Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:

Klok på bok:
Uppdal – den ukjende

Ingen visste svaret på Klok på bok nummer 681. Diverre kan eg ikkje dela ut nokon pris denne veka, men eg lovar å leggja lista lågare resten av året.

Ivrige entusiastar tippa både på Göran Tunström, Hjalmar Söderberg, Pär Lagerkvist og Tage Danielsson. Store namn alle saman, men dei er feil. Ingen kjende att Kristofer Uppdal i svensk omsetjing. Ingen kjende att han som har vorte kalla Noregs fremste arbeidardiktar. Det som var meint som hjelp på vegen, var ikkje hjelp god nok. Ingen hugsa filmen Rallarblod som Erik Solbakken regisserte, og som bygde på Uppdals roman Dansen gjennom skuggeheimen. Ingen hugsa at Øystein Rottem skulle skriva Uppdal-biografi, og ingen kjende til at han truleg må leggja bokplanane på hylla.

Det var litt skuffande, men kanskje ikkje så uventa. Uppdal-diktet heiter «Natt», og det byrjar slik i svensk omsetjing:

Dette er berre halve diktet, men det er strålande.
Underteikna har funne det i samlinga Ensamhetsdjungeln som FIBs lyrikklubb gav ut i 1991. Der har Staffan Söderblom valt ut og sett om dikt av Kristofer Uppdal, og det er svært forvitneleg å lesa Uppdal i svensk språkdrakt.

Jan Erik Vold har skrive etterordet. Han slår fast at Kristofer Uppdals dikt er av dei «bäst bevarade hemligheterna i modern skandinavisk poesi». Diverre ser det ut for at han har rett også når det gjeld Dag og Tid-lesarane. Difor tek eg med det Jan Erik Vold skriv:

– Kristofer Uppdal debuterte med ungdommelege kjærleiksvers i 1905, men i åra før Den første verdskrigen skreiv han ekspresjonistisk poesi med storbymotiv, vital evolusjonslyrikk, eksistensiell grubling. I dei åra då han skapte mest, frå 1915 til 1925, lét han frie vers veksla med bundne former, samstundes som han la vekt på å la den indre rytmen og den eigne pusten avgjera språket, «gråbergspråket» som han kalla trønder-målet sitt.

Klok på bok 683

Jeg har ikke hørt på Lolita Pop på flere år. Love Poison hadde vært favorittplaten min. Jeg trykte på down-knappen til venstre på platespilleren, og pickupen svingte ut mot LP’en. Kamilla kom tilbake fra badet. Det sildret i toalettet. Introen med gitarer og trommer begynte etter et par sekunder.
Husker du denne? spurte jeg.

Dette er henta frå ei relativt ny novellesamling med ein pussig tittel. Forfattaren var debutant, men fekk gode kritikkar. Det heitte at novellene kunne minna om teaterstykke; om einaktarar der to menneske snakkar saman i eit rom.

Send svaret til klok@dagogtid.no, eller til Dag og Tid, postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
God helg – med dikt av Kristofer Uppdal.
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |