Dag og Tid nr. 40, laurdag 2. oktober 2004:


Bergen:
Eit herremåltid med bismak
BERGEN: Ein herremiddag, kvite silkeskjerf, ein kvinneleg redaktør i Bergens Tidende og eit mannsdominert næringsliv har vore ingrediensane i årets hauststorm i Bergen. Dag og Tid drog til Bergen for å finne ut om dei gjer noko anna enn å spele kjegler i kjegleklubbar.
Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no

Nokon seier at dei kvite silkeskjerfa var mest provoserande. Andre hevdar at unge menn burde vite betre. Herremiddagen for 180 menn i næringslivet har sett sinna i kok i Bergen. Men festgeneral og finansrådgjevar Thorstein Selvik hadde dei beste intensjonane då han inviterte 180 kompisar til Rekstensamlingene tidleg i september. For fjerde år på rad. Dette skulle vere eit fint høve til å treffast, prata, kanskje til og med byggje nettverk. Ja, for fleire av vennene til Selvik har gjort det svært godt i det bergenske næringslivet. Utan kvinner til stades slapp ein å tenkje på bordplassering og dansing. Og dei kvite silkeskjerfa, sponsa av millionærkompisen Idar Vollvik i Chess, skulle vere ein morosam gest som kunne gi dei dresskledde mennene litt karnevalspreg, tenkte Selvik. Det var verkeleg ingenting som kunne gå gale denne gongen.

Men i Bergen kan ein ikkje vere trygg.

Ein journalist var til stades, ein fotograf tok bilete. Ein artikkel blei skriven, ein politisk redaktør spissa pennen. Bergens Tidende trykte kommentaren «Herremiddag fra fortiden». Pang – sa det, og telefonen i BT-redaksjonen var ikkje til å stoppe. Nokre sa opp avis-abonnementet, andre bytta telefonoperatør etter å ha lese om Chess-sponsa silkeskjerf. Folk som tidlegare ikkje har skrive lesarbrev, kasta seg utpå og sa dei var flaue av å vere bergensar. På nokre få septemberveker har endå fleire bergensarar blitt uvener.

Den gode Hensigt

Kjegleklubben, Losjen: – Vi har omtrent 450 medlemer, men kvar veke døyr nokre frå.

Forretningsføraren i selskapet Den gode Hensigt seier det utan å trekkje ei mine. Døden er noko ein må venne seg til når ein er med i ein kjegleklubb, tenkjer eg medan vi går over dei teppelagde golva. Vi er på veg mot hovudattraksjonen, kjeglebana, i kjellaren. 25 kjegleklubbar held til i desse lokala. Kvifor eg slapp inn her, er ikkje godt å seie sidan eg verken er mann eller medlem, tenkjer eg idet vi passerer døra der det står «Kun for medlemmer».

Sjølv har forretningsføraren vore medlem av kjegleklubben Laboremus (vi arbeider) i 15 år. Ein lege la inn eit godt ord for han. Neste år feirar dei 15 medlemene i klubben 100-års jubileum.

– Den lista er frå siste kongeaftan. Vi gjorde det ikkje så bra den gongen, eg var ikkje nøgd med resultatet, seier forretningsføraren medan eg peikar på Laboremus midt på lista. 2078 poeng fekk klubben i turneringa.

– Men ein gong blei eg konge, det var eg godt nøgd med.

Kongen er den beste kjeglespelaren.

Vi går ned den flotte marmortrappa. Vel nede i kjellaren står ein einsleg telefon i gangen. «Når telefonen ringer, ikke ta den», seier ein liten lapp. Det er viktig å ha klare reglar i kjegleklubben. Derimot står det ingenting i reglane om at kvinner ikkje kan bli medlemer, men i likskap med menn, må dei bli føreslegne. På dei 200 åra Den gode hensigt har eksistert, har ingen kome på å gjera framlegg om ei kvinne som medlem, ifølgje boka «Herman Friele – brunt gull, blå vind» av BT-journalistane Kari Pedersen og Marianne Røiseland. Ordførar Herman Friele (eller borgarmeistaren, som han likar å kalle seg) er medlem av kjegleklubben Susan.

«Det er ikke det at vi er mot likestilling, men er det nå så ille om vi menn beholder denne klubben for oss selv? I alle andre sammenhenger er vi jo sammen med kvinner», sukkar ein advokat i boka.

Guteklubben grei

Lukka, tradisjonelt, lite innovativt, kvinnediskriminerande, sjølvtilfreds, guteklubben grei – etter herremiddagen har dei negative karakteristikkane av næringslivet i Bergen hagla. Jostein Gripsrud, professor i medievitskap ved Universitet i Bergen, tok fram tungt skyts i ein kronikk i BT etter herremiddagen og skreiv at «den økonomiske eliten i Bergen er ekstremt mannsdominert, og organiserer seg i kjegleklubber og herreforeninger. Det er en av de viktigste forklaringene på manglende kreativitet og produktivitet i Bergen».

Då eg sjølv var student i byen på slutten av 90-talet, var «hjerneflukt» det store debatt-temaet. Den gong blei det på skjemt sagt at ein minst måtte ha eit tyskklingande etternamn med bindestrek, eksempelvis Rieber-Mohn, for å få seg jobb i dei bergenske bedriftene. Mykje tyder på at hjerneflukta frå Bergen ikkje har stoppa opp.

I ei undersøking frå 2003 kom det fram at berre 25 prosent av dei som tek jus-utdanning ved Universitetet i Bergen jobbar i Hordaland halvtanna år etter ferdig utdanning. Av alle studentar, blir 40 prosent igjen i byen etter siste eksamen. Kvart år blir 2500 uteksaminerte frå universitetet og høgskular i Bergen. For eitt år sidan melde NRK at «det er vanskelegere enn noensinne for nyutdannede akademikere å få seg jobb i Bergen», og viste til ei undersøking frå Karrieresenteret i byen. Undersøkinga viste at tre av fem som er ferdig utdanna i Bergen meiner det finst få interessante jobbar for dei i regionen.

Administrerande direktør i Bergens Næringsråd, Helge Dyrnes, har derimot eit anna syn på saka.

– Bergen er ein by med sterke tradisjonar. Vi skal ta vare på desse tradisjonane, samtidig som vi er medvitne om modernisering og mangfald i leiing. Alle slag kompetanse skal takast i bruk, utan omsyn til kjønn, alder og etnisitet, seier Dyrnes, som likevel etterlyser meir nyskaping i byen.

Han fortel at eitt av tiltaka som er sett i gang for at næringslivet skal ta i bruk akademikarane byen fostrar, er at Aetat betalar 50 prosent av løna dersom ei bedrift tilset ein akademikar. På den måten skal bedriftene bli stimulerte til å tilsetje folk med annleis bakgrunn, fortel Dyrnes entusiastisk. Sjølv er Dyrnes medlem av frimurarlosjen og trøstar oss med at det er ingen grunn til å lage eit trusselbilete av dei mange lukka fora i Bergen.

– Det er ganske enkelt og greitt, vi har det sosialt og pratar saman. Eg vurderer ikkje herremiddagen som ein viktig arena for dei store vedtaka, men éin blant mange kontaktarenaer, seier Dyrnes med eit smil i telefonen.

Paradis

Kvifor er Bergen så lukka, tenkjer eg medan eg klarer å huke tak i ei drosje i Bergen sentrum. Ironisk nok skal eg til Paradis for å treffe Thorstein Selvik, arrangøren av herremiddagen.

– Paradis – ja det skal vi vel ordne, seier den lystige taxisjåføren.

– Det hadde tatt seg ut om vi sa: Paradis – nei, dit køyrer vi ikkje, seier sjåføren medan han gliser frå førarsetet.

I Bergen ligg Paradis utanfor byen – ein stad som set vitseproduksjonen i høggir.

– Kva er det med Bergen, kvifor blir folk så opphissa over ein herremiddag, spør eg.

– Det er jo guteklubben grei som briskar seg. Her er mange store familiar som har sine greier, og dei ekskluderer alle andre, seier sjåføren som vil vere anonym.

– Herremiddagen var eit gufs frå fortida. Eg føler det er litt det same som med buekorps, det er noko som er litt merkeleg. Her er jo mange kjegleklubbar også, der ein blir rekruttert via-via. Der er det heller ikkje damer til stades. Bergen fornektar seg ikkje på godt og vondt, seier sjåføren og smiler igjen.

Han kallar herremiddagen «barnslege mannegreier», men må innrømme at det er litt gøy også, folk blir jo så engasjerte.

Midt i eit vegkryss slepper han meg av, Paradis veikro er ikkje til å ta feil av.

– Kos deg med guteklubben, helsar sjåføren.

Klubb for truckførarar

Kjegleklubben, Logen: Feite kjøpmenn i fargerike jakker sjanglar mellom trehus med ølkrus i hendene. Hadde Jeppe på Bjerget vore kjøpmann, hadde han sikkert sett slik ut. Lystige jenter med utringa toppar klarer knapt å halde puppane på plass. Det er som eg kan kjenne eimen av sure ølrapar og høyre lyden av frekke tilrop. Men i hjartet av kjegleklubben er det stille, det er berre dei dekorerte veggene i lokalet som innbyr til fest og moro. Vi er like under Wesselstuen, eit av dei mest kjende vasshola i Bergen.

– Våre medlemer er truckførarar, kommunalt tilsette, frå alle moglege lag. Jobben er ikkje så viktig, det som betyr nokon er kven ein kjenner. Nokon må gå god for deg, seier forretningsføraren.

Øltønner trekte med blanke skinn fungerer som krakkar, borda er dekte av raudruta dukar. I taket heng to lampar forma som stjerner. Denne dagen er dei ikkje tende, men det skjer ofte. 25 kjegleklubbar held til i desse lokala. På eit tredje bord er reine krittavler stilte opp, her blir resultata frå kjeglespelet notert. For det er jo trass i alt kjeglespel dette dreiar seg om, det er ikkje berre business! I dag er det meir vanleg å kalle kjeglespel bowling, men sidan selskapet Den gode hensigt blei starta for meir enn 200 år sidan, var kjeglespel det aktuelle spelet på den tida.

– Ein gong i året har vi Dronningenes aften, då får kvinner også kome hit.

– Får dei spele?


– Nei

– Kvifor ikkje det, er de redd for at dei skal øydeleggje bana?


– Det er berre ein tradisjon, det er slik det er i britiske klubbar også.

– Har de diskutert å gjere noko med det?


– Nja, vi har snakka om at kvinner kan få vere med.

Meir har ikkje forretningsføraren å seie om den saka.  

Over bordet med krittavler dinglar ei bjølle frå taket. Herrane ringjer i bjølla når dei skal ønskje velkommen eller dersom dei har slått ei særs god kule.

Kong Olav kikar ut frå eit bilete på ein av veggene. Han var æresmedlem og besøkte klubben medan han levde. Kong Harald er også æresmedlem, men har aldri vore her. Veggene i salongen ved sida av kjeglerommet er dekte av medlemsbilete. Berre menn i kvite skjorter og svarte dressar er å sjå. Her gjeld ikkje kvinnekvoteringa og kravet om avgang ved pensjonsalder. Så lenge ein kan gå, kan ein kaste kuler, synest regelen å vere. Men ei kvinne har fått veggplass, utanom dei lettkledde damene på veggmåleriet. Den iranske dronninga Faradiba er fotografert i fint driv idet ho kastar ei kule. Med hatt på hovudet, ein yndig knekk i kneet og ein snerten kjole, pyntar ho opp i lokalet.

– Eg skjøner ikkje kvifor biletet heng her, det tilhøyrer Bellevue-klubben, seier forretningsføraren.

Dronningenes aften eller ikkje, det er knapt plass til verkelege dronningar i kjegleklubben.

Festspelaren

Paradis veikro: – Eg har gjort så utruleg mykje for å nettverke folk i Bergen, unge og gamle, kvinner og menn, i 30 år. Dersom nokon skulle få lov til å ha ein kveld med gutane, så var det eg, tenkte eg. Alle andre berre snakkar. Eg har hatt 13.000 menneske på mine arrangement sidan 1979. Eg føler meg som eit lite festspel i meg sjølv!

Tiraden kjem frå siviløkonomen, finansrådgjevaren og den tidlegare hippien Thorstein Selvik. Det er han som arrangerte den famøse herremiddagen.

Han sit framfor meg på eit raud-ruta bord på Paradis veikro. Ein hamburgareim heng i lufta mellom oss. Selvik ville ikkje treffe meg på kontoret hans, for kollegaene hans er så «drit lei heile saka». Difor sit vi her mellom taxisjåførar, vegarbeidarar og andre faste gjester.

Tradisjonen med herremiddag byrja for fire år sidan. Ein ven av Selvik kom tilbake etter ein tur frå utlandet og Selvik samla 80 kompisar. Så blei det 130, 150 og 180. Dei tre åra før hadde det ikkje vore nokon problem.

– For ingen har skrive om det før?


– Nei. Det pussige er at dersom du ser ut av vindauget frå Bergens Tidendes lokale, så finn ein 10 herreklubbar som har eksistert i hundre år innanfor ein radius av 200 meter. Dei blir ikkje nemnt. Den logikken har eg ikkje heilt skjønt. Kvifor får ein middag som varte i fem timar så stor merksemd, undrast Selvik.

Selvik er energisk. Det formeleg renn historier, anekdotar og metaforar ut av han. Sist haust provoserte han heile musikk-Noreg med lista si over dei 200 beste lp-platene. Musikkjournalistane freste, og hevda at økonomar skulle halde seg til pengane sine. Denne gongen erta Selvik på seg Trine Eilertsen, politisk redaktør i Bergens Tidende, som skreiv at «når bergensere og andre leser om fenomener som herremiddagen, får de bekreftet det de har av fordommer om Bergen. Og de verste av disse fordommene handler om at Bergen er bakoverskuende, selvtilfreds og lite åpen for nye tanker. Med mindre tankene kommer fra menn, selvsagt.»

Hjørdis Losnedahl, som aldri hadde skrive eit lesarbrev før herremiddagen, blei så provosert av å lese at Selvik såg på seg sjølv som «ekstremt liberal, ekstremt moderne og ekstremt opptatt av at kvinner og menn skal ha like rettigheter», at ho greip til tastaturet. Hadde Selvik vore ekstremt moderne, «hadde han ikke igangsatt en reaksjonær og kvinnefiendslig bergensk tradisjon, men funne på noe helt nytt som Bergens næringsliv ikke har sett før», skreiv ho på lesarbrevplass i BT.

Kva seier så Selvik sjølv om heile herremiddag-debatten?

– Eg er veldig lei av debatten fordi eg synest at han aldri skulle ha funne stad. Eg er interessert i ein debatt om kvinner i norsk næringsliv. Det eg synest er dumt er at debatten er ført på ein uklar eller misforstått måte. Eg må ta atterhald om at eg er mann og jobbar i næringslivet, og kjenner dei eg kjenner. Eg er ikkje så erfaren i pressa, og dei som kjenner meg, ser på meg som ein grei og hyggeleg og moderne person, så ein blir litt overraska over at andre ikkje er einig i det.

– Føler du at du blir framstilt som umoderne?


– Ja. Det var det som var utgangspunktet til den politiske redaktøren i BT. Elin Ørjasæter skreiv at dersom ei kvinne er gravid, så ser ho gravide overalt. Det er eit eller anna i den menneskelege psyka som gjer at ein ser det ein vil sjå.

– Så du meiner at BT var ute etter å finne ein syndebukk?


– Nei, eg trur det handlar om bakgrunn og kven ein er i livet. Alle intelligente menneske skjønar jo at det er viktig med likestilling. Ingen intelligente menneske vil vere negative til det. Men i praksis er det ikkje gjennomført, i praksis er det framleis for dårleg representasjon i styre og stell.

– I praksis kunne du ha inkludert kvinner på middagen?


– Eg synest ikkje middagen er viktig i det heile tatt. Symbolverknaden av middagen blir misforstått. Dersom du vil ha jentetur med 30 jenter i Valdres, så vil ikkje eg skulde deg for å vere lesbisk eller mannefiendsleg, seier Selvik og ramsar opp andre eksempel på turar som er uproblematiske, eksempelvis fotballturar til England eller deltaking i Grete Waitz-løpet.

– Kor går grensene, kan ein samle 20, 30, 50? Kor viktig kan folk vere?

– Etter alt oppstyret rundt denne herremiddagen, tenkjer du å arrangere ein ny herremiddag til neste år?


– Det som er avgjerande er kva guts arrangementskomiteen har. Dessutan er det eit etisk spørsmål: Skal vi arrangere ting fordi media likar det eller ikkje? Og har media noko med å gjere kva vi arrangerer, filosoferer Selvik, som lurer på å arrangere ein damemiddag med 180 kvinner no i haust eller til våren.

– Kanskje dei ikkje vil kome. Dei kan ha mørk dress og kvite silkeskjerf dei også, akkurat maken. Silkeskjerfa var jo berre karneval. Det var heilt useriøst, seier verten for herremiddagen.

Kamp mot vindmøller

Damemiddag eller herremiddag, politisk redaktør i Bergens Tidende, Trine Eilertsen, held fram med det ho kallar «kampen mot vindmøllene». Aldri tidlegare har ho fått så massiv respons på noko ho har skrive som kommentaren om herremiddagen. Kvar dag i ei veke blei ho nedringd av folk som støtta hennar syn på det konservative næringslivet i Bergen. Men ein kollega frå BT gjekk bak ryggen hennar og sende ein støttemail til Selvik, og hevda at Eilertsen blei kvotert inn i stillinga som politisk redaktør, ifølgje ein artikkel i BA. Det har no blitt ei personalsak i BT.

– Denne herremiddagen blei av meg og andre oppfatta som eit eksempel på at meir eller mindre mektige herrar i byen samlar seg i lukka fora. Arrangementet er berre fire år gammalt, men det er litt spesielt at ein etablerer endå ein slik arena. Det er ikkje slike arenaer vi saknar i byen. Det er nok av dei, seier Trine Eilertsen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |