Dag og Tid nr. 41, laurdag 9. oktober 2004:

Helgheim:
Det store bondefangeriet


Vi held på å bli immune mot alle skrekkmeldingane. Fleire tital drepne høyrer til dagens orden. Døyr dei ikkje i Irak, så døyr dei i Palestina eller i Sudan. Kvifor løfter vi knapt på augneloket når fjernsynsbileta viser nye dødsoffer langs gater og vegar i Irak eller i Gaza, der Israel har gått til den største militæraksjonen på mange år, etter eit rakettåtak som kosta to israelarar livet? Det er ingen rimelege proporsjonar mellom det og eit Israel-åtak som snart har kosta hundre palestinarar livet, vert det sagt. Men kva er rimelege proporsjonar i høvet mellom ein overfallsmann og den overfalne? Då det tredje riket valsa over Europa, kunne ein landsby bli massakrert som straff for eit tysk soldatoffer. Mellom okkupanten og dei okkuperte er det ingen «rimelege» proporsjonar, og i dette spørsmålet er det ein relevant historisk parallell. Likevel er verda prisgitt ein tilstand der okkupantens høge beskyttar legg ned veto i Tryggjingsrådet. Omsynet er ein amerikansk valkamp dei ikkje kan risikere å tape stemmer på. På slagmarka ligg offera for eit politisk spel som går mot stupet.

Dessutan byrjar Irak og Palestina som slagmark å likne kvarandre. I jakta på fienden kan okkupanten etter innfallsmetoden jamne ein landsby eller eit bustadfelt med jorda, om det er mistanke om ein «terrorist» i garden. For det må eit ukjent tal sivile bøte med livet. Om bilbomber og andre sjølvmordsåtak også tar liv i hopetal i Irak, går mottiltak til militærmakta  mest ut på å leggje meir og meir av landet i ruinar, i freistnadene på å bombe ut fienden.

At dette for lenge sidan har gjort Irak til ei hengemyr for USA, er noko alle kan sjå. Då høyrest eit pip frå ein norsk utanriksminister om at no må vi sjå framover, og ikkje lenger mase om at krigen vart starta på eit falskt grunnlag, krigen som med Kofi Annans eigne ord er – «if you wish» – ulovleg. På kva måte skal vi sjå framover i ein krig bygd på løgn og bedrag! Fly inn meir soldatar, bombe ut fleire byar som kan tenkjast å huse ein fiende, fienden av ein okkupant med like liten rett til å vere i Irak som Tyskland hadde til å vere i Norge? Der har vi det att, dei «urimelege» parallellane, dei løynde reglane for når ein spade kan kallast ein spade, og når det ikkje er god tone. Men kva meiner soldatane på slagmarka?

Michael Moore er den som best har fått dei i tale så langt. Vi fekk nokre sterke glimt av det i Fahrenheit 9/11. Etter filmen fekk han ein flaum av brev og e-post frå amerikanske soldatar i Irak. I desse dagar kjem mange av dei ut i boka Will They Ever Trust US Again?. «Man, there is a huge fucking scam going on here», skriv ein av soldatane, i brev avisa The Guardian har fått trykt eit utval av. På norsk heiter det «eit jævla bondefangeri». Ikkje fordi det å vere i felten i seg sjølv er eit helvete – hadde det endå vore ei sak verd å kjempe for! Soldaten i teneste i Bagdad har høyrt at USA skal kalle inn fleire troppar. Til kva føremål? Han ser sivile kontraktørar kravle rundt overalt i landet. Blackwater, Kellogg, Brown & Root, Hallliburton, heile tida. Men dei er her for å hjelpe alle andre enn folket i Irak, skriv soldaten. Ein annan skriv at det tar på å høyre frå sersjanten i troppen at «bestemmer du deg for å drepe ein sivil som ser trugande ut, så skyt han». «Vi blir lærte opp til å tenkje at det er betre å gjere noko mot dei før dei får gjort noko mot oss. Eg vart ikkje oppdregen til å tenkje slik», skriv soldaten, som fortel at stemninga har snudd 180 grader sidan dei kom dit. Soldatar ringjer heim og ber foreldra stemme på Kerry. Alle kan sjå at Irak aldri har vore noko trugsmål, skriv ein annan. Alle kan sjå at USA er her for å sikre seg olje. «Kvifor er vi her for å prøve å skape fred, når alt vi er opplærde til, er å øydeleggje», skriv ein. Han og ektefellen vurderer å reise til Canada som politiske flyktningar. Ein etterretningsoffiser melder etter 10 månader at han har sett nok av korrupsjon og svindel. Til slutt er det ein som fortel den enkle historia om korleis han skulle vakte over nokre irakiske arbeidarar som skulle fylle sandsekker for ein US-base. Sjølv kunne han sitje i skuggen og leske seg med vatn i den brennande varmen. Då han gav arbeidarane høve til å ta ein pause i skuggen for å leske seg, fekk han beskjed om at det ikkje var nødvendig. Fleire gonger gjekk han mot ordren.

På kvar sin måte fortel dei under fullt namn at dei ikkje er her for folket sitt beste, ganske enkelt fordi den herskande mentaliteten er å sjå ned på det landet og folket ein skal «frigjere». Det er slik den kvite mannens sivilisasjonstokter har arta seg sidan kolonitida. Er dei representative? Truleg blir dei det meir og meir, og røystene frå fronten kan på sikt bli det største trøbbelet for okkupanten, i den framtida Jan Petersen er så oppteken av. Løgnene vi for kvar dag får dokumentert at krigen byggjer på, har nesten sløva opinionen. Denne veka kom den endelege rapporten frå USAs eigne inspektørar om at det var ingen masseøydeleggingsvåpen å finne. Men vil det få noko å seie?

Den amerikanske presidenten er underlagd ein høgare orden, uttrykt gjennom vitnemålet til ein familie som sørgde over soldatsonen sin i amerikansk fjernsyn, men som sa: «Denne krigen er ikkje om irakarar eller amerikanar, dette er ein åndeleg krig. Folk som ikkje skjønar det, må fordjupe seg i Bibelen og lese om det. Det har vore forutsagt, det er førehandsbestemt». Dette er kyrkjelyden til den attfødde pastor Bush, misjonæren som meir og meir tyr til religiøse talemåtar. Korstoget hans var inga forsnakking.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |