Dag og Tid nr. 41, laurdag 9. oktober 2004:

Klok på bok:
Ja, du skal reise
Eitt dusin rette svar!
Tolv sabla kloke visste at løysinga på Klok på bok nummer 680 var Leonard Cohens Skjønne tapere – eller Beautiful Losers frå 1966.
Her i smalefloren takkar og bukkar eg for både kløkt og klokskap. Eg trudde slett ikkje at alle visste at den kanadiske visesongaren har skrive både lyrikk og romanar, men det visste alle. Men det er ikkje utan grunn at Skjønne tapere vert rekna som Cohens viktigaste skjønnlitterære bok, samstundes som ho vert rekna som ein av dei mest eksperimentelle romanane frå 60-talet.
– Boka er på mange måtar eit omsynslaust og dristig eksperiment – ein diktars analyse av kjærleik og venskap og seksualitet, av venleik og sanning, av røyndom og draum, heiter det på baksideteksten på den nyaste utgåva.
Handlinga i boka krinsar kring tre personar som er knytte saman gjennom seksuell lidenskap og deira felles fascinasjon for Catherine Tekakwitha, ein indianarhelgen frå det 17. hundreåret.
Elles så må eg berre seia meg lei for at denne oppgåva vart gjeven for tre år sidan. Utruleg nok er det fleire av dei kloke som hugsar det. Truls Johannessen i Fredrikstad, skeisebibliotekarane i LASK, Henrik Wroldsen og Olav Molven er blant klisterhjernane.
– Dette hadde eg lese før, men det tok si tid å få det fram, både for hjelparane mine og meg, skriv Molven og viser til Klok på bok nummer 536 – for tre år sidan.
– Sist fann eg ikkje fram. No gjekk det bra etter kvass konsentrasjon, pluss datastøtte frå superhjelparane i biblioteket, skriv Molven.
Kor i all verda er det mogleg å hugsa oppgåva frå ein oktoberdag for tre år sidan?
Det lurer eg på.
Olav Molven får prisen etter å ha vist halve verda at det er fullt mogleg å verta eit klokare menneske på tre år – berre ein strevar litt.
Gunder Runde kjenner sjølvsagt til Catherine Tekakwitha i Skjønne tapere, og han veit at ho var ei spennande kvinne som vart kanonisert i 1980 – 300 år etter at ho levde.
Dessutan har det kome rett svar frå Lars Moa i Stjørdal, Jan Olav Gatland i Bergen, Anne M. Thorsen i Brisbane, Halldis Bjørkum på Rubbestadneset, Gunnar Bæra på Løten og Tor Henriksen i Tana.    
Og for den som ikkje veit det – Leonard Cohen fylte faktisk 70 år den 21. september. Snart kjem han med ny plate, og det ser heile den melankolske saueflokken fram til.

Klok på bok 682:

Du kjenner at du eigentleg skulle ha gjort noko anna. Det er sommar og du er ung, og du veit at du ikkje kjem til å ha så mange somrar av dette slaget. Ungdommens somrar tar slutt og blir avløyste av noko heilt anna, haustens vindar skal blåse gjennom deg, du har lese om dette, du veit at det er slik, men du vil ikkje tenkje på det. Du skal jobbe, du treng pengane. Heilt kva du treng pengane til, veit du kanskje ikkje. Men det kan ha med reising å gjere. Ja, du skal reise.

Denne våren og sommaren har forfattaren gledd fleire enn han har gjort nokon gong tidlegare.
Eg seier med Leonard Cohen: «Det er eigentleg ein song alt saman.» Og det får vera nok!
Send svaret til klok@dagogtid.no, Postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
Lukke til!
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |