Dag og Tid nr. 43, laurdag 23. oktober 2004:


Fiskeri
M/S «Libas» siglar i eit ev entyr
TROMSØ: Eit skinande farty inn gjennom Tromsøsundet. Det er på storleik med ei middels hurtig-rute. Det er det mest moderne fiskefartyet i Noreg som kjem, eit skip for ei anna tid.
John Gustavsen
johngust@frisurf.no

For ein som er vaksen opp med ein kutter på 54 fot, med 36 hestekrefter Brunvoll og ikkje anna navigasjonsutstyr enn eit kompass, er omgrepet fiskebåt forankra i det vesle, som har kontakt med havet, der mannskapet på seks-sju mann levde tett og spartansk innpå kvarandre. Vitjinga om bord i superfartyet «Libas» er eit møte med ei ny verd, der teknologi, effektivitet og rasjonalitet har teke over.

«Libas» legg til kai i Tromsø som ein demonstrasjon av moderniteten. Alle førestellingar om fiskebåtar vert kasta om. «Libas» er ein veldig kropp av jern, stål, glas og hardware. Skipet stig mange dekk opp frå kaikanten, peikar nesten inn i himmelen, så svær er byggjemassen. Då skipet vart døypt på Liaskjæret utanfor Bergen i sommar, sa reiaren Peder O. Lie dette til bladet Fiskaren:
– Det einaste negative vi kan seia om denne båten, er at han ikkje passar til hamna her.

Olympisk
Om bord i «Libas» helsar eg på styrmann Atle Forland, skipper Ole Chr. Lie og ein frå reiarlaget som korkje vil siterast eller avbildast. Men han tek meg fort i skule og gjer jovialt greie for storleik og utstyr. På brua sit vi i ei djup stolgruppe, og det skin som i eventyret frå mahogni, nikkel, stål og datamaskinar. Vi svevar over Tromsø på sjette dekk, i eit sirkelforma rom som mest minner om ein datasentral på ein stasjon for astronomar. Nokre hundre meter opp i bakken ligg Norges Fiskerihøgskole, og eg tippar dei tilsette der også ville ha måpa over denne nye sigeren for norsk fiskerinæring.

Det er noko olympisk over dette fartyet, høgast, lengst og fortast, 28 meter ruvar det over vatnet, lengd 95 meter, toppfart 21 knop. I djupet av kroppen ligg ein hovudmotor på 8200 hestekrefter og ein hjelpemotor på 2000, og då dei begge var kopla inn på prøveturen, gav dei rekordfart.

– Vi er det raskaste fiskefartyet i Noreg, fortel skipperen stolt, han er ein av sønene til reiaren Peder O. Lie.

Eg får også vita at båten er større enn Røkke sin mykje omstridde «American Monarch»; ja, faktisk litt større enn dei mellomstore hurtigrutene «Narvik» og «Vesterålen». Han kan jafsa i seg ei last på 2000 kubikkmeter eller 2000 tonn torsk som svarar til 20.000 hektoliter sild. «Libas» kan både fangste med not og med trål, han har alt det mest avanserte av teknologi, og fiskarane om bord treng strengt teke ikkje ta i ein fisk. Skipet har ein maskinpark som ordnar alt av lasting og lossing og her er 12 fryse-/lagerrom om bord.

Avfolking
Ein kan sjå for seg eit mylder av fiskarar om bord ved synet av ein slik gigant. Der vi var seks-sju mann på seifiske på ein liten snurpar, er dei berre åtte ordinære i mannskapet pluss ein lærling på kvart skift. Det fortel at fiskeri er vorte så moderne og effektivt at skipa vert avfolka. Fiskinga skjer frå brua, du treng ikkje stå på sleipe dekk, halda deg fast i rekkverket og passa deg så ikkje storsjøen eller lina dreg deg ut i havet. Her er fiskarane trygt bak spakane etter kvart som hala vert gjorde.

«Libas» er bygd både for den nære kysten og dei fjerne farvatna. Fartyet skal fangsta på brisling, kolmule, makrell, lodde, sild, torsk og andre artar i dei store hava som enno er lønsame. Det kan liggja ute i veker og lasta seg ned til eit djup av sju meter under havflata. Så går vegen mot hamn, og leveringa kan godt finna stad i Danmark, Island eller Tyskland, ikkje naudsynlegvis i Noreg.

Reiaren rosar norske styres-makter for ein forstandig fiskeripolitikk som gjer fiske til alt anna enn gammaldags slit. Arbeidet på brua må arta seg som ein leik mellom spakar, medan ein tittar på TV om livet på dei store bankane elles vert keisamt. Vil ein kvila, har kvar mann ein luksuriøs lugar med fjernsyn og internettilkopling så ein kan halda kontakt med dei heime. Men fiskarane kan også ta sambuaren eller kona om bord i dobbeltkøya.

Forskingsfarty
«Libas» fekk strekt skroget i Viborg i St. Petersburg Oblast, men vart ferdigutrusta på Fitjar i Sunnhordland. Sluttprisen vart160 millionar kroner, og det inneber at skipet må sigla inn fisk for minst 50 millionar kroner i året om det skal gå i balanse. Eg reknar ut at med same omsetjinga kunne 100 fiskarar ha klart seg på kysten, slik at ei stor bygd kunne hatt grunnlag for å leva. «Libas» med sine to skift skapar ikkje mange arbeidsplassane, men må skaffa veldige inntekter til dei som eig fartyet og til bankane.

– «Libas» inneber eit kvantesteg i effektiviseringa av det norske fisket, sa den andre skipperen Per William Lie ved dåpen.

Det fyrste toktet med «Libas» gjekk i regi av Havforskingsinstituttet i Bergen (HI). Dei gjorde 50 drag etter makrell frå dei forlét Ålesund til dei bakka til kai i Tromsø. «Libas» siglar også som forskingsfarty. Forskingsleier Odd Rune Godø ved HI fortel at skipet har dei fasilitetane som moderne forsking treng. No undersøkte dei vandringsmønsteret for makrell, og korleis det vert påverka av hydrografiske tilhøve og endra beitetilstandar. Dei samla inn vassprøver og plankton og utførde akustiske målingar. Om bord finn ein også eit våtlaboratorium som tek prøve av fisken. Prøvene lagrast i eigen frysar som kan takas på land og granskast ved HI. Makrell-undersøkinga var eit ledd i å skapa kunnskap for dei som steller med kvotereguleringa.

«Libas» har to sett asdic og ekkolodd, og i tillegg ISDN-liner som gjer at skipet heile tida kan halda sambandet med dei på instituttet. Fartyet har også eiga sjuke-stove om bord i fall nokon skulle skada seg. Dei kan dermed stå i direkte kontakt med kommunelækjaren i Austevoll. Endå eit kvantesprang.

«Libas» siglar som eit av fartya i den norske referanseflòten. HI har ikkje skrive nokon kontrakt med skipet, men det er tildelt stor nok forskingskvote som sikrar inntekt.

Eg spør reiarutsendingen om bord om det er ressursar nok til slike kjempar. Han teiknar indre Bergen hamn og gjer greie for kor lite volum dei norske totale fiskeria, tre millionar tonn oppdrett medrekna, utgjer. Ein liten snipp av hamnebassenget utafor fisketorget i Bergen. Sjølv den totale fangstmengda i verda på 100 millionar tonn i året vert ikkje store kassen med biomasse, når vi samanliknar med storleiken på verdshava. Det er fisk nok i havet, så «Libas» siglar sikkert med velsigning av den effektive fiskeriministeren Svein Ludvigsen.

Ein kunne tru at det svimlar for karane om bord i «Libas». Men kan henda er det andre som ikkje har fått med seg at dette er eit farty for ei anna tid.

Siste sjanse for torsken
– Stogg alt fiske av torsk i Nordsjøen i 2005! Så klar var meldinga Det internasjonale havforskingsrådet gjekk ut med denne veka.
Per Anders Todal
Åtvaringane har kome stadig tettare frå havforskarane dei siste åra: Bestanden av nordsjøtorsken kan vere i ferd med å kollapse. Denne veka kom det klar tale frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES), som samlar data om bestanden av 135 fiskeartar:

Torskebestanden i Nordsjøen er no truleg nede i berre 46.000 tonn, under ein tredjedel av det tilrådde minimumet, som er 150.000 tonn. I rapporten som ICES no sender til regjeringane ved Nordsjøen, blir det tilrådd å forby torskefangst i Nordsjøen i 2005, som eit krisetiltak for å berge bestanden.

– Det er ingen teikn til at torskebestandane i Nordsjøen, Irskesjøen og vest for Skottland er i ferd med å ta seg opp. Desse bestandane blir etter alt å døme skattlagde for hardt, seier David Griffith, generalsekretær i ICES til BBC.
Rapporten frå ICES peikar òg på at det er mykje ulovleg fiske av torsk i desse områda – og det fisket blir sjølvsagt ikkje rapportert nokon stad.

Men representantar frå fiskerinæringane i ulike land har alt vore ute og avvist rapporten.
– Dette rådet er like nyttig som eit oskebeger på ein motorsykkel. Det er heilt ubrukeleg, meinte til dømes Lorcan O’Cinneide i den irske fiskarorganisasjonen IFPO.

– Forvaltinga fungerer ikkje
Fleire fiskestammar i Nordsjøen er truga av overfiske. Men styres-maktene vågar ikkje å gjere noko med det.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Fleire fiskestammar i Nordsjøen står i alvorleg fare dersom det ikkje blir innført strengare reguleringar av fisket. Det seier forskar Reidar Thoresen ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

– I Nordsjøen har det vore altfor høgt press på fleire av fiske-stammane altfor lenge. Men styresmaktene greier ikkje å redusere innsatsen. Det er for mange farty, og det står store interesser bak, seier Thoresen.

– Torsken er aller mest utsett, fordi han har høgast verdi. Men også fleire typar industrifisk er hardt pressa, fordi flòten som beskattar han, har blitt meir og meir effektiv. Det er rett og slett for mange båtar som fiskar i Nordsjøen.

– Handlar ikkje dette òg om dei store investeringane som ligg bak moderne havfiske? Det skal mykje til for å tene inn kostnadene med moderne skip?
– Ja, til dels er det slik. I EU har ein til dømes prøvd å redusere flòten ved å få vekk gamle farty. Men dei som blir att, og dei nye som kjem til, er mykje meir effektive. Ein har prøvd å regulere ved å stengje ein del felt i delar av året, men da blir berre innsatsen hardare i resten av året. Det må sterkare lut til i Nordsjøen.

Dei mange ulike interessene er eit stort problem for forvaltinga av Nordsjøen, meiner Thoresen.

– Det er veldig mange land involvert: Noreg, Danmark, Nederland, Tyskland, Belgia, Frankrike, Storbritannia og så vidare, og alle har eit ord med i laget. Ein kan nesten seie at det er for mykje demokrati på dette feltet – ein kunne trenge eit organ som skjer gjennom. Dei bestandane som Noreg disponerer åleine eller saman med få forhandlingspartar, er generelt lettare å forvalte. Dei bestandane er òg i betre forfatning.

– Mange havforskarar har lenge sagt at nordsjøtorsken burde vore heilt freda i nokre år. Men det har ikkje skjedd?
– Nei, og det er ein reell fare for at stammen skal bli øydelagd. Vi kan tenkje på det som skjedde med den vårgytande silda på grunn av overfiske på 60-talet – bestanden kollapsa heilt. Det same kan skje med torsken.

Reidar Thoresen er tydeleg frustrert over at åtvaringane frå havforskarane ikkje har blitt tekne til følgje.

– Vi har sagt frå om at kvotane må reduserast i så mange år no. Men forvaltinga klarer ikkje å gjere tiltaka som skal til for å byggje opp att torskestammen. Det er noko riv ruskande gale med forvaltingssystemet her. Vi legg ned ein stor innsats i å overvake bestanden, analysere og leggje grunnlaget for forvalting. Men forvaltinga greier ikkje å redusere beskatninga.

– Det må tyde at andre omsyn enn berekraft veg tyngre?
– Vi får ofte høyre at ein må tenkje på fiskarane, og ikkje kan redusere kvotane meir. Men det er kortsiktig tenkt, om ein vil ha ei levedyktig fiskerinæring på sikt, seier Thoresen.

– Som forskarar har vi eigentleg berre å godta avgjerdene til forvaltinga. Men i somme samanhengar må vi seie frå. Vi har plikt til å informere om kor dårleg ein del av ressursane blir forvalta. Dette er rikdommen til heile det norske folket, og folk har krav på å få vite korleis ressursane deira blir forvalta, seier forskar Reidar Thoresen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |