Dag og Tid nr. 44, laurdag 30. oktober 2004:
Kommentar
Omelett
I desse tider medan eg spent naglebitande ventar på utfallet av avvegingane til amerikanarane hender det at eg tek fram Mikael Niemis siste bok (Knølhølet, Pax 2004), for å gje meg sjølv høvet til ein liten flir midt i dei dystre funderingane mine. Boka er ein tulle-science-fiction, der Niemi i velkjend, ellevill stil raljerer over dei forunderlege resonnementa til menneska og andre skapningar, og i tillegg forklarer han, minst like balstyrig, årsak og verknad i ein del av fenomena i tilværet. Her leverer han følgjande forklaring på fenomenet Big Bang: Den Allmektige (som elles er ein fyr ved namn Rulle) har som den primære oppgåva si å leita etter eit befruktingsobjekt, ei såkalla kaldvelling, med sikte på å befrukta vellinga med hovudet sitt. Då vil det bli ein eksplosjon som spreier kaldvellingmaterie over alt, og i alt dette vil då Rulle Den Allmektige
finnast. Han vil gjennomsyra alt og finnast over alt, i alt.
Diverre er det ein tulling som ved eit tilfelle finn kaldvellinga først. Han stikk hovudet ned i vellinga og blir dermed den som er årsak til Big Bang. Kaldvellinga spreier seg over alt, gjennomsyra av tullingen, som no er over alt og i alt. Slik, skriv Mikael Niemi, fekk vi det universet vi fortente.
Det amerikanske presidentvalet vil i stor grad avgjera kva univers amerikanarane har fortent og dermed resten av verda, som meir eller mindre frivillig underkastar seg amerikanske haldningar og tilstandar. Dersom Bush vinn valet, kan vi venta ei ytterlegare fordjuping i nykonservativ paranoia. Denne karen som vedkjenner seg ein religion som hevdar at størst av alt er kjærleiken kjem frå ein familie som har vore nært knytt til næringslivet i generasjonar; han og mennene hans er forretningsfolk i olje og våpen og har private interesser i irakisk olje. I slike krinsar det dreier seg her om multinasjonale selskap eksisterer det ingen etikk. Berre tenk på at bestefar Bush var Hitlers hemmelege bankier. For størst av alt er griskheita.
Det er ikkje sikkert at Kerry er så mykje betre. Han er nesten like obskønt rik som motstandaren sin, og det er han neppe blitt ved utelukkande gode gjerningar. Men vinn han valet, så har amerikanarane i det minste sendt ut eit signal om at dei ikkje er nøgde med verda slik ho er no; dei ønskjer andre tilstandar i landet sitt og i verda elles.
Bush eller Kerry, who cares, seier venen min, som har familie i Kurdistan i Nord-Irak og gler seg over at kurdarane, takka vere Saddam Husseins fall, no kan røra seg friare og har fleire pengar mellom hendene. Venen min var ein av dei som ønskte at amerikanarane skulle gå til krig mot Irak. Eg spør om ikkje gleda på vegner av kurdarane trass i alt gjev litt blodsmak i munnen.
Ein kan ikkje laga omelett utan å knusa egg, seier venen min og held fram: Det er ikkje noko nytt, det har alltid vore slik: Nokon må døy for at andre skal få leva.
Eg tenkjer at jo, noko er nytt: No er vi informerte. Heile verda har høve til å halda seg informert om alle kalamitetar heile tida. Skal ikkje det gjera ein skilnad? I radioen høyrde eg om ei kvinne som på internett hadde sett heile prosessen då engelskmannen Kenneth Bigley blei halshoggen av terroristar i Irak. Ho angra på at ho hadde sett den filmen, for ho hadde vore heilt ute av seg i mange dagar etterpå. Ho sa: Det var som om noko visna i meg.
Ho hadde nok ikkje skjønt det med omeletten. Ho var ikkje flink til det der med å trekkja på skuldrene. Ho reagerte med empati.
Det er mykje å gle seg over i verda. Nokon har fått det betre. Stadig er det nokon som får det betre. Kinesarane eit folk som er ein sjettedel av folkemengda på kloden skaffar seg privatbilar. Bra for kinesarane, unnateke for dei titusenvis som blir køyrde i hel kvar veke. Bra for bilfabrikantane. Bra for oljeindustrien. Ikkje så bra for alle dei som hamnar mellom hammaren og ambolten dei som må mista alt eller døy og ikkje så bra for miljøet til heile verda heller, om nokre år. Men gledeleg for nokon, akkurat no. Etter oss kan syndfloda gjerne koma, who cares.
Vi veit om det skumle som går føre seg, eller har høve til å finna det ut. Vi vil finna ut at griskheita alltid er større enn kjærleiken, men ho kan haldast nokolunde i sjakk. Ikkje ved at vi reagerer på overgrep med eit skuldertrekk eller utbrukte ordtak, men med avsky, sorg eller sinne som blir gjeve tydeleg til kjenne. Kynismen er mor til vondskapen.
Snart får vi sjå kva univers amerikanarane gjer seg og oss fortente til. Og eg tenkjer på Mikael Niemis bok og på tullingen som kom forbi og stakk hovudet ned i vellinga og fekk heile universet gjennomsyra med dumskapen sin. Eigentleg har eg ikkje så lyst til å le av det likevel.
Nøste Kendzior
|