Dag og Tid nr. 40, laurdag 2. oktober 2004:


Kommentar
Ein rørande tale

Dei fleste har denne gjenstanden, og ikkje sidan lommeuret og litt seinare armbandsuret si glanstid, har vi fått ein ting som er i vedvarande bruk i alle hender. Mobiltelefonen er tingen som uttrykkjer talande rørsle og eit liv i nettverk, og som gjer det mogleg å vera på reise i tilværet heile tida. Vi ser han overalt, og særskilt unge menneske grip til han med ein gong dei kjem ut av eit auditorium, eller ei filmframsyning. Dei gjer nokre små fingerrørsler og koplar seg til omverda med ei melding om retten til eksistens, gjerne i rask gange utan å sjå seg rundt. Det er denne detaljen som viser til den totale meininga i heilskapen av liva våre.

Den tyske sosiologen Georg Simmel meinte at storbylivet rundt førre hundreårsskiftet framfor alt var prega av tempoauke i det sosiale livet. Menneska måtte halda seg flytande i ein stri straum av inntrykk og hastige møte med andre menneske. I dette hurtige livet var det viktig å vera punktleg og koma presis til avtalt møte. Det var heller ikkje mogleg å vurdera kvaliteten ved alle ting, og difor må alt få ein pris, slik at dei ulike tinga kunne få ein felles målestokk. Menneska måtte læra seg å rekna med alt, både i tid og pengar, og difor vart lommeuret og lommeboka styrereiskapar i storbyvrimmelen.

Høgt tempo i det sosiale samkvemmet er no blitt allment, samstundes som vennskapen og alle andre band og tilhøve mellom menneska har blitt ei vare og fått ein pris. Omgrepet vennskapens pris har fått ei ny meining. Samtale, vennskap, kontaktar mellom menneska og kommunikasjon har blitt ei vare, som mellom anna Telenor og Nokia tener enormt med pengar på. Unge menneske i dagens samfunn brukar tusenvis av kroner på korte meldingar (SMS) og samtalar med venner og familie.

Men pris på vennskap og kommunikasjon har også ført til at vennskapen kan henda er meir verdsett enn nokon gong før. Det som er gratis, er også vilkårleg, grunnlaust og teke for gjeve, men det som vert gjeve ein pris, får også ein ny grunn og ofte ein høg kulturell verdi. Dette er det tvitydige ved pengane: Dei omformar det reint menneskelege til varer, samstundes som prisgjevinga også gjev nye fargar til gamle overflater. Det er ikkje alltid så klare grenser mellom pris og verdigheit, som Kant meinte det var.

Ein må forstå dette utifrå at dagens kapitalisme i første rekkje produserer symbol, livsstilar, identitetar, tilhøve mellom menneska og kommunikasjonsformer. Også dei vanlege produkta har eit sterkt innslag av merkevare og symbolsk verdi. Ei av dei verkeleg lønsame varene i moderne tid har vore mobiltelefonen og SMS. I seg sjølv var mobiltelefonen ingen kommersiell suksess, men saman med at tilhøve mellom menneska vart omforma og sette pris på, kunne denne dingsen føra telefonselskapa til aksjehimmelen.

Det finske selskapet Nokia var dei første til å finna opp SMS, til å senda korte meldingar. Men det var forbrukarane som fann opp den bruken det har fått i dag, som ein ny infrastruktur i vennskapen, familielivet, kjærleikslivet og næringslivet. Det var for så vidt ikkje så ulikt det som skjedde når Bell fann opp telefonen i 1876. Dei som marknadsførte telefonen, tenkte på at bruken var retta inn mot enten korte meldingar, eller overføringar av konsertar. Ikkje noko meir og ikkje noko mindre. Dei hadde ikkje idé om at telefonen kunne brukast til selskaplege samtalar. Det var ikkje før i 1920 at telefonen vart marknadsført til denne bruken, lenge etter at folk hadde samtala om laust og fast.

Mobiltelefonen har oppheva armbandsuret, i Hegel sin forstand. Den gamle klokka er inkludert, samstundes som mobiltelefonen opnar opp eit nytt sosialt landskap med plasslaus kommunikasjon. Armbandsuret var viktig for at folk kunne møtast i eit lokale til avtalt tid, for å innfri eit løfte, eller møta presis på arbeidsplassen. Armbandsuret var kontoret, fabrikken og skulen sitt avgjerande instrument. Det vart brukt til å koordinera og disiplinera menneska innanfor eit lokale.

I eit nettverkssamfunn held menneska ein plassuavhengig kontakt med kvarandre heile tida, og det har mellom anna blitt diffuse grenser mellom kontortid og fritid, slik at leiarane i næringslivet på ein måte alltid er på jobb, eller at det dei likar best å gjera på fritida er å jobba for verksemda som lønner dei. På ein måte strevar dei for sin trældom som om det var frigjering. Eller ein ny liveigenskap.

Eit nettverkssamfunn med nye kommunikasjonsvegar har også fremja eit nytt behov for å møtast andlet til andlet. SMS og PC-skjermen er naudsynte middel til å kommunisera i nettverk av venner, og for så vidt i alle andre nettverk i næringslivet, vitskapen og politikken, men i lengda vert det grått og trist, og difor må medlemmene av nettverka møtast til selskapleg hygge. Det er ikkje tunge, varige fellesskap, skulder mot skulder, men ein leikande, selskapleg omgang, gjerne med rus, i intime rom som er dei sosiale knutepunkta for nettverkssamfunnet. Mobiltelefonen er eigna til den vedvarande kommunikasjonen i nettverka og den innebygde klokka er ein reiskap for å avtala desse selskaplege møta, som blæs nytt liv i eit elles avhumanisert liv i eit nettverk. Både i næringslivet, i kulturen, vennskapen og familielivet er det ei slik stadig skifting mellom kontinuerleg kommunikasjon med mobiltelefonen og intense andlet til andlet-møte.

Familien er mykje meir mangfaldig i dag enn tidlegare, og vi har på mange måtar fått ein nettverksfamilie. Mange barn er medlemmer av fleire familiar frå ulike stader, og lokaliseringa av familieaktivitetar er vorten meir diffus. Dei ulike familiemedlemmene lever relativt sjølvstendige liv og kommuniserer ved hjelp av mobiltelefonen, og møtest berre innimellom for å lada opp ein familiefellesskap. Familien er ikkje like sterkt knytt til eit hus og herredømmet, eller kvinnedømmet er ikkje lenger så einerådande i oppsedinga av barna. Foreldra gir heller barna ein mobiltelefon, og dette gir rom for både sjølvstendige liv for barna, samstundes som foreldra har høve til vedvarande kontroll og overvaking.
Atle Møen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |