Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:

Leiar
Mykje prat frå Distrikskommisjonen

«For å utvikle varierte bo- og arbeidsmarkedsregioner og dynamiske regioner med samspill mellom sentrum og periferi er infrastruktur og gode kommunikasjoner en nødvendig forutsetning og et sentralt virkemiddel.» Rapporten til Distriktskommisjonen er tung lesnad. Ein kan gje opp av mindre.

Det må gå an å få fram kva ein meiner i kortare og meir presise formuleringar. Kommisjonen burde teke ut alt sjølvsagt prat, fått vekk byråkratspråket og partiprogramvendingane. Dei burde teke demokratiet på alvor og ikkje berre skrive for byråkratar og maurflittige politikarar som elskar å flikka og «kompromissa», som dei seier, på formuleringar og vedtak. Dette endelause politiske spelet trøyttar ut alle andre enn dei som har det til leveveg.

Kommisjonen burde ha streva etter å koma fram til samrøystes innstillingar. Medlemene i kommisjonen burde ha lagt partiprogramma til sides og markert eit felles politisk prosjekt. På den måten kunne rapporten fått eit visst gjennomslag. Dei politiske partia får meir enn nok tid til å markera kva dei måtte meina om at «lokalisering av offentlig basisvirksomhet primært bør bestemmes ut fra en helhetlig vurdering av kostnader, kompetanse og funksjonalitet», som det heiter i ein av dei mange mindretalsemerknadene.

Detaljnivået er eit anna problem. Kommisjonen meiner noko om alt – frå Rikskonsertane, via rammevilkår for bruk av gass, til nedlegging av fylkeskommunen. Det viktige forsvinn i det uviktige. Kommisjonen kunne ha konsentrert seg om 10 punkt og sett dei på dagsordenen. I staden endar det opp med ein diskusjon om kommunesamanslåingar. Det er synd, for rapporten inneheld interessante framlegg. No skal rapporten ut til høyring. Står du på lista, må du førebu deg på krevjande lesnad.
Svein Gjerdåker    

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |