Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:

Kommentar
Jacques Derrida (1930-2004)

Så kom den store dekonstruktøren til Jacques Derrida, også. Mannen med den skeive, rare smilen og dei gjennomtrengjande, granskande augo, eit blikk og ein smil som var frykta med ærefrykt og elska med forelska nervøsitet hjå studentane, han har no forlate oss.
Enkel landsens gut som eg var, stima eg med stor suffisanse rett opp til Derrida før han skulle halde fyrste forelesingstimen i hovudseminaret sitt ved Ecole Normale Supérieure i Rue d’Ulm våren 1983. Om eg kunne få fylgje førelesingane hans som «auditeur libre», «fri tilhøyrar» (ikkje-innskriven student, utan plikt til skriftlege arbeid)? Og kvifor det, då? Jau, stotra eg fram på eit stygt mishandla fransk; eg forstod ‘kje så godt kva han arbeidde med, men trudde eg trong å få vite meir om det.
Derrida fall for denne ufjonge, ufranske måten å tale til autoritetar på. Han lo så smått, og sa at javel, men då skulle eg kome kvar gong, og førebu meg liksom andre. Slik gjekk det til at eg kvar tysdagsmorgon frå januar til juni 1983 fylgde ein nitid tekstkritisk, idéhistorisk og retorisk-analytisk gjennomgang av Immanuel Kants Über die Streit der Fakultäten – ja, den tyske teksten! – avsnitt for avsnitt. Sanneleg, eg skjøna det var mykje som aldri hadde kome meg føre, tidlegare, om universitetet si rolle og om tilhøvet mellom 1700-tals-filosofien og vår tid, og kva det no var alt eg lét meg fengsle av, men berre oppfatta stykkevis. Men eg oppfatta at Derrida, i si uføresjåelege veksling mellom glødande intensitet og kjølig ironi, verkeleg meinte at det å få ein slik tilsynelatande tørr og fjern tekst til å leve bivrande inn i vårt alminnelege snakk, late den kommentere vår tids tekstar og vår tids uoverlagde språk, det var avgjerande viktig for at vi kunne skjøne kven vi kunne vere.  

Sidan møttest vi no og då gjennom åra, på ein og annan konferansen, eller i korridorane på Maison de Sciences de l’Homme i Boulevard Raspail, der Derrida gjennom mange, mange år hadde kontor, og veksla gjerne nokre ord. Kjende vart vi jo ikkje. Eg møtte honom likevel aldri, om det så berre var i porten til Maison, utan å gjenoppleve fascinasjonen over den omveltande evna denne mannen hadde til å gjere det sjølvsagde fullstendig ukjent, og det utenkjelege nærverande. Og det var jo slik han verka gjennom skriftene sine. Som ein god kollega svara då eg spurde kva han tykte Derrida hadde hatt å seie for honom: «Han har skjerpa leseevna».
Just dét. Uråd å lese på sløvt vis etter slike bøker frå 60- og 70-talet: Røysta og fenomenet; Skrifta og differensen; Grammatologien; Randmerknader til filosofien; Disseminasjon; Sanninga i målarkunsten; ja, om det så var boka om koss det populære tidsfragmentet postkortet verkar, gav det seg nye vinklar til kva ein tekst hadde å seie. Men: Denne så musikalske, finstilte skribenten, så overlag var for nyansar, han, som ifylgje seriøse lingvistar har bidrege meir til å skape nytt ordtilfang i Frankrike enn dei fleste skjønnlitterære forfattarar – er diverre ofte blitt lesen, nei forresten, presentert av folk som ikkje har hatt ork til å lese, på ein nokså vørdslaus måte i Noreg.

Alt er tekst eller «alt er språk», seiest ofte vere kjernen i tenkinga hans, eller også at alt er til for å dekonstruerast. Av slike marketingaktige slagord oppstår berre meiningsløysor, så gløym dei. Det heile er så mykje meir spennande. Derrida analyserte koss vi som personar blir invaderte av mønster og nedervde, i språket løynde, førestellingar, gjennom fastfrosne skiljemerke og samanhengar som vi tek over og gjer til våre, idet vi brukar språket. Difor kan vi då heller ikkje, i motsetnad til kva lek og lærd har hevda minst sidan romantikken, ha så stor tillit til talespråket. Fyrst gjennom analysen av det objektiverte språket, skrifta, kjem vi nær ei forståing av kva som regulerer vårt snakk og vår tanke. Dekonstruksjonen, den går i grunn og botnar ut på vi i all språkbruk finn innhyst (eller nedfelt) djupe metafysiske føresetnader, grunnleggjande førestellingar om koss verda er og bør vere ordna. I og med at desse førestellingane er utematiserte og difor ikkje medvitne, så vil det òg vere slik at mangt av det vi held for å vere tilforlatelege ytringar – også i dei grunntekstane vi refererer oss til, filosofiske så vel som statens styrande tekstar – er bygd opp over uløyselege motseiingar. Difor kan filosofiske doktrinar heller ikkje forsvarast.
Det er lite lagt merke til at pied-noir-jødeguten frå Algerie ikkje berre står i gjeld til, men på ein viss måte gjekk rett inn i ein rabbinsk visdomstradisjon som dyrkar paradokset. Så var då òg Emmanuel Levinas kanskje viktigaste læraren hans (protestanten Paul Ricoeur ein annan). Derrida var siste åra mellom anna oppteken av koss det religiøse språket (i vår post-metafysiske tid) kunne fange noko anna enn det påstått direkte daglegspråket og tekstar overleira av lesetradisjonar. Ja, han fann siste tiåra til dels heilt nye måtar å nærme seg dei djupe strukturane i det kollektive medvitet på. For meg står særleg den store, lærde, kloke boka om Venskapens politikk frå 1994 som ei stor lesaroppleving.   

No er han då faren etter slike nære vener som Michel Foucault og Pierre Bourdieu -– og mange andre her hos oss mindre kjende, men sentrale franske intellektuelle. Derrida var ingen einstøing, var så langt frå nokon apolitisk folkefjern estet, han skreiv om tilgjevinga som politisk prinsipp, han gjekk fremst i demonstrasjonstog for streikande jarnbanearbeidarar, papirlause flyktningar, homofile. Dei var slik, den generasjonen franske intellektuelle, mangfaldige, ubereknelege. Dei har ingen arvtakarar, ser det ut til. Men medan vi no knapt har særleg tilskynding lenger til å lure på kva «postmodernismen», som mange gjerne ville rekne Derrida til gjennom åra, eigentleg var for noko, dette pussige antisosiale konglomeratet av lånte fjør som no stillsleg svevar ikring på den idéhistoriske kyrkjegarden, så kan vi samstundes vere nokså sikre på at den originale tenkinga til Derrida aldri kjem til å gje oss fred.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |