Dag og Tid nr. 43, laurdag 23. oktober 2004:
Kommentar
Då korrupsjonen kom til Norden
For tre år sidan tok eg son min med til Noreg. Ein ven køyrde oss til Valdresflya for at han skulle få sjå fjellheimen. På vegen tilbake til Oslo køyrde ein bil forbi oss i ein fart langt over det tillatne. Vi sa at snart kom vi til å sjå nokre folk i uniform snakka med han. Så spurde sonen: Kor mykje må han gje dei for å sleppa straff? Vi freista å forklara at slik går det ikkje føre seg i Noreg, men han trudde oss like lite som då vi sa at dei raude norske kyrne var eigentleg forkledde bjørnar som på denne måten fanga tyske turistar på fjellferie.
At det er lett å koma i paradiset om ein har Sankt Peter til onkel, er ein gammal visdom. Korrupsjonen har vore ein normal og, etisk sett, uproblematisk del av samfunnslivet til langt ut i daninga av det borgarlege samfunnet. Å gje gåve og få attergåve vart rekna som teikn på god venskap. Først då gåver og attergåver vart til hinder for fri konkurranse, blei det kalla korrupsjon og kom på lista over både det juridisk straffbare og det etisk forkastelege.
På gymnaset som son min gjekk på i Beograd, visste elevane kor mykje korrupte lærarar tok for å gje dårlege elevar bra karakter. Medan eg venta hos legen for to veker sidan, bad ho sjukepleiaren om å pakka ned nokre sprøyter, for ho hadde ikkje fleire heime. Etter ein tv-debatt i førre veke om forholdet mellom kyrkja og staten vart eg køyrd heim av ein jusprofessor, som mykje stolt viste meg identifikasjonskort frå forsvaret sitt utdanningssenter og forklarte at han, når han vert stoppa av politiet, berre viser kortet, og så slepper dei han, for han vert rekna nærast som ein «uniformskollega». Dei korrupte lærarane på universitetet eg har snakka med, hadde si forklaring: løna er så låg at vi må spe på med ekstrainntekter.
Korrupsjon på alle nivå i samfunnet og enkle bortforklaringar er mange av oss som bur utafor Norden vande med, men dei fleste av oss har ei barnefast tru på at slik er det ikkje i Norden. Og mange eg snakka med i Noreg, sa: Det kan ikkje skje hos oss. Nei, sa så vi, korrupsjon finst ikkje nord for Storebælt. Eg fortalde ofte studentane mine at det finst berre eitt ordtak om korrupsjon i Brikt Jensens store ordspråksleksikon: Bestikkelser bryter stein. (Notert i Danmark, kunne eg seia i ein augneblink med norskpatriotisk fornuftssvikt.)
Eg veit ikkje kor mykje korrupsjon det har vore i gamle dagar; det kan vel historikarane gjera greie for. Og dei kan òg stridast om det har vore monaleg mindre korrupsjon i Norden enn andre stader i Europa. Men på litt over eit år har eg lese om så mange korrupsjonstilfelle og korrupsjonsskandalar i dei nordiske landa, at om mengda har vore lita tidlegare, tek ein det i dag att med ause. Andreas Skartveit var meir enn profetisk då han skreiv i ein kronikk i Aftenposten for over eit år sidan at korrupsjonen var på veg til å bli det normale både i politikken og i næringslivet. Korrupsjonen har kome til Norden, og han har kome for å bli og auka både i mengd, breidd og djupn.
Ei overskrift i Aftenposten tidlegare i år var «Forretningsmoralen synes å forvitre». At dei multinasjonale gigantane ikkje betalar skatt i Noreg, er berre ein konsekvens av at det er dei som skreddarsyr reglane som dei opererer etter. Der det flyt pengar langs lite kontrollerte baner, oppstår det mest direkte korrupsjon, og han finn ein no for tida som oftast i forretningslivet og i dei friviljuge organisasjonane, men mykje tyder på at han snik seg inn i staten gjennom handsaminga av søknader om ymse løyve, i forskingsmiljø gjennom oppdragsforsking (det har vore rett mykje å lesa om svensk kreftforsking og oppdrag for kjemisk industri), i sjukehusmiljø gjennom sponsing (i ein artikkel står det at 8 av 10 meiner at legar vert påverka av sponsing)... Det er makteliten i samfunnet som står eller stiller seg sjølv så lagleg til for korrupsjonshogg. Som kjent rotnar fisken frå hovudet og
attover. Skal ein døma etter røynslene frå land der korrupsjon er det normale, er det no berre eit spørsmål om tid og tempo før han spreier seg nedover i samfunnet. I mitt eige land og landa omkring på Balkan har vi kunna følgja korrupsjonsutviklinga frå dag til dag, frå område til område.
Kva er årsaka til korrupsjonen og kva er konsekvensane?
I den globaliserte verda og den kommersialiserte sivilisasjonen er korrupsjon heller regel enn unnatak. Internasjonale konstruksjonar som EU kvilar for ein stor del på sjølvreproduserande og korrupte maktstrukturar. Når Norden vert integrert i EU, får ein korrupsjon som medgift. Korrupsjonen er ein så naturleg konsekvens av globaliseringa og kommersialiseringa at vi heller burde undrast over at det ikkje har gått endå fortare. Korrupsjonen i Noreg er ikkje eit resultat av fattigdom; det er ingen som kan nytta naud som forklaring, han er eit resultat av rein hækne: Mykje pengar krev endå meir, og kan ein ikkje få dei på andre måtar, er korrupsjon den næraste løysinga.
Konsekvensane vert ille for samfunnet. Det er mykje mediemerksemd kring korrupsjon, og det finst organisasjonar i Norden som arbeider systematisk med spreiing av kunnskap om korrupsjon, t.d. det svenske Institutet mot mutor. Difor er det skremmande at politikarar korkje seier eller gjer noko som monnar. Ålmenta er på veg til å godta korrupsjon som det normale. Ein av tre, mest unge og menn, meiner at korrupsjon kan forsvarast. Resten, mest eldre og kvinner, seier at korrupsjon er eit alvorleg brotsverk som er uakseptabelt uansett. Alderssamansetjinga og kjønnsdelinga lovar ikkje godt. Og det er lite som tyder på at korrupsjon kjem til å verta oppfatta som noko meir enn betaling i pengar. Det finst mange måtar å betala for noko, korrupsjonen har mange andlet og former.
I ein debatt i Noreg for nokre månader sidan hevda eg at å kjempa mot korrupsjon var for oss viktigare enn å ta krigsforbrytarar, og eg fekk høyra mange vondord etterpå. Men så lenge ein forbrytar kan kjøpa både politimannen, statsadvokaten og dommaren, er han trygg. Korrupsjonen er noko som et seg inn i kvar pore i samfunnet, steg for steg, og brått står han der ein dag som den høgst normale utvekslinga av gåver og attergåver. Når det unormale vert normalt, er det som regel for seint. Då spør ein ikkje meir kvifor det kostar, ein spør berre om kor mykje det kostar. Eg er redd vegen dit ikkje er så lang som ein gjerne trur. At Noreg framleis kjem godt ut av korrupsjonsmåling,
er ingen grunn til å sjå bort frå åtvaringane. Transparency International måler ikkje den absolutte mengda av korrupsjon, men relative relasjonar mellom einskilde land.
Ljubisa Rajic |