Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:
Bokmeldingar
Fin trøndersk skitenrealisme
Tru det eller ei, Anne B. Ragde har skildra den kjærleikslause og iskalde trønderfamilien i Berlinerpoplene utan snev av ironi, men med di større kjærleik.
ROMAN
Anne B. Ragde:
Berlinerpoplene
Oktober
Anne B. Ragde er ein svært produktiv forfattar med ei bok for året sidan debuten i 1990. Ho har både sjokkert og imponert publikummet sitt, og i språk og innhald spenner ho ganske vidt, frå det rå og detaljert makabre nærbiletet til den vare og innsiktsfulle menneskeskildringa. Forfattarskapen toppar seg med debutboka En tiger for en engel (1990) og Arsenikktårnet (2001). Berlinerpoplene er den tredje verkeleg gode og heilstøypte boka hennar.
Handlinga er i hovudsak lagd til Byneset utanfor Trondheim med eit glimt innom København, og sentralt i handlingsløpet finn vi ein familie knytt til garden Neshov, ein gammal, ærverdig gard som dei siste 20 åra har forfalle meir og meir, sjølv om han blir driven av den nokså puslete og tafatte grisebonden Tor. Han bur der saman med mora og faren medan dei to yngre brørne hans, Margido og Erlend, for lengst har reist heimefrå og seinare knapt har vist seg.
Ein skjønar fort at det finst noko usagt mellom familiemedlemene, noko dei aldri har snakka ut om eller snakka høgt om, men brent inne med i skam og fornedring, og ein anar også at dette må ha noko med den førre generasjonen å gjere, noko som går 50-60 år tilbake i tid, sirkla inn i teksten gjennom ei kursivert innleiing og ei kursivert avslutning. Romanen vil dermed handle om å bryte denne sirkelen av skam og togn.
Ynglar og drep
Det ligg diskrete spor i teksten som peiker mot homofili. Det startar med at sonen på nabogarden tar livet sitt på grunn av ein annan gut, og det viser seg etter kvart at også yngstesonen på Neshov, Erlend, har rømt frå grenda til København på grunn av den homofile legninga si. Der har han levd i sambuarskap i 12 år, ganske eksentrisk, temmeleg urbant og med ein omgangskrins som tar for seg av livets gode. Akkurat det kan ein ikkje skulde Tor og Margido for. Begge lever spartansk og nøkternt som ungkarar, og det er eit ope spørsmål om den kristne Margido med gravferdsbyrået nokon gong har vore i seng med ei dame. Tor har beviseleg vore det ein gong; han har ei dotter etter eit kortvarig møte under militærtenesta. På ei permreise til Tromsø sette han barn på ei ungjente som aldri blei godteken på Neshov, og dottera Torunn på 37 har vakse opp hos mora i Oslo. Ingen av desse har hatt noko med kvarandre å gjere på aldri så lenge. Alt verkar dystert og gammaldags, fattigsleg og
ufruktbart på Neshov bortsett frå at grisene ynglar og drep sitt eige avkom, ein temmeleg tung symbolikk som karakteriserer den mentale tilstanden i familien.
Tett før jul får Anna Neshov slag og blir send til St. Olav hospital. Ho er mor til dei tre brørne, og sidan ho er 80 år og tilstanden er alvorleg, varslar Tor dei andre, og straks etter er familien samla for første gong på 20 år. Det blir eit selsamt møte, for dei er svært ulike av natur. Tor og Margido er inneslutta og tiltakslause, Erlend og Torunn er sosiale og aktive, grip tak i problema og prøver å løyse dei til beste for alle, og spesielt til beste for garden og for Tor som no må greie seg utan mora som han har hatt ei sjukleg binding til.
Skite og gammaldags
Mora døyr, og no er det ikkje lenger noka bøn. Margido, Erlend og Torunn må bli med til Neshov, same kor lite lystne dei er på det. Og no ser dei forfallet: alt er skite og tilgrisa, det luktar kvalmt og innestengt, det er spinka og spart på gammal emballasje, aluminiumsfolie, plastposar, alt som kan kome til nytte ein dag, så kvifor kjøpe nytt når ein har i huset. Tor har gått oppi dette i alle år, for han har dette vore eit slags liv saman med foreldra som aldri har tolt synet av kvarandre. Garden døydde det året bestefar Tallak døydde, seier Erlend, og det er 20 år sidan.
Det er noko innfult og fastlåst over heile dette miljøet som Ragde rullar opp, noko som fører tanken mot romanpersonane til Olav Duun, men også mot måten Carl Frode Tiller går inn i eit stoff på gjennom å opplyse det frå ulike vinklar og med ulike forteljarstemmer. Fortenesta til Ragde i dette er at ho greier å løfte denne kvardagslege tristessen opp til ei generøs og gripande forteljing. Ein fattar interesse for desse personane, dei kjem ein nær fordi dei er sanne og ekte på kvar sin måte, og sjølv om Ragde innimellom tyr til triviallitterære grep, tippar framstillinga aldri over i det sentimentale og sjølvmedlidande. Det heile er nøktern realisme, gjerne skitenrealisme for min del, hovudsaka er at det er klart sett og godt og levande skildra, og tru det eller ei, denne kjærleikslause og iskalde familien er skildra utan snev av ironi, derimot med stor kjærleik frå
forfattaren si side.
Og slutten? Han skal ikkje røpast her. La det likevel vere sagt at det endar høgst overraskande og originalt, men likevel truverdig.
To gonger på kort tid har eg no lese om grisebønder og morsbinding. Steinar Opstad si novelle i Signaler 04 loddar kanskje djupare i menneskesinnet enn det Ragde gjer, men begge to har levert gripande og menneskelege portrett av personar som lever i konflikt med sine eigne kjensler.
Oddmund Hagen |