Dag og Tid nr. 42, laurdag 16. oktober 2004:
Kommunesamanslåing:
Draumen og redsla for Valdres kommune
FAGERNES: Kommunalminister Erna Solberg drøymer om færre og større kommunar. Men i Valdres har innbyggjarane andre planar. Mykje tyder på at fleirtalet i fire Valdres-kommunar trassar ordførarane sine og kommunalministeren i den komande folkerøystinga.
Tekst: Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
«Du kan kanskje lokka ein valdris, men å tvinge han, det går ikkje.» Ordspelet om den stae valdrisen har vore flittig brukt i debatten om samanslåing av dei fire Valdres-kommunane Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Øystre Slidre og Vestre Slidre. Ordførarane og redaktøren i lokalavisa Valdres har gått ut og tatt eit klart ja-standpunkt. Men denne veka viste ei meiningsmåling utført for avisa Valdres og NRK at leiarane ikkje er på bølgjelengd med innbyggjarane sine, to veker før folkerøystinga 25. oktober. 55 prosent av folket seier nei og 26 prosent seier ja til ein ny storkommune.
Men planane om samanslåing, som er ein del av regjeringa sitt moderniseringsprosjekt for kommunesektoren, har gjort folk usikre. 26 prosent av valdrisane har ikkje bestemt seg for om dei vil ha kommunegrensene som i dag eller om dei vil ta steget til å bli Valdres kommune med 15.000 innbyggjarar, den 3. største kommunen i Oppland.
Skuledebatt om økonomi
Alt skal vere så stor og flott i den nye kommunen, men det blir utan tvil meir upersonleg. På sikt vil fleire miste frisøren sin, lokalbutikken og kanskje skulen sin, seier Kåre Helland, nei-mann frå Sør-Aurdal, og får stor applaus frå salen.
Dag og Tid er på kommunedebatt på Valdres vidaregåande skule, og i salen er meir enn 500 elevar samla. Trusselen om fråværsmerknad har gjort sitt til at ja- og nei-panelet sit framfor det best besøkte folkemøtet så langt.
Med siste moteskrik frå Valdres kjøpesenter, altfor varme luer tredde ned i ansiktet og sugemerke ujamt fordelte på elevane, tyder alt på at gutane og jentene ved Valdres vidaregåande skule er som ungdommar flest. Men det viser seg at i denne gymsalen sit noko så unikt som 18-åringar i diskusjon om kommuneøkonomi.
Eg har vore skeptisk til kommunesamanslåing på grunn av at Erna er for. Når Erna er for noko, blinkar det ein lampe i hovudet mitt. Ho har strupt kommuneøkonomien. Det veit eg, fordi eg sit i kommunestyret i Nord-Aurdal og vi prøvar å lage eit budsjett. Det er ikkje enkelt, seier den unge, lokale Ap-politikaren Stine Renate Håheim (Ap) i ja-panelet.
Lenge var ho skeptisk til samanslåinga fordi det kan skape større Fagernes-sentralisering, fleire kan miste jobbane sine, og fordi nabokommunane Vang og Etnedal ikkje er med på den eventuelle samanslåinga. Men skepsisen til storkommunen måtte vike for førestellinga om alt ein kan få gjort i fellesskap i Valdres.
Eg vil heller ha ei ny storkommune enn det udemokratiske regionstyret vi har i dag, der seks ordførarar som ikkje er direkte valde, sit og bestemmer for heile regionen, seier Håheim.
Fordelar og ulemper
I fleire månader har diskusjonane om framtida for regionen rasa i det vakre Valdres-området langs Strandefjorden. Fordelar og ulempar har blitt identifiserte og lista opp. Nokre av fordelane med samanslåinga er:
Mindre pengar skal brukast til administrasjon og meir til tenester for innbyggjarane.
Kommunen får sterkare fagmiljø.
Det blir meir attraktivt å vere politikar.
Valdres får eit sterkare regionsenter.
Mellom ulempene er:
Sterkare sentralisering i Fagernes kan føre til større avstandar mellom kommunen og innbyggjarane.
Arbeidsplassar og servicetilbod kan forsvinne i dei mest grisgrendte strøka.
Nokre kommunalt tilsette kan miste jobbane sine.
Skular kan bli nedlagde.
Ja-ordførarane har sendt ut informasjonsheftet «Stor og kraftig eller liten og smidig», og fått hard kritikk for å gi for einsidig ja-informasjon. Politikarane har reist rundt og snakka seg varme på skrint besøkte folkemøte. Kommuneskilt har blitt dekte over med nye der det står «Valdres kommune? Stem 25. oktober» Etter råd frå kommunikasjonsselskapet Dinamo har ordførarane måla bodskapen «Ja. Nei. Stem 25.» på kvite rundballar. Kreative tiltak som skal få trauste valdrisar til å tenkje nytt. Mykje tyder på at dei har mislukkast.
Jobb nummer ein for oss er å få flest mogleg til å stemme, seier paneldeltakar og ja-ordførar i Øystre Slidre, Gro Lundby, til Dag og Tid.
Dei nedslåande tala frå meiningsmålinga har ikkje sett Lundby ut av spel. Tilbakemeldinga ho får i gymsalen i form av høfleg klapping og svak buing kan tyde på at fleire av 18-åringane har teke motstandaren Kåre Helland si side.
Vår oppgåve er å mobilisere dei 26 prosentane som ikkje har bestemt seg. Vi har ein stor jobb å gjere, seier Lundby, som understrekar at ho vil respektere resultatet frå folkerøystinga.
Dersom vi får eit så rungande nei som meiningsmålinga viste i dag, så har vi fått eit tydeleg råd, seier Lundby nøkternt.
Paradoksalt nok er det nettopp frå hennar kommune, Øystre Slidre, at folk tydelegast seier nei. 67 prosent av dei spurde svarar nei og 10 prosent ja, medan 22 prosent enno ikkje har bestemt seg.
Mest positive er folk i Nord-Aurdal, den fattigaste kommunen i gruppa og truleg den som har mest å tene på samanslåing sidan Fagernes er planlagt som kommunesentrum. Her svarar 37 prosent av dei spurde nei og 27 prosent ja. 34 prosent har enno ikkje bestemt seg. Gladmeldinga for lokaldemokratiet er at av alle dei 1100 spurde, svarer heile 97 prosent at dei har tenkt å stemme i folkerøystinga 24. og 25. oktober.
Jolle vs. seglbåt
For 18-åringane i gymsalen på Valdres vidaregåande skule er den komande folkerøystinga den første dei tek del i. Flesteparten eg pratar med har tenkt å stemme, og 16- og 17-åringane skulle òg ønskje dei kunne fått sagt sitt. Nokre av dei har sendt inn lesarbrev til lokalavisa, og spørsmåla til politikarane er krasse og gjennomtenkte.
Ein gut i rullestol seier så underfundig at «det er lettare å styre ei lita jolle enn ein stor seglbåt». Ei jente tek mikrofonen og utfordrar Lundby på om ho verkeleg vil lytte til fleirtalet i folkerøystinga sidan ho har gitt uttrykk for at folk i Øystre Slidre ikkje veit sitt eige beste. Ei anna jente spør kva som kjem til å hende dersom ein kommune ønskjer å trekkje seg ut av storkommunen. Til det svarar ja-ordføraren Lundby alvorleg at det er svært vanskeleg. Det må i så fall opp i Stortinget.
Etter debatten summar tallause utolmodige stemmer som ikkje rakk fram til mikrofonen eller ikkje torde å ta ordet. 18 år gamle Maren Brustad Eriksen er meir overtydd ja-tilhengjar etter debatten.
Eg er meir overtydd om at ein må samarbeide for at det skal gå bra for Valdres. Vi omgår kvarandre mykje no også, det vil ikkje bli så stor forandring å vere ein felles kommune. Dessutan må vi spare pengar, seier Eriksen.
Eg trur også eg vil stemme for. Før eller seinare kjem samanslåinga til å hende uansett.
Det er betre å gjere det no, så får vi bestemme sjølv, før nokon tvingar oss til å gjere det, seier venninna Synne Kvam (18).
Ved fotballspelet utanfor eit av klasseromma spelar to gutar frå Etnedal i raudt mot to gutar frå Fagernes i blått. To av dei er for samanslåing, ein er imot og den siste har ikkje bestemt seg for kva han skal meine. Kommuneøkonomien er viktig for dei fire 16- og 17-åringane.
Eg er for ei samanslåing, for då får Nord-Aurdal og Fagernes meir pengar, seier Marius Hilmen (16) frå Nord-Aurdal som er misnøgd med at kommunen har så dårleg råd.
Ein storkommune vil sentralisere Fagernes endå meir, seier nei-guten Lavrans Sanderud (17) frå Etnedal.
Men dersom det ikkje blir sentralisering i Fagernes, kvar skal det då bli sentralisering? Det er betre at ein sentraliserer mot Fagernes enn for eksempel Lillehammer, seier Hilmen.
25. oktober vil det bli avklart kven av gutane rundt fotballbordet som får rett.
|