Dag og Tid nr. 41, laurdag 9. oktober 2004:

Kommentar:
Farleg lojalitet

Lojalitet er fint. Men kan også vere farleg, om ein ser seg blind på kvar lojaliteten burde vere størst. Eller rettare sagt, til kven. For alvorleg psykisk sjuke har det fått dramatiske følgjer at lojaliteten ikkje har gått deira veg.  
For mange er situasjonen paradoksalt nok blitt verre dei siste åra, i ein periode då tilbodet til nettopp dei med størst behov skulle trappast opp, behandlinga og tilrettelegginga skulle få nye og betre utformingar. Dei skulle sikrast større rettar og dei skulle sjølve vere med i utforminga av dette, ut frå eigne behov og ønskje.
Styremaktene har for lengst erkjent at denne moderniseringa må til, men har likevel ikkje klart å gjennomføre ho i praksis. Omlegginga av det psykiske helsetilbodet er ein stor operasjon. Tanken har vore at ein skulle leggje ned dei gamle institusjonane, og byggje opp behandlingstilbod og andre tenester i lokalmiljøet. Folk skal ikkje lenger bu heile liva sine på institusjonar eller sjukehus. Dei skal ha sin eigen dørstokk. Dei skal få hjelp når dei treng det, og på sine eigne premissar.  

Kommunane har fått eit nytt og stort ansvar for å byggje opp tilbod i nærmiljøet, til bustad, behandling, arbeid, rehabilitering og tilrettelegging. Dei har ansvar for å leggje til rette for eit godt og meiningsfylt liv, eit liv med heilt andre kvalitetar enn det ein psykiatrisk pasient hadde på meir eller mindre lukka anstaltar og asyl før i tida. No skal folk med alvorleg psykisk sjukdom leve liva sine ut frå eigen vilje. Ikkje med tvang og innesperring, bortgøymde og gløymde. Dei skal leve i samfunnet, arbeide, bu og leve liva sine på lik linje med alle andre. Skilnaden er berre at nokre treng hjelp og støtte for å klare dette, og at dei må sikrast tilgang på den hjelpa dei faktisk treng. Og den tilgangen er det altfor få som har i dag.           

Det er altså ei stor glipe i dagens psykisk helsevesen. I psykiatrien, altså spesialisthelsetenesta, har ein over mange år bygd ned talet på sengeplassar. Dette har vore ei ønskt utvikling. Samtidig har ikkje utbygginga og etableringa av tilboda utanfor institusjon stått i høve til nedbygginga. Folk har ikkje fått gode nok behandlingstilbod utanfor sjukehusa, det står ikkje nok bustader og bufellesskap klare, ein følgjer ikkje opp dei som treng tiltrettelegging og oppfølging. Alt for mange er overlatne til seg sjølve. For nokre går det bra, særleg dei som har gode relasjonar til familien sin eller andre. Men alle har ikkje det, og dei seier nødvendigvis heller ikkje ifrå når det er krise. Det er det til slutt naboar som kjenner på lukta eller dei ser på andre måtar at personen ikkje lenger er i stand til å ta vare på seg sjølv. Då er det kanskje gått så langt at tvangsinnlegging er einaste løysinga ein ser. Men det skal ikkje vere slik. Problema skal kunne fangast opp mykje før. Målet er at færrast muleg skal innleggast, men få den hjelpa dei treng heime eller i eit lokalt hjelpeapparat. Det finst fleire metodar og forsøk som viser at dette er ein farande veg. På stadene der dei har innført ambulante og oppsøkjande team, går talet på akuttinnleggingar ned. Der ein klarer å skape gode relasjonar og samarbeid, går tilfriskinga raskare. Folk er meir nøgde med det tilbodet dei får.  

Dei som er minst i stand til å ta vare på seg sjølve, treng hjelp og eit visst tilsyn, sjølv om det kanskje ikkje alltid er lett å få til eit samarbeid mellom hjelpeapparatet og den det gjeld. Mange har opparbeidd ein motstand og skepsis etter opp- og nedturar i det mangelfulle systemet. Men når dei sjukaste ikkje klarer å seie ifrå, må andre ta ansvar. For det er mange som ser at det sviktar, og dei ser også kvar det sviktar. Då må ein melde ifrå.

Tre modige legar snakka nyleg rett frå levra om ein omfattande ukultur i psykiatrien i eit intervju i Dagbladet. Dei fortel om ein karriere- og lojalitetskultur som skader pasientane; om sjuke og valdelege som blir sende heim av budsjettårsaker; om toppleiarar som ikkje fattar kva som skjer; om ein farleg hald kjeft-kultur.

Etter fleire tragiske hendingar den siste tida har det kome fleire som ope påpeiker manglar og lovbrot innafor psykisk helse. Og det er viktig, for det trengst fleire som seier ifrå og deltek i den politiske debatten. Både brukarar, pårørande og fagfolk har eit ansvar for dette. Seier ein ikkje ifrå, har jo heller ikkje politikarane det grunnlaget dei treng for å gjere vedtaka sine og vurdere kvar ressursane trengst mest.  

Dei tre legane ved Aker bryt med ein stor og tyngjande teiekultur. Dei seier at karrieretenking og lojalitet oppover er blitt så viktig at det går på kostnad av fagtenking og pasientbehandling. Det er viktigare å halde budsjetta enn å kjempe for behova til pasientane.

Mange innanfor psykisk helse seier at dei ikkje ser resultat av opptrappingsplanen. Omkvedet til den førre helseministeren var at «no går det så mykje betre, og vi har aldri løyvd meir til psykisk helse enn no». Kritikk var uønskt. Den nye helseministeren lyttar tydelegvis meir, og tek kritikken på alvor. Han vil neste år løyve ein halv milliard meir enn det som låg i opptrappingsplanen, og har òg proklamert bråstopp i ytterlegare nedlegging av sengeplassar før tilboda utanfor institusjon er meir utbygde. Det viktigaste er å få på plass nye tiltak, slik at stadig færre treng desse sengeplassane. Særleg hastar det med gode og tilrettelagde butilbod. Signalet frå Ansgar Gabrielsen gjev ei von om betre tider. Nokre kommunar har fått gjort mykje, medan andre så vidt er i gang. I dag er det geografien som avgjer kva hjelp du får. Det er ikkje til å leve med.
Bente Riise  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |