Dag og Tid nr. 40, laurdag 2. oktober 2004:
Klok på bok 681:
Himmelen
tenner sin brann
Kanskje var oppgåva for vanskeleg?
Berre fire greidde Klok på bok 679, men eg gler meg stort over dei svara som kom.
Thor Henriksen frå Kampen i Oslo svarte Mikael Niemi. Det er rett, og han får premien denne veka.
«Sitatet er innledningen til prologen i ei ungdomsbok som på norsk heter Djevelen i kirken, oversatt av Tor Edvin Dahl. Dypest sett handler den kanskje om problemene forbundet med å gi en ung mann erfaringens stafettpinne, eller med andre ord å gjøre ham moden nok til å påta seg ansvar for fortidas ulykker og samtidig holde fast ved det gode, skriv han.
Rett svar har også Norli-tausene, Brita Lundeland i Aurland og Gunnar Bæra på Løten.
Sistnemnde veit til og med at boka kom ut i Sverige i 1994 og vart sett om til norsk i 1996. Han har også fått med seg at filmatiseringa av Niemis suksessroman Populærmusikk fra Vittula kjem på norske kinoar 8. oktober.
Imponerande!
Det meste vart sagt om Mikael Niemi i det siste nummeret av Dag og Tid, og difor skal ikkje eg òg masa meir om den artige skruen frå Pajala.
I staden kan eg fortelja om stor haustfest i smalefloren når heile den store saueflokken vender heim frå fjellet denne veka. Etter ein lang sommar ute i det fri, skal me klippa oss nakne, drikka oss fulle på absint, gå i operaen og plystra høglydt.
Me skal starta ein verdsomspennande aksjon mot fårepølse, fårikål, pinnekjøt og smalehovud. Me skal eta høy og appellera til statsleiarar over heile verda og be om at den utbreidde terroren som råkar alle med ull på kroppen om hausten, må ta slutt.
I India har dei nådd eitt hakk høgare på sivilasjonsstigen. Der får dei heilage kyrne gå i fred. Statsministeren, som har gjort kampen mot mobbing til ei stridssak, bør snarast gå i brodden for å heva heile den norske sauestammen til indisk nivå.
Ja, han kan like godt gjera det til tema i nyårstalen.
Viss ikkje, kan det godt henda at me søkjer kontakt over landegrensene, og då kan det henda at me lammar heile det politiske sauehaldet i år framover.
I mangel på løysingar prøver eg med ein ny oppgåve på svensk:
Klok på bok 681:
När det kvällas och markerna skymmer
och himmelen tänder sin brand,
då släpper alla lagar
som binder samman
den världen vi skapat.
Då lyfter ett undersamt land
sin blåsvarta daggsvettiga jord
som flöte opp en sjunken värld.
Det er laga film som er basert på ei bok av forfattaren. Entusiastar meiner at bøkene hans fortener langt meir blest enn dei har fått. For nokre månader sidan var det snakk om at det skulle skrivast ein biografi om han, men no verkar det som om prosjektet er lagt på is.
Send svaret til klok@dagogtid.no, eller til Dag og Tid, postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22414210.
Lukke til!
Barrabas, Sauherad |