Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:
Roald Helgheim:
Den store sjølvproletariseringa
Eg gjorde aldri verneplikta mi. Eg var aldri militærnektar, for ml-rørsla hadde gått bort frå pasifismen. Men eg kom til marinebasen på Madlamoen med ein legeattest som gjorde at eg vart friteken. Det var ikkje noko fiksfakseri, eg prøvde aldri å spele galen eller homofil, men eg var sjeleglad då eg etter ein halv dag kunne spasere ut av leiren mens dei første rekruttane alt hadde fått på seg uniforma. Tanken på meg sjølv i ein slik matrosdress fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på meg. Eg vart litt betenkt då eg ikkje berre vart kjend stridsudyktig, men til og med udyktig til Sivilforsvaret, eller «SF-udyktig» som det stod på ein grå lapp. Men munter til sinns tok eg drosje inn til Stavanger, feira dagen med ein øl eller to, tok kveldsflyet til Oslo, og var attende i ei avis der eg var avskriven for eit års tid.
Det var den første tida i Klassekampen, som då var ei månadsavis laga av ihuga ml-studentar. Det var nokre år før partiet starta ein kampanje for å utplassere kader, på postar i samfunnslivet som var mykje viktigare enn å gå inn i forsvaret. Eit parti som kalla seg Arbeidarane sitt kommunistparti (m-l), kunne ikkje kjempe for arbeidarklassen si sak utan å bli eit parti av arbeidarar. I det gnyet som dei siste åra har vore om ml-rørsla si syndige historie, har sjølvproletariseringa liksom blitt borte. Det var få ting som kunne overgå dette politiske eksperimentet, når ein enten skulle latterleggjere rørsla, eller måle biletet av den samfunnsnedbrytande vondskapen. Som medlem var eg sjølv med i diskusjonar i partilaget om saka, men flasketuten peika aldri min veg. Å jobbe i den livsviktige partiavisa hadde nok sine privileg, om ein kan snakke om det i ein så underbetalt jobb der
arbeidstid var eit ukjent omgrep. Men ein utplassert «arbeidar» var eg uansett fast bestemt på at eg aldri skulle bli. Dessutan var det friviljug.
Dette er ikkje tenkt som materiale til det Kaderprosjektet Jon Rognlien i samarbeid med Klassekampen har starta, i kjølvatnet av «Hagtvet-debatten». Men det er inspirert av ein altfor lite påakta artikkel i siste nummer av tidsskriftet Samtiden av Jon Ivar Elstad. Han er sosiolog og forskar med fortid som sjølvproletarisert ml-student. Det er ein lun artikkel som med sjølvironi likevel stiller spørsmålet: «Hvorfor ble det borgerlige Norge så engstelig over at maoistiske studenter fant vegen til fabrikkhallene?» Det spørsmålet vart nemleg ikkje stilt av tidlegare riksmeklingsmann Preben Munthe, då han i ein kronikk i Aftenposten tidlegare i år etterlyste bidrag frå dei som var med, «mens
de ennå lever». Artikkelen til Elstad er den beste så langt om eit sterkt myteomspunne kapittel. Kjelder er ikkje så lette å finne, mellom anna fordi partiet aldri har offentleggjort medlemstal. Parolen om å byte klasse vart reist i AKP i 1974. I 1978 var det på sitt største med rundt 5000 medlemmer. Dei fleste hadde vore studentar, men minst kvar tredje partimedlem hadde jobb i industri, bygg og anlegg eller transport. Med alle som arbeidde i omsorgsektoren eller på offentlege kontor, hadde halvparten av medlemmene arbeidaryrke. «I et flyktig øyeblikk, så å si, kunne en derfor si at AKP(m-l) var dominert av arbeidere, om vi overser det problematiske å regne en tidligere student som arbeider.»
At augneblinken vart flyktig, er historisk sett like opplagt som at det som hende, var avgjerande. Nett då kampanjen var i gang og partiet opplevde ei glanstid, byrja det å rakne i dei ideologiske saumane. Under den første partikrisa rundt 1980 melde ein tredel seg ut, og ein stor del av dei sjølvproletariserte vende attende til lesesalar eller «borgarlege» jobbar. I 1977 var det minst tusen partimedlemmer i arbeidarklasseyrke, sju år etter berre nokre hundre, skriv Elstad. Sidan har det gått berre ein veg, men likevel er det omfanget som er forbausande, ikkje at folk gjorde det, meiner han.
I litteraturen har den sjølvproletariserte fått sitt tragikomiske portrett gjennom Nina Skåtøy i Dag Solstads roman om gymnaslærar Pedersen. At det var eit idealistisk prosjekt, er det likevel ikkje tvil om, og sjølv om det vart gjort sekteriske overtramp, argumenterer Elstad godt for at det ikkje var arbeidarane som var redde ml-arane (fleire vart dugande tillitsmenn og kvinner i fagrørsla, nokre er det enno utan å vere med i AKP), men det borgarlege samfunnet. «Strevet for å nekte ml-erne jobb dreide seg, når det kom til stykket, om redselen for at ml-ernes faglige linjer og politiske synspunkter skulle få oppslutning blant arbeiderne», skriv Elstad. Det var eit hovudgrunnlag for den store politiske
overvakinga, i dette uskuldige landet som Italia-kjennaren Jon Rognlien i Klassekampen samanliknar med eit europeisk land der klassekonfrontasjonar og politisk forfølging har hatt heilt andre dimensjonar.
Det finst eit bilete frå glanstida, då Oslo Jern og Metall valde ein rein ml-delegasjon til LO-kongressen, og biletet viser kongressens æresgjest Einar Gerhardsen i ivrig diskusjon med transformatorviklar Pål Steigan & Co. Fagforeiningstalentet som fekk meir enn borgarskapet til å gå i fistel, var polstreik-general Håkon Høst. Elles kloke folk meinte at ml-rørsla hadde ein strategi for å øydeleggje institusjonen Vinmonopolet!
Dei siste døma er ikkje henta frå Elstad, som har ein meir prinsipiell analyse. Frå min posisjon var eg vitne til ein del av det ringside, på godt og vondt. Men at det på det beste var eit høgdepunkt i politisk idealisme i vårt land, er eg ikkje i tvil om. Det vil også seie at det ikkje er noko å skamme seg over.
|