod mot politiske parti, fagorganisasjonar og menneskerettsorganisasjonar.
Statusen til arresterte politiske og religiøse aktivistar er strengt hemmeleg, og menneskerettsorganisasjonar slepp ikkje inn i landet, fortel Krømer vidare. Styres-maktene svarar heller ikkje på førespurnader frå organisasjonar som Amnesty. I 2002 vart minst 48 personar avretta i landet. Tortur er mykje brukt, og rettssakene er summariske, urettvise og utanfor ålmenta. Dei tiltalte blir nekta advokathjelp, offentleg rettssak og har ikkje høve til å anke.
Kva med situasjonen for kvinnene?
Kvinnene i Saudi-Arabia lir framleis under grov diskriminering. Det gjeld også religiøse minoritetsgrupper og gjestearbeidarar i landet, seier Krømer. Ho meiner det internasjonale samfunnet slett ikkje legg nok press på Saudi-Arabia i menneskerettsspørsmål.
Landet er ein alliert av Vesten, har mykje olje og påverknadskraft, og er difor såpass interessant at ein ikkje legg særleg vekt på dei grove brota på menneskerettane, seier Susanne Krømer.
Onsdag morgon sende Dag og Tid ei liste med spørsmål til Utanriksdepartementet, om det norske forholdet til Saudi-Arabia. Men da vi gjekk i trykken torsdag ettermiddag, hadde ikkje UD nådd å svare enno.
Al-Naimi svarte høfleg
Det er eit dilemma for Noreg kva slag kontakt ein skal ha med oljeland som ikkje har kome så langt når det gjeld menneskerettar og kvinnesyn, seier Marit Arnstad.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Eg opplevde i liten grad at eg besøkte landet, og såg lite under besøket mitt i Saudi-Arabia, seier tidlegare olje- og energiminister Marit Arnstad. Ho vitja landet i 2000.
Eg var ein dag i Riyadh og ein dag ute i ørkenen. Tida var veldig knapp, det var eit utprega arbeidsbesøk, der vi stort sett diskuterte oljepolitikk.
Er det rett å seie at Noreg og Saudi-Arabia har eit ganske tett samarbeidsforhold?
Eg synest ikkje det er tettare enn med andre viktige oljeproduserande land. Eg vil skildre det som eit forhold på line med dei andre.
Saudi-Arabia er eit svært brutalt diktatur, som mellom anna praktiserer tortur, halshogging og ei grov kvinneundertrykking. Korleis tenkte du om den saka under besøket ditt?
Eg tok opp menneskerettsspørsmål i dialogen med oljeministeren, men fekk i liten grad høve til å ta opp emnet med andre. Audiensen med kronprinsen var for kortvarig til det. Men med oljeminister al-Naimi tok eg opp sharia-lovene og situasjonen til kvinnene. Reaksjonen hans var høfleg, men eg opplevde vel ikkje at han hadde noko stort ønske om å gå vidare i ein debatt om dette.
Ville Noreg ha lagt meir press på Saudi-Arabia i menneskerettsspørsmål, om ikkje landet var ein så viktig samarbeidspartner?
Eg er ikkje så sikker på det. Om vi hadde mindre kontakt med Saudi-Arabia, ville vi få mindre høve til å seie kva vi meiner og ta opp menneskerettsspørsmål. Eg trur ikkje Noreg ville hatt ei anna haldning til Saudi-Arabia i multilaterale samanhengar dersom kontakten var mindre.
Er det noko problem at Noreg har ein så tett kontakt med eit så brutalt diktatur som det saudiske, synest du?
Kontakten med Saudi-Arabia er ikkje tettare enn med andre oljeproduserande land. Men det er eit evigvarande dilemma for Noreg kva slag kontakt ein skal ha med Saudi-Arabia og andre oljeland som ikkje har kome så langt når det gjeld menneskerettar og kvinnesyn. Det kan til dømes gjelde land som Algerie, Angola og Nigeria. Spørsmålet er korleis ein best kan ta opp menneskerettsspørsmål med desse landa.
Meiner du Noreg gjer nok for å leggje press på Saudi-Arabia i menneskerettsspørsmål?
Eg er litt usikker på korleis ein taklar det i dialogen med Saudi-Arabia no. Men det er litt vanskeleg å sjå kva ein skal gjere, anna enn å ta opp menneskerettar i samtalane. Kanskje er det å ta opp lagnadene til einskildmenneske noko ein kunne gjort oftare, seier Marit Arnstad.
Strengare enn Saddam
Undertrykkinga i Saudi-Arabia er på fleire vis strengare enn i Irak under Saddam Hussein, meiner Nils Butenschøn, direktør ved Norsk senter for menneskerettar.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Regimet i Saudi-Arabia er av dei absolutt strengaste utøvarane av sharia-lover i verda, seier Nils Butenschøn.
Dei herskande i landet er wahhabittar, altså tilhengarar av den strengaste tradisjonen i islam. Saudi-Arabia blir styrt av ein allianse mellom Saud-klanen og fundamentalistisk sekterisme. Sjølv staten er oppkalla etter Saud-slekta, og heile det politiske establishment er rekruttert frå klanen. Styret deira blir legitimert gjennom skriftlærde wahhabittar, og resultatet er eit veldig strengt teokratisk system.
På ein del punkt har nok saudiarane moderert seg ein del frå dei mest brutale åra, meiner Butenschøn.
Vi har sett framveksten av nokre meir reformvenlege krefter dei siste åra. Men ting kan tyde på at reformkreftene no har fått mindre armslag igjen.
Korleis tek regimet i Saudi-Arabia seg ut i forhold til andre diktatur i regionen, som Syria eller Irak under Saddam Hussein?
Både Syria og Saddam Husseins Irak hadde større intellektuell fridom enn Saudi-Arabia. Om ein først verkeleg braut med Saddam, var det rett nok ingen nåde. Men innanfor visse rammer fanst det rom for ein debatt. Det er framleis mykje vanskelegare i Saudi-Arabia, sjølv om landet har opna opp noko meir.
Kva med situasjonen for kvinnene?
Den er mykje verre i Saudi-Arabia enn i Syria eller Irak under Saddam. Baath-partiet i dei to siste landa var eit vestleg inspirert politisk prosjekt, og velferd og utdanning, også for kvinner, stod i utgangspunktet sentralt.
Kva med utanrikspolitikken: Saudi-Arabia er kjent som ein eksportør av fundamentalisme rundt i regionen?
Dette er ikkje eit felt eg kjenner i detalj, men det er ikkje tvil om at Saudi-Arabia har spela ei viktig rolle i oppbygginga av fundamentalistiske grupper i land som Sudan, Pakistan, Afghanistan. Grupper som al-Qaida har hatt tett samband med mektige krefter i Saudi-Arabia, og teke mot mykje pengar derifrå.
Amnesty International har peika på at Saudi-Arabia aldri har blitt kritisert av Menneskerettskommisjonen til FN. Kva kjem det av?
Det speglar vel berre at det ikkje berre er i Tryggingsrådet at det er vanskeleg å kritisere USAs vener, men òg i andre FN-fora. Saudi-Arabia har aldri blitt verkeleg pressa av omverda når det gjeld menneskerettar.
Er landet vaksinert mot kritikk, takka vere oljeressursane sine?
Det er ein kombinasjon av oljeressursane, og det spesielle forholdet mellom USA og Saud-klanen. USA vil gå uhyre langt for å sikre seg eit venlegsinna regime i Saudi-Arabia.
Noreg har heller ikkje merkt seg ut som nokon kritikar av Saudi-Arabia?
Der følgjer Noreg den vestlege gruppa. Det er ein slags konsensus om at her skal ein halde seg til USAs line. For Noreg som oljeaktør er det òg viktig å sikre god kommunikasjon med regimet i Saudi-Arabia. Landet dominerer fullstendig prispolitikken til Opec.
Er det lettare for norske styresmakter å kritisere eit land som Burma, der vi har små interesser?
Eg kan ikkje anna enn seie meg samd i det. Det er ulike måtar å nærme seg desse tinga på: Med Kina, eit land der Noreg har store interesser, har vi ein menneskerettsdialog gåande. Men Saudi-Arabia ville aldri godta ein slik dialog om menneskerettar.
Norske statsrådar viser gjerne til at dei har teke opp menneskerettar i møta sine med saudiarane.
Ja, det skjer nok, gjerne på oppfordring frå ulike organisasjonar som har ei ønskeliste med spørsmål. Men båe partar veit at dette mest er eit spel for galleriet, seier Nils Butenschøn.
Våpenkunden Saudi-Arabia
Det gode tilhøvet mellom Noreg og Saudi-Arabia inkluderer òg våpenhandel. I fjor selde Noreg våpenteknologi til Saudi-Arabia for litt over 60 millionar meir enn til noko anna ikkje-vestleg land. Kommunikasjonsutstyret det dreidde seg om, vart levert av Kongsberg-gruppa, som i år har teikna ein ny kontrakt om leveranse av utstyr til Saudi-Arabia verdt 42 millionar kroner. Den totale verdien av all norsk eksport til Saudi-Arabia var i fjor noko over 477 millionar kroner, syner tal frå SSB.
|