Dag og Tid nr. 41, laurdag 9. oktober 2004:
Bokmelding:
Luksusproblem
Innpåleikingane går mot pensum på litt. vit. i Bergen, i ei debutsamling som verken krengjer av for mykje teori eller for mykje kjønnsleg griseri.
NOVELLER
Gunhild Øyehaug:
Knutar
Cappelen 2004
Knutar er ei lett og humoristisk novellesamling, utan at novellene dermed er sorgmuntre eller gjennomtrekte av ironi. Humoren gjer likevel sitt til at eg ikkje tar personane og problema deira heilt på alvor. Dette er ei ung bok for unge folk, ikkje minst på den måten at det handlar om ungdommar i ganske nye og heilt nye parforhold med dei knutane som følgjer med det. Heldigvis er det ikkje popsong i denne boka, og filmane (eller var det berre ein) som blir omtalte, er av det klassiske slaget. Innpåleikingane (allusjonane) går elles i finlitterær retning, mot skjønnlitteratur og teoretikarar som er pensum på litteraturvitskaps-studiet i Bergen.
Nokre av novellene legg meir vinn på å vere realistiske enn andre, mens dei andre på si side er prega av overdrivingar og fantasiar som vi gjerne kan kalle absurde eller surrealistiske. Historia om han som er knytt til mor si med ein navlestreng, er eit døme på det absurd surrealistiske. På ein grotesk måte tematiserer novella morsbinding. Viss ho da ikkje berre er artig og ironiserer over morsbinding, slikt er ikkje alltid godt å seie. Novella om hjorten i skogen er eit kort lykketreff av ei novelle som går rett til kjernen av den knuten som postmoderne hjortar gjerne går omkring i skogen og kjenner på, nemleg at dei ikkje blir sedde (fordi dei ikkje er på TV?) og at dei gjerne skulle ha vore ein annan, med
større sjanse til å bli sedd. Hjorten vil gjere seg open for blikk og for skot, og dermed er han like fortvila, må vi gå ut frå, som resten av hjortefellane hans, som også gjerne går ut av sitt gode skinn for å kome i sentrum eller berre bli ein annan. Så kritisk er altså samtida, eller så postkritisk og -katastrofisk.
Øyehaug skriv med innsmett av sjølvkommentarar som dultar borti og uroar fiksjonskarakteren til novellene, og nokre av novellene har fotnotar som fortel ei parallellhistorie, eller gir utfyllande kommentarar. Fotnotane er ikkje mange, men dei er mange nok til at ein legg merke til dei og spør seg om det er nødvendig å laste novellene sine med slike påfugl-grep som ikkje har andre føremål, viser det seg, enn å vise seg fram som uavhengig og fri i høve til gjengse skrivemåtar, og når alt kjem til alt er ikkje dette anna enn standardgrep som berre er jålete og forsterkar litt.vit-eimen frå ei bok som er smart nok frå før. Vanleg litteratur av skjønnlitterær og sakprosaisk art er som regel best når tekstane går i eitt utan avbrot av fotnotar og parentesar (kanskje med unntak for Tor Åge Bringsværd). Dermed er det ikkje sagt at tekstar ikkje er gode viss dei avbryt seg
sjølve med tankesprang og utanompreik, sjølvrefleksjon og tvil, men Gunhild Øyehaug verkar ikkje å tvile på seg sjølv eller novellene sine. Tvert imot er dei stinne av sjølvtillit og seier akkurat det som skal til for å risse opp eit novellistisk persongalleri, skape ein forknytt situasjon og avslutte det heile før noko av det kjem til endring, konklusjon eller avrunding, slik at slutten kan stå der som ei alminneleg litterær avslutning og vere open. Sant nok er det også nokre noveller her som vender brått og byr på overraskande og nokså slutta avslutningar.
Gunhild Øyehaug skriv «pikk», og eg liker hennar mest direkte novelle om pikken, som handlar om diverse kvinner og menn som får og gir pikk på ulikt vis. Utopien eller draumen novella kjem fram til, er søt og mildt ertande mot dei som trur på dei faste pilarane, som nå er falne, som novella konkluderer. Øyehaug nemner forresten pikken eit par gonger, men ikkje fitta, kjønnet, spalta eller kva det nå heiter. Skal tru om «fitta» er grovt, eller om Øyehaug berre prøver å vise at kvinna er eit tomrom, eit hol og eit ingenting som det mannlege blir borte i? Denne skrivinga er ikkje dristig, ho bryt ikkje tabu og går ikkje over grenser, men stadfestar at skjønnlitteraturen ikkje står noko tilbake for det direkte og ublyge ein kan oppvise på andre arenaer i dag. Og det er kanskje dette som er mangelen med denne samlinga, at ho ikkje er meir på tvers og på kant og i splid og i
kamp med tankar, haldningar og ideal vi møter overalt alle andre stader?
Øyehaug kunne kanskje ha kalla samlinga si for «Luksusproblem» i staden for Knutar, det er noko skuggeaktig over folka i denne boka. Dei er på ein måte til stades utan å vere det, og stadig vekk spør dei seg om dei skal ta dette og hitt symbolsk, og det verkar som om dei tenkjer at symbolikken fangar viss dei først gir seg over til han. Det er nesten som om desse folka heile tida berre er på jakt etter ei historie å gå opp i, ei forteljing å bli borte i eller ein samanheng å bli ein del av? Det er noko leikande og erlend loesk over denne boka, men det er kanskje berre dette forfattaren har sett seg føre å skildre: ei ung, tom, fattigsleg og åndlaus samtid? Men her er venskap også. Modne folk eller godt vaksne menneske møter vi forresten også i minst éi novelle, viss eg nå ovanfor skulle ha overdrive om det ungdommelege. Det skortar ikkje på moral og verdiar heller i
denne boka, død og alvor finst, ikkje berre luksusproblem.
Atle Christiansen
|