Dag og Tid nr. 43, laurdag 23. oktober 2004:
Klok på bok
I korga mi har eg alt
Kva har Bjørn Sortland, Frode Grytten og Ragnar Hovland til felles?
I alle fall språket, og heilt sikkert litt til. Bok-elskarar frå halve landet har tippa på dei alle tre i Klok på bok nummer 682, men flest røyster fekk Ragnar Hovland.
Og denne gongen har majoriteten rett.
Teksten om å reisa er henta frå «Første sommarjobben» i den vesle boka Norske gleder frå 2002.
Stilen kjenner jeg; det må være Ragnar Hovland, men hvor teksten stammer fra, kan jeg ikke ta nå i farten. Fra en ungdomsroman kanskje? Ikke nødvendigvis. Hovland ja. Fin fyr. Skrev denne flotte diktsamlingen for barn, Elefantmusikken . Og den fant Odd Nordstoga fram til og resten er historie, skriv Truls Horvei frå Sagvåg på Stord.
Også Sigrid Ødegård på Hagabekk i Røn greidde å koma fram til både Hovland og Nordstoga.
I sumar fekk eg høve te o både sjå o høyre denne karen (Nordstoga), o eg ska helse dikka på at det vart liv o røre i folkehopen når gristen tok te o hyle. Minstemann på tre søng for fulle mugger, fortel Sigrid i Røn.
Ho får prisen denne gongen.
Rett svar har det også kome frå Lise Aasen i Vinje, Ranveig Lundquist i Orkanger, Berit Oksfjellelva i Bleikvassli, Hein Bondevik i Baldersheim og Elen Maria Todal i Aure.
Elen Maria hugsar til og med ei artig opplesing i en kjellar (?) i Rosenkrantzgata for ein del år sidan.
Eit par av dei andre kloke har fått Norske gleder i Kpb-premie tidlegare, og det var artig å høyra at somme hadde lese premien og hugsar han framleis.
Klok på bok 683
Jeg flyr i mørke og skriver en bok på den lille blokken min. I kurven min har jeg alt: en sennepsgul filthatt, en svart stråhatt, en fløtefarget Henri Bendel-hatt som jeg fant bak en søppelkasse i Christopher Street, to blå og hvite katteskåler fra Sugar Loaf Shores, Florida, etter sigende designet av Hemingway, Ernest, en tropegrønn plastskulptur av en svakt kjøttfarget fitte, min egen, en thailandsk tepotte, maken til den jeg drakk te av etter skoletid med Max i Bangkok og fant igjen i Chinatown i New York, en gulllsommerfugl med utbredte vinger på en klippeblokk, en blek seladonitt-tallerken med villhester, en håndskåret heklenål av vest-afrikansk berbingatre og en brevmappe av brunt karduspapir, fylt av vennlighet og enkelte kjærligehetserklæringer.
Ei usedvanleg lang setning frå ein usedvanleg kjend roman. Det er meir enn 25 år sidan han kom ut, og forfattaren vart eit heitt namn i heile Norden. Undertittelen på boka er En føljetong. Mange har nok personlege minne knytte både til boka og forfattaren. Kom med dei!
Send svaret til klok@dagogtid.no, eller til Dag og Tid, Postboks 7044, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22.41.42.10.
God helg gjerne både med små, store og dei største gleder.
Barrabas
|