Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:

Bokmeldingar
Laus i fisken

Tankane til Doppler om Noreg i verda verkar tafatte og umogne.


ROMAN
Erlend Loe:
Doppler
Cappelen

Andreas Doppler – ei pliktoppfyllande, yrkesaktiv samfunnsstøtte, ektemann og far – slår hovudet kraftig då han fell frå sykkelen på ein tur i Nordmarka. Då han kjem til seg sjølv igjen, opplever han stilla i skogen som aldri før, og han bestemmer seg for å flytta til skogs for godt.

Han hentar teltet sitt, forlét kone og to barn, slår seg til i Nordmarka og finn roa til å tenkja igjennom livet sitt: Far hans er nyleg død, men Doppler innser no at han eigentleg aldri hadde kjent han. Han merkar irritasjonen og vonbrotet over sin eigen familie: over den bråkete Pingu-videoen til sonen og dottera som er manisk oppteken av Ringenes herre, over maset frå kona om nye badefliser, over familieutfluktene ut til Smart Club og liknande institusjonar, over strevet til heile familien – og samfunnet – etter flinkheit. Doppler kjem til den erkjenninga at han ikkje likar folk og derfor ikkje høyrer heime i menneskeskapte samfunn.

Doppler vel å leva frå hand til munn i skogen. Han drep ei elgku fordi han treng mat, og blir dermed nærmaste pårørande til ein elgkalv, som flyttar inn i teltet hans. Det einaste sambandet Doppler har med sivilisasjonen er små innbrot etter naudsynte forsyningar i eit privathus, og dessutan byttehandel med ein butikkeigar, der Doppler leverer elgkjøt mot skumma mjølk, som han er heilt hekta på. Dessutan kjem kona innom for å få sex ein gong imellom. Elgkalven Bongo er elles selskap godt nok. Og tidtrøyte har Doppler elles nok av, i arbeidet sitt med å byggja ein diger totempåle til minne om far sin. Utanom dette strevar han etter å reindyrka dagdriveriet.
Men sivilisasjonen forfølgjer og innhentar han, og skogen har ikkje lenger den same roa å by på som før.

Absurde innslag
Erlend Loes nye roman er full av absurde innslag, og ein kan ikkje dy seg for eit lattersnøft i ny og ne. For sjølv om denne boka ganske visst pretenderer å vera samfunnskritisk, er ho først og fremst underhaldning. Ho peikar på hangen mennesket har til å gå i flokk, til å utføra dei same rituala, på ein måte som meir tilhøyrer komikaren enn samfunnskritikaren.

Likevel er det tydeleg at romanen har ambisjonar om ein samfunnskritikk ut over den reine underhaldninga. Det lukkast berre ikkje; tankane til Doppler om Noreg i verda verkar tafatte og umogne. Når boka blir runda av med Dopplers sluttsalve mot Noreg og nordmenn og oljepengane, og især Noregs plass i verda, blir det rein nedtur for lesaren. Saman med den vesle son sin og elgkalven gjev Doppler seg i veg ut av «den trygge norske skogen», i eit felttog mot flinkheita og dumskapen til menneska, på jakt etter intelligent liv annanstad. Det verkar for plumpt til at ein føler seg kalla til å grunna vidare på denne ideen, og for gravalvorleg til at ein føler trong til å le.

Samtidig blir ein irritert av kjønnsorganet til Doppler. Det blir i byrjinga og slutten av boka ettertrykkjeleg presentert som uvanleg stort, noko som stimulerer forventningane lesaren har til Dopplers potensial. Det skjer likevel ikkje anna enn at kona til Doppler, etter besøka i teltet, blir gravid med eit tredje barn, noko som sikkert ville ha late seg gjera ved hjelp av eit mindre organ også. For denne lesaren kjem altså kjønnsorganet til Doppler til å representera det grunnleggjande oppblåsne og lausrivne ved heile denne romanen.
Nøste Kendzior

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |