Dag og Tid nr. 40, laurdag 2. oktober 2004:


Roald Helgheim:
Var ikkje Hitler eit menneske?

For to år sidan var eg på Göteborgs Stads-teater og såg eit stykke om Albert Speer, den tyske arkitekten og rustningsministeren som var ein av dei som stod Adolf Hitler nærast. Stykket var basert på Speer-biografien til den austerriksk-fødde britiske historikaren Gitta Sereny, og det fire timar lange dramaet var med sine 59 framsyningar ein av dei største publikumssuksessane ved teateret. Stykket vart omarbeidd til ein kortare fjernsynsversjon, som vart vist på nyåret i år. Forfattaren Gitta Sereny, som møtte Speer og familien hans mange gonger, pressa han hardt på kva han visste om jødeutryddinga, noko han til det siste nekta kjennskap til. Det var det som berga han frå dødsdom i Nürnberg, at han som personleg kanskje stod Hitler nærast. Ministeren, som hadde ansvaret for at millionar av krigsfangar var slavar i tysk industri, som i 1942 vart eineherskar over transportsystemet som sytte for den mest effektive fraktinga av offera til dødsleirane, som ein gong følgde ei av dei berykta Einzatsgruppen på austfronten, påstod at han ikkje visste om utryddinga. Sereny pressa han til det siste, og fekk ei halvvegs tilståing til slutt. Etter at han vart sett fri i 1966, skreiv han mange bøker, som også kom på norsk, og framstod som det angrande symbolet for mennesket i Det tredje rike.

I krinsen rundt Hitler var han den einaste ein kan kalle intellektuell. Om han visste eller berre hadde ei kjensle av at noko frykteleg heldt på å hende med jødane, som var den halve tilståinga han kom med til slutt, blir det ikkje lettare å forstå kva menneskeætta er i stand til. Det er eit traume som den tyske nasjonen har stridd med sidan Hitlers fall, og få har skildra det betre enn Sereny, som utanom Speer også intervjua og skreiv bok om Treblinka-kommandanten Frantz Stangel. I boka Tyskt trauma skildrar ho møtet sitt med stadig nye generasjonar, i eit Tyskland ho hadde sine første arbeidsår i då ho etter krigen var i FN-teneste for å spore opp barn som Det tredje riket hadde røva frå offera sine.

Biografien om Speer er ein klassikar. Men ein annan stor Speer-biografi er forfatta av Joachim Fest, den tidlegare redaktøren av Frankfurter Allgemeine Zeitung, som på 70-talet også skreiv ein biografi om Hitler. I 2002 kom boka Der Untergang, om dei siste dagane då Hitler frå førarbunkeren i Berlin forstod at slaget var tapt. Likevel skreik han ut sine ordrar mens byen rasa saman over hovudet på han, før han og Eva Braun tømde giftstaupa sine. I haust kom boka på norsk (I Hitlers bunker), og ho er utgangspunktet for den både omstridde og lovprisa filmen med same namn, som held på å setje publikumsrekord i Tyskland. Den andre hovudkjelda er Traudl Junge, den siste og nyleg avdøde privatsekretæren til Hitler, som også gjorde sterkt inntrykk i ein dokumentarfilm om henne.

Det er den tyske tabuiseringa av ein del av si eiga fortid vi augnar ein ende på, ein prosess forfattaren Günther Grass også medverka til med romanen Im Krebsgang. Filmen med Uno Ganz i hovudrolla har vi enno ikkje sett her i landet, men etter kommentarane så langt, ikkje minst den rosande omtalen frå Joachim Fest og den kjende Hitler-biografen Ian Kershaw, tener også han til dette formålet. Media fortel at han har gjort eit sterkt inntrykk på folk, som har gått mann og kvinne av huse for å sjå. Dei mest kritiske røystene til filmen kjem utanfrå. Både franske og britiske aviser har etter det NRK melder skrive at «det er skremmende at monsteret Hitler fortsatt fenger så mange tyskere», og dei åtvarar mot det dei kallar for «filmens forsøk på å vise menneskelige sider» hos diktatoren. Den franske avisa Liberation er redd ein «Hitlermani», The Times skriv at filmen har fått ei merksemd han ikkje fortener.

Men den danske avisa Politiken siterer det jødiske vekebladet Jüdische Allgemeine, som skriv at Hitler, Goebbels og andre «fremstilles som de ondartede, ynkelige figurer, de også var i virkeligheden. Ingen tilskuer kommer ud fra filmen som nazist, hvis han ikke allerede er gået derind som nazist».

Var eg av tysk etterkrigsgenerasjon, ville eg sporenstreks valfarta til næraste kino for å sjå filmen. Å kritisere tyskarar for at dei viser interesse for og søkjer kunnskap og innsikt om noko som framleis rir nasjonen som ei mare, kva er det? Dei må sjølve kome til sin kjennedom om dette, i staden for å bli påprakka alle dei skriftemåla utanfrå som nok kan ta seg «sympatisk» ut, men som ikkje går til botnar i traumet. Etter boka til Faust framstår mennesket Hitler i sine siste 12 dagar som ein person som er like menneskeleg som han er ynkeleg. Å vere menneskeleg er ikkje synonymt med å vere «sympatisk». Som Politiken skriv etter å ha sett filmen: «Det uhyggelige er jo, at Hitler var et menneske, ikke et monster». Det var noko liknande Hanna Arendt fekk sanne då ho som reporter skildra rettssaka mot Adolf Eichmann, og skreiv boka Eichmann i Jerusalem. Han var ein grå teknokrat som visseleg sette i verk monstergjerningar administrativt. Han var ikkje berre ein passiv, men viljug og pågåande embetsmann. Han visste kva han gjorde, og han ville det, slik mennesket under visse omstende alltid har vilja det, og gjer det den dag i dag. Skjønar vi ikkje det, stikk vi hovudet i sanden, og nye «monster» i menneskeham vil terrorisere verda.

Det siste tyske traumet er Mein Kampf, som no også Günter Grass meiner at landet bør oppheve forbodet mot. Resten av verda har gjort det, og alle som vil, kan skaffe seg boka. Ein dag kjem Tyskland til å gjere det, men tyskarane må gjere det sjølve.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |