Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:
Helgheim
Ministeren med to andlet
Om somme tykkjer vi skriv for ofte og for mykje om emnet, er det styresmaktene si skuld. Det er dei som held spørsmålet varmt. Fekk du med deg at det i starten av månaden vart lagt fram ei stortingsmelding om norsk innvandringspolitikk, St. meld. nr. 49 for 2003-2004, med tittelen Mangfold gjennom inkludering og deltakelse? Undertittelen er Ansvar og frihet, og i eit avisreferat heiter det at «regjeringen (legger) vekt på at nordmenn må akseptere at det å være norsk ikke lenger utelukkende betyr at man har blondt hår og blå øyne». Erna Solberg refsar folket for overdriven framandfrykt, og meiner folk må slutte å kalle barn som mesteparten av livet har vore i Norge, for innvandrarar. Vi bør heller kalle dei etterkommarar, meiner ho. Eg gir kommunalministeren kredit for den gode viljen. Ho seier det er feil å spørje om dei som er oppvaksne i Norge, er «integrerte» eller ikkje. Spørsmålet er om dei tek del i samfunnet på lik line med andre, og om dei føler seg inkludert og akseptert.
Det lyder som musikk i øyro for ein som har det med å dundre laus på Solberg og vesenet hennar, men ho er ein person med to andlet. I debatt med norske fundamentalistar som målar det fleirkulturelle samfunnet som eit skremmebilde, kan ho avvæpne dei med stor ro. Men det er i omtalen av dei verkeleg utstøytte at kommunalministeren har hissa på seg den folkelege, gode norske humanismen, med å gje inntrykk av at alle asylsøkjarar som etter alle legale prosedyrar ikkje har rett til å vere i landet, heller ikkje kan rekne med å bli tatt hand om, om dei så skulle hamne i rennesteinen eller under bruene. At dette er å gjere vald på konvensjonar og menneskerettar som gjeld uansett formell status i samfunnet, er noko som prellar av på ministeren. Det har sett sosialkontor i ei kattepine. Det toppa seg då Trondheim kunngjorde at her hos oss kan dei som treng det, rekne med hjelp, og ministeren sa at
Trondheim kom til å bli «Somalias største by». Det er ei utsegn ho sidan har nekta å beklage. Det er ille i seg sjølv. Verre er at ein norsk minister brukar ei utvald, utsett og frå før stigmatisert folkegruppe som det styggaste skremselet ho kan kome på, når det gjeld å mane fram kva hordar som kan velte inn over landet vårt.
Lat oss skru tida attende, og tenkje oss ein minister som prøver å skremme med at dersom ikkje byen X eller kommunen Y følgjer forskriftene, vil jødane snart få sin største by i Norge. Om noko slikt kunne skje eller ikkje, er uinteressant. Det er ein relevant historisk parallell når det gjeld å skremme folk med ein stor fare utanfrå, og han vart brukt i ei tid då det var politisk marknad for slikt i Europa. Når fokus no også er retta mot hjelpelause barn utan tilsyn i asylmottak, var også jødiske barn på flukt særleg problematiske. Jødar var ikkje godkjende som politiske flyktningar på trettitalet. Per Ole Johansen, forfattar av boka Oss selv nærmest, skriv at Norge på heile trettitalet merkte seg ut med å vere spesielt avvisande andsynes jødar. UD gav legasjonen i Berlin beskjed om ikkje å gje flyktningane falske håp. Justisdepartementet uttrykte
at «en invasjon av jøder må vi nemlig frabe oss, selv om vi i våre hjerter har all mulig sympati for dem». Framandpolitiet i Oslo åtvara mot faren for ein jødekoloni. Departementale fråsegner av denne typen var det flust av, og ekspedisjonssjefen i Justisdepartementet var spesielt ottefull når det gjaldt å sleppe inn jødiske born, for «chansen for å brenne inne med barna er overveldende stor. Selvom vi betinget oss barnehjemssystemet, ville disse barna efterhvert knytte slike forbindelser i Norge, at vi ikke blir kvitt dem».
Slike ord om andre vil vel ein norsk kommunalminister i dag neppe ta i sin munn, eller kva? Men i skrytet av ei norsk integrering av innvandrarar, som etter det forskar Lars Østby ved Statistisk sentralbyrå seier, har fungert betre enn alle svartmålarane vil ha det til, er det hårreisande å høyre ministeren håne dei som aldri får ein sjanse å bli som ein av oss. Det fekk det til å renne over også for hovudstadens Frp-byråd, Margaret Eckbo, som sende ut klar ordre om at her skal alle få pengar til mat og ein stad å sove om natta. Ingen skal sove på gata og tigge om mat.
Asylministeren nyttar ofte høvet til å skryte av at Norge har fått talet på asylantar ned. Men som både forskarar, utlendingspoliti og Flyktningerådet har slått fast, er det ein del av ein europeisk trend. Det er ikkje hit det kjem mest flyktningar, dei fleste flyktar stadig meir frå eit fattig land til eit anna fattig land. «Nedgangen skyldes først og fremst internasjonale forhold, men å være best i klassen til å avvise mennesker på flukt fra krig og hungers-nød, synes jeg ikke er noe å skryte av», seier Oddhil Günther i Flyktningerådet.
Forskar Lars Østby og SSB har altså lagt fram eit forskingsnotat som etter han sjølv knuser myten om at norsk integrering er feilslått. Østby seier at politikarar som både er veldig positive og veldig negative til innvandring, likar å svartmåle. På punkt etter punkt viser han at likskapane blir større mellom opphavlege nordmenn og innvandrarar av andre generasjon på fleire og fleire område i samfunnet. Sjølv har eg aldri slutta meg til frammaninga av skiljet mellom oss og «dei andre». Den er det hysterikarar både i og utanfor Stortinget som tyr til, særleg når det gjeld dramatiske hendingar ein kan slå politisk mynt på. Alt mens ein minister med eit innvandrarvennleg
andlet, vender eit ganske anna mot dei absolutt verjelause og utstøytte.
Roald Helgheim |