Dag og Tid nr. 43, laurdag 23. oktober 2004:


Bokmeldingar
Dyrisk sex og andre lengslar
Det er håplaust, men det er det håpet vi har.

NOVELLER
Hans Sande
Smygar
Gyldendal 2004

Først tenkte eg at fjorårets samling med Sande-noveller var betre enn den samlinga han gir ut i år, men eg orkar ikkje å gruble over kva som glepp og kvifor det ikkje held heilt inn og tvers gjennom boka. Det blir småleg pirk også, særleg når eg mest av alt synest Hans Sande er ein god forfattar som fortener mange lesarar. Sande er like morosam som Erlend Loe. Sande er derimot ingen morogut-ironikar. Samtidig er Sande like melankolsk og sentimental som Levi Henriksen, utan at han er så ung, svart og religiøs. Og Sande fortener like mange lesarar som dei to nemnde, berre for å ha sagt det også.    

Eg blir oppmuntra av å lese Sande, og oppmuntring kan vi ikkje få nok av. Hans Sande er både forfattar og psykiater. Han har kanskje tatt med seg psykiateren inn i novellene. Der sit han bak bokstavane og held psykoterapi med oss. Så blir vi glade, da, ei stund, fordi livet, i alle fall på papiret, på ein måte går opp, i alle fall for lesaren. Sande er ein optimistisk forfattar, enda om det titt er håplaust og går gale for folka i novellene hans. Så gale går det forresten heller ikkje med dei fleste av dei. Folka til Sande har gode lengslar i seg, det er vel der optimismen ligg.

Menneska i desse novellene lengtar sunt og godt, ikkje etter overflod og suksess, men etter ein kjærast, ro og god sex. Lengslane dei går med er aldri mørke, nedrige og undertrykkjande. Kjærleiken og erotikken blir heller framstilt dyrisk og tvers gjennom normal, nesten triveleg. Sex er noe ein vil ha fordi det har noe med kjærleik å gjere, det er noe av det som gjer folk av oss. Tittelnovella, «Smygar», handlar nettopp om ei kvinne som smyg seg naken opp i senga til ein naken venn: «... for kroppen min kunne kunsten å bukte seg inn under dyna til ein mann, ein ung mann, ein nesten vaksen gut, og eg nærma meg kroppen hans, i ein stillferdig rus gjorde eg det, eg var varmesøkjande og bukta meg som eit dyr mot varmen frå kroppen hans, ikkje kunne eg stå imot og ikkje ville eg...»

Samlinga inneheld 17 noveller. På den same måten som i fjorårsboka lèt forfattaren somme personar opptre i fleire av novellene. Vi ser dei frå nye vinklar, i andre situasjonar og nye samanhengar. Det går an å seie at alle novellene liknar på kvarandre, fordi det er Sande som har skrive dei med ei blanding av lett humor, glupt alvor og stø hand. Men samtidig er alle novellene ulike. Sande er ein rik og fantasifull forfattar. Han boltrar seg i ulike skrivemåtar og forskjellige tilnærmingar til novella som sjanger. Forfattaren snyltar på og utnyttar skrivemåten og sjangersærtrekka i vanlege noveller, lyriske noveller, hunde- og dyrefablar, korttekstar, foredrag eller talar, brev og til og med dystopiar og science fiction.

Best av alt er det at denne forfattaren skriv med ein humor som verken er nynorsk skråblikk eller urban ironi. Eg vil heller seie at det ligg eit resignert håp i den haldninga og stemninga som Sande skriv på, og så er han overberande og godtek folk som dei er, i alle fall dei folka han diktar opp. Det er håplaust, men det er det håpet vi har, for å gjere ei håplaus omskriving av eit norsk dikt.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |