Dag og Tid nr. 44, laurdag 30. oktober 2004:


Bokmeldingar
På villspor i verdsrommet

I oppfølgjaren til Populærmusikk fra Vittula fer Mikael Niemi ut i verdsrommet. Her kan alt skje og skildrast.

ROMAN
Mikael Niemi:
Knølhølet
Pax

«Fortelleren bader badstu ved Liviöjoki og tar avskjed med Tornedalen for denne gang. Sola stod lavt over skogshorisonten i nord. Den røde, flimrende skiva speilte seg i vannet og spaltet seg i store, røde penselstrøk som lå og fløt på den strømmende overflaten. Jeg satt ved bredden og lot tungsinnet gli av meg.»
Slik er opninga på den siste romanen til Mikael Niemi. Forteljaren er framleis frå Tornedalen og stemninga i opninga skaper attkjennelege og gode kjensler frå Populærmusikk fra Vittula. Men vegen tek raskt ei anna retning.

Fantasifulle teoriar
For brått sit eg-forteljaren på asteroiden Runkestrømpa og nippar til eit glas vulkansk yoghurt og glor ned på ein hangar der det blir bunkra brennstoff. Me er komne til ei tid der romfart er blitt ein folkesport. Og her er visst alt lov. Òg for forteljaren Niemi. Det blir fortalt om ponoristar, sære eventyrarar som driv risikosport ute i verdsrommet, det blir servert fargerike teoriar som at Gud er ein kar som heiter Rulle, at fisken Holger sette heile Big Bang i gang, og at steinar eigentleg berre er i eit kokongstadium, dei lever, men søv, det blir referert til og frå reiseskildringar, som klassikaren av Ruben Stanislavskij Jeg banket på hos Gud, men det var ingen hjemme, og skapinga av universet kokar ned til at «I begynnelsen var altså varmvelling». Niemi serverer science-fiction i si særeigne form. Det som blir keisamt, er Niemi sin overdimensjonerte fascinasjon for å skriva om romvesen som snakkar med rumpa eller som slimar sæd og sexdraumar som når uante groteske høgder. Så har då også boka fått tittel frå ein stad der Niemi verkeleg kan nytta sitt litt for ofte analt tilsnitta ordtilfang, vertshuset Knølhølet på asteroiden Nugget. Noko av det betre, som faktisk får ein til å humra godt, er historia om den bitre forskaren Emanuel Creutzer som løyser gåta om lukkeleg eller ulukkeleg lagnad. Årsaka til ulukke viser seg å vera små og infernalske partiklar, kalla kurtar etter skilsmisseadvokaten til kona. Underleg nok er det resitering av Sande-mose si jantelov som skal til for å jaga kurtane på dør, utan at det blir heilt klårt korleis lova no skal vurderast eintydig positivt i sin heilande effekt for kurtar og ulukke.

For idiotar
Ein liten kjerne i boka er oppdaginga av urgamle steinheller med skrift, som skal visa seg å vera titlar på den tidas mest populære tv-seriar, oftast med masse intrigar og utruskap, som den mest populære av dei alle; Den som leser dette, er idiot.

Så kan ein spørja seg om det er noko meining i å lesa ei bok som hevdar å retta seg mot idiotar. Og der lesaren er blitt «proppet full med masse tøv. Tøft å måtte erkjenne, jeg vet det. Men vær klar over at det ikke er min feil. Jeg ber deg om ikke å skyte budbæreren, jeg gjør bare min simple plikt, jeg er nødt til å avsløre sannheten hvor ubehagelig den enn måtte være. Og sannheten er at denne boka stinker». Eit heller dårleg påskot for å skriva ei bok av måteleg og ujamn kvalitet. For Niemi prøver nok å seia noko klokt, treffande og truleg sviande om jorda og menneska, der ute frå verdsrommet. Å seie at han klarer det godt, ville vere ei overdriving. Historia kan vera fengjande nok, men truleg berre for sterkt dedikerte Niemi-tilhengjarar. For andre kan det beste vera å la den gode lesaropplevinga frå Populærmusikk fra Vittula leva litt til.
Margunn Vikingstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |