Dag og Tid nr. 43, laurdag 23. oktober 2004:


Helgheim
Stolt over å vere afrikanar?

Styresmaktene i Botswana, som i mange år har blitt framstilte som eit slags mønsterland innafor offentleg planlegging og statistikk i det sørlege Afrika, meiner at barn som blir fødde der, gjennomsnittleg kan forvente å leve i 55 år. Det trur ikkje FN, som opererer med ein forventa levealder på 40 år. Dette likar ikkje Anna N. Majetlante, som er statistikar og leiar for Central Statistics Office i Gaborone, Botswana. «Det er vi som lagar den offisielle statistikken her i landet. I folketeljingane kvart tiande år bankar vi på kvar einaste dør. Vi har samla inn data ute i felten, og dei er til å stole på», seier den irriterte statistikaren til Bistandsaktuelt. Ho meiner det er FN-organisasjonen UNAIDS som er problemet. «Skulle vi leggje UNAIDS’ levealder og dødsrater for 1999 til grunn, er det snart ikkje folk att her i landet», seier ho. Eg slår opp i Kunnskapsforlagets handbok om alle verdas land. Det bur vel halvannan million i det grisgrendte landet på storleik med Frankrike. Den årlege folketilveksten er 1,6 prosent. Men også i Botswana sin eigen statistikk har den forventa levealderen gått sterkt ned sidan 1991. Kva er grunnen? Stikkordet er AIDS.

Sist søndag kunne Aftenposten fortelje at det meste er betre i u-land enn nordmenn trur. Ein av tre nordmenn trur at halvparten av folk i u-landa er smitta av HIV. Det rette talet er 1,2 prosent. Seks av ti nordmenn trur meir enn halvparten i dei fattige landa er underernærte. Etter dei offisielle FN-tala er prosenten 17. 78 prosent av innbyggjarane i u-land har tilgang til reint vatn. Det trur berre 2,7 prosent av nordmenn.

Meiningsmålinga er gjord av Gallup for FN-sambandet, Fredskorpset, FNs utviklingsprogram (UNDP) og FNs barnefond (UNICEF) i Norge. Målinga skal nyttast når organisasjonane skal informere nordmenn om arbeidet med å nå FNs tusenårsmål. Aldri høyrt om det? Det har ikkje åtte av ni nordmenn heller, så du er i godt selskap. Berre ein av 25 veit kva måla er. Eg er ein av dei. Det vedtekne målet er at talet på dei som lever på mindre enn ein dollar om dagen, skal halverast i perioden 1990-2015. Eit anna er å stogge og helst redusere spreiinga av HIV-viruset. Det tredje er at alle barn i verda skal fullføre grunnskulen. UNDP trur målet er «innen rekkevidde». 97 prosent av alle nordmenn trur ikkje det er mogleg. Bistandsbransjen  (dei kallar seg det) må ta sjølvkritikk for å fokusere på det negative, seier informasjonssjefen i UNDP. Det hadde vore lett å gje media skulda, men ho vil konsentrere seg om kva «bransjen» kan gjere betre.

Dramatiske skildringar av fattigdom, analfabetisme og svolt er verkemiddel hjelpeorganisasjonane nyttar for å få folk til å gje pengar. I media er dei beste nyhenda alltid dei dårlege nyhenda, om krig, drap, katastrofar. Journalistikken skaper det eg har kalla eit hysterisk verdsbilde, og som tumleplass for elendejournalistikken er u-landa og særleg Afrika eit paradis. Som Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen skriv i boka Å se verden fra et annet sted, er den klassiske Afrika-forteljinga bygd opp kring eit hjelpetrengande kontinent fullt av sjukdommar og lokale despotar. Samstundes er kontinentet det mest underdekte i norsk journalistikk. I den store forteljinga er Afrika eit land, og ikkje eit kontinent, endå det er så stort at Europa vest for Russland får plass i Sahara-ørkenen. Den fragmenterte kunnskapen gjer det umogleg å forstå kva folk krigar om, skriv dei. Men det går framover.

Etter avsløringa om nordmenns u-landsfordommar kan Aftenposten fortelje at etter ei BBC-undersøking er over nitti prosent av alle afrikanarar stolte over å kome frå Afrika. Afrikanarane er stolte av kontinentet sitt, kulturen og naturrikdommane. Dei fleste trur familiane vil få det betre i år enn i fjor. Åtti prosent meiner styresmaktene gjer ein god jobb i arbeidet mot AIDS. Likevel er dei fleste ikkje nøgde med regjeringa si. Kjenner du deg att? Eg trur minst ni av ti nordmenn er stolte av bakgrunnen sin. Men kor mange nordmenn ville trudd det same om afrikanarane? Eg vågar knapt tenkje på talet.

Om tilstanden hadde vore slik nordmenn flest trur om HIV og AIDS i Afrika, held kontinentet på å bli utrydda. Men går folketala ned? Dette spørsmålet har fått eit nobelt utspel gjennom ein fredsprisvinnar som kjem med kontroversielle utsegner om AIDS. Wangari Maathai har blitt sitert på at ho meiner viruset er skapt av kvite menneske som vil utrydde dei svarte. Til Aftenpostens korrespondent i Nairobi nektar ho for dette. Ho seier at ho ikkje trur viruset stammar frå apane, og at det like godt kan ha sitt opphav i eit laboratorium. At det er menneskeskapt, og ikkje noko som oppstod hos afrikanske marekattar, var også konklusjonen til filmskaparen Roy Andersson då han på oppdrag av den svenske Sosialstyrelsen laga dokumentarfilmen Nogonting har hänt. Det var så kontroversielt at oppdragsgjevarane ikkje vil ha noko med filmen å gjere.

I Aftenposten denne veka går professor Stig Frøland hardt ut mot både Wangari Maathai, Nobelkomiteen og kritikklause journalistar som kan kallar servile klakkørar. Men om det er noko område der media har vore kritikklause, er det andsynes helsebyråkratar som også i Norge omtalar Afrika sør for Sahara som «høyendemiske områder». Det finst fleire dissidentar også i vitskapen i synet på HIV, AIDS, samanheng, opphav, og på medisinindustriens bruk av folk i fattige land som forsøksdyr. Når nokon krev monopol på all kunnskap, trengst det verkeleg eit offentleg rom for kritikk.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |