Dag og Tid nr. 44, laurdag 30. oktober 2004:
Klok på bok
Gras som sundagsmat
På Voss gjekk sauene og åt gras då eg drog forbi på sundag, rapporterer Olav Molven frå den vestlegaste kanten av kloten.
Det er godt å høyra at alt er ved det same gamle der nede på det frodigaste og saftigaste beitet i verda. Eg vert roleg til sinns når eg ser vêrar, søyer, gimrar og lam ta for seg av det grøne. Ja, eg vert rett og slett glad langt inni meg når eg ser sauer som et gras.
Eg har faktisk vore i Oslo nokre gonger, og der er det ingen sauer som et noko som helst, og det er få som oppfører seg som folk.
Det fører til at eg lett vert uroleg, og at eg vert overmanna av ein ustyrteleg lengt etter fjell, fjord og sauebinge.
Han Olav Molven etterlyser ei oppgåve som kan lyfta oss alle inn i ein norsk haust, og det skal han få, men førebels ikkje den som han ønskjer seg.
Denne gongen har han løyst oppgåva heilt perfekt. Det var Per Andreas Perssons novellesamling Jeg går nå og kommer aldri mer tilbake som var løysinga på Klok på bok nummer 683. Eg omtalte tittelen som «litt pussig», og den gode Molven krev ei forklaring.
Det er så enkelt som berre det.
Her i sauebingen er slike kommentarar som tittelen på denne boka rett og slett tabu. Når ein velvaksen sau kjem med slike ord, veit me alle i bingen kva som er i ferd med å skje. Difor seier me aldri slike ord høgt. Dei minner oss for mykje om blod, pølse og pinnekjøt. Me veit altfor godt kva som skjer med ein tredjepart av oss om hausten. Difor seier me berre «det var no pussig sagt» når meir urbane gimrar og vêrar blant oss brekar tynt: «Jeg går nå og kommer aldri mer tilbake».
Det er det verste me høyrer, og me er alle samde om at Per Andreas Persson har valt ein skrekkeleg tittel på debutboka si.
Men det er fleire som har rette løysingar.
Per Andreas Persson er fødd i Norrkøping og bur no i Bergen. Han debuterte i 2002, og alle novellene er skrivne i dialogform og i ein minimalistisk stil. At han kan skriva, er sikkert, men korleis han skriv, er eg ikkje sikker på. Skriv han først på svensk og omset til norsk? Ei av novellene, «Skog», er publisert på svensk i 2001, skriv Gunnar Bæra frå Løten.
Også Steinar Teigen frå Oslo har svart rett, og han får premien denne gongen.
Rett svar har det også kome frå Elisabeth Holm, Liv Andresen og Brita Lundeland i Aurland.
Det var ikkje så mange kloke denne gongen, men likevel fleire rette svar enn eg hadde venta.
Klok på bok 685:
Fonn dro fredag. Han skulle tilbake til Bergen for å ta hovedfag. Fonn spurte om jeg ville være med ham. Vi kunne bo sammen, sa han, jeg kunne lese med ham over vinteren og dra tilbake i juni for å ta eksamen. Jeg løy og sa at jeg hadde lyst, men at jeg ikke trodde det ville gå, jeg ville miste konsentrasjonen, sa jeg, på grunn av ham og alt as if! liksom, jeg mener, jeg er bare dritlei hele fyren.
Me er framleis i den nyare norske litteraturen ein debutroman frå 1998; frå den gongen nesten alle studentar drakk ein raudvin som heitte Sophia, og saggebukse var eit nesten nytt ord. Forfattaren har hatt ein viss litterær suksess etter debuten.
Send svar til klok@dagogtid.no, eller til Dag og Tid, postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
Dette er den siste helga i oktober. Det er restane av oktober 2004 ei tid som aldri kjem att. Difor skal eg denne helga gjera noko gildt som eg kan hugsa lenge.
Barrabas
|